Hjem

Informasjonsvitskap, bachelor, 3 år

Ønskjer du å få eit breitt teoretisk og praktisk grunnlag for å forstå informasjonsteknologi?
  • Lengde3 År
  • Ordinær53
  • Primær41,5
  • Plassar90
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Bachelorstudiet i informasjonsvitskap rustar deg til å forstå korleis vi kan nytte informasjons- og kommunikasjonsteknologi på ein god måte. Du får ei særleg fordjuping i informasjonssystem, menneske-maskin interaksjon og kunstig intelligens. Du får eit teoretisk og praktisk grunnlag for å analysere behov og utvikle gode dataløysingar for eit breitt spekter av verksemder.

På informasjonsvitskap studerer vi mellom anna:

  • Korleis kan vi forstå og handtere dei enorme mengdene med data, informasjon og kunnskap som er tilgjengelege?
  • Korleis kan og bør moderne informasjons- og kommunikasjonsteknologi hjelpe oss til å handtere denne informasjonen?

Bachelorprogrammet i informasjonsvitskap gir deg høve til å prøve deg som utviklar, designar eller prosjektleiar, avhengig av interessene dine. Samfunnet har stort behov for folk som har interesse for datamaskin, datasystem og brukarane deira.

Studiet passar for deg som er interessert i programmering og grensesnittet mellom programvare og brukaren, til dømes korleis lage applikasjonar som er enkle å bruke. Det passar òg for deg som ønskjer å dykke ned i det teoretiske grunnlaget for informasjonshandsaming eller avanserte emne som kunstig intelligens.

Studiet passar godt dersom du er analytisk, til dømes dersom du liker logikk-baserte spel, og dersom du i ulike samanhengar liker å følgje eller lage oppskrifter som krev nøyaktigheit og presisjon – til dømes tekniske byggjeoppskrifter, strikkeoppskrifter eller matlagingsoppskrifter.

Meir informasjon under

Bachelor i informasjonsvitskap

Jobb

Det er behov for IKT-kompetanse i alle sektorar, både i Noreg og internasjonalt. Som informasjonsvitar får du eit solid grunnlag for å forstå dataprogram og datasystem. Du får kunnskap om korleis dei passar saman med menneska, organisasjonar og verksemder, ikkje berre slik dei er i dag men òg i framtida.

Du kan til dømes arbeide med:

  • Utvikling
  • Drift
  • Konsulentarbeid i IT-bransjen
  • Undervisning

Samfunnet og næringslivet treng folk som er interesserte i brukarane, ikkje berre i datamaskinen og datasystema. Til dømes er ei forståing for universell utforming essensielt for å kunne lage tilgjengeleg programvare, noko som er eit krav både innanfor det offentlege og i det private næringslivet.

Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i informasjonsvitskap. Du kan òg søke andre masterutdanningar ved UiB, til dømes medie- og interaksjonsdesign (under visse føresetnader).

Meir informasjon under

Oppbygging

Studieprogrammet er eit fulltidsstudium som varer i tre år (seks semester), og startar i august.

Slik er studiet lagt opp:

Semester 1

  • EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum - seminarmodell eller EXPHIL-SVEKS Examen philosophicum - skuleeksamen (10 studiepoeng)
  • INFO100 Innføring i informasjonsvitskap (10 studiepoeng)
  • INFO132 Innføring i programmering (10 studiepoeng)

Semester 2

  • INFO104 Formelle metodar for informasjonsvitskap (10 studiepoeng)
  • INFO110 Informasjonssystem (10 studiepoeng)
  • INFO135 Vidarekommande programmering (10 studiepoeng)

Semester 3

  • INFO125 Datahandtering (10 studiepoeng)
  • INFO162 Innføring i HCI (10 studiepoeng)
  • INFO180 Innføring i kunstig intelligens (10 studiepoeng)

Semester 4

Semester 5

  • Valfrie emne / utveksling (30 studiepoeng)

Semester 6

  • Valfrie emne / utveksling (30 studiepoeng)

Bachelorgraden er på til saman 180 studiepoeng (tre års fulltids studium). Du startar med innføringsemne og ex.phil. (filosofiemne som inngår i alle bachelorprogramma ved UiB) i fyrste semester. Dei to neste semestera tek du obligatoriske emne. I dei tre siste semestera tek du valemne i informasjonsvitskap (totalt eitt semester) og valfrie emne (totalt to semester). Dei valfrie emna kan vere datafag eller andre fag du interesserer deg for.

Sjå oversikt over alle emne

Studiekvardag

Som bachelorstudent på informasjonsvitskap vil du høyre til på Det samfunnsvitskaplege fakultet (SV-fakultetet). Du vil ha tilgang på lesesalplassar på Ulrike Pihls hus og på biblioteket. Mykje av undervisninga vil også gå føre seg i SV-bygget (Lauritz Meltzers hus). Du har òg tilgang på datalabar.

Du finn timeplan og litteraturliste på emnesidene. Undervisning og litteratur er på norsk og engelsk. Det er mellom 14 og 18 timar undervisning i veka, med mellom anna forelesingar og praktiske øvingar. I ei vanleg undervisningsveke bruker du mykje tid på datalab, i tillegg til forelesingar, seminargrupper, gruppearbeid og sjølvstudium.

Les meir om studiekvardagen som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet

Kva lærer du

På bachelorstudiet i informasjonsvitskap lærer du mellom anna å utvikle teoriar, modellar, metodar, teknikkar og verktøy innan IKT.

Du lærer:

  • teoretisk og teknisk kunnskap om grunnlaget og prinsippa for modellering, utforming, implementering og evaluering av informasjonssystem.
  • å bruke moderne metodar, teknikkar, språk og verktøy for modellering, utforming og evaluering av informasjonssystem.
  • å analysere ulike problemstillingar knytt til bruken av informasjonsteknologi med omsyn både til teknologiske løysingar og til den verksemda/organisasjonen som teknologien skal tene.

Full liste med læringsutbyte

Utveksling

Du kan reise på utveksling i løpet av studietida di. UiB har avtaler verda over, men du kan til dømes reise til Australia, Hong Kong, Italia, Kina, Mexico, New Zealand, Spania, Sør-Korea eller USA.

Det er vanleg å reise ut i eitt eller to semester, mellom tredje og sjette semester. Vi tilrår utveksling i femte og/eller sjette semester.

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søk her