Hjem
Utdanning

Studieplan for BAHF-ENG Engelsk, bachelor, 3 år, haust 2022

Namn på grad

Bachelor i engelsk

Fulltid/deltid

Fulltid

Om du vil ta heile eller delar av studiet som eit 50% deltidsstudium, kan du vende deg til studierettleiar.

Undervisningsspråk

Undervisningsspråket på engelskemna er engelsk. For alle andre fagemne, sjå den einskilde emneplanen.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Bachelorprogrammet i engelsk gir studentane øving i akademiske studium av engelsk lingvistikk og engelskspråkleg litteratur. Studentane får inngåande kunnskap om språksystem, -utvikling, -variasjon, -endring og -bruk, og om sentrale tema, periodar og tilnærmingar innan litteratur- og kulturstudium. Gjennom arbeidet med studiedisiplinane lærer studentane å utvikle sine kritiske, analytiske og språklege ferdigheiter ved å studere eit bredt utval av tekstar og sjangrar, og å bruke ei rekkje ulike analytiske tilnærmingar. I arbeidet med skriftlege oppgåver og munnlege presentasjonar vil studentane forbetre sine skriftlege og munnlege ferdigheiter i akademisk engelsk.

Emna på 200-nivå tek sikte på å øve opp ei kritisk og sjølvstendig haldning gjennom større konsentrasjon og fordjuping enn det som er mogleg i den meir oversynsprega innføringa på 100-nivå. Dette skjer mellom anna gjennom studium av utvalde emne i dei tre studiedisiplinane engelsk lingvistikk, engelskspråkleg litteratur og engelskspråkleg kultur. I tillegg til krava om større teoretisk innsikt og betre kunnskapar i faget, blir òg krava til språkferdigheiter større.

Opptak på programmet krev gode forkunnskapar i munnleg og skriftleg engelsk.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Ved avslutta prgoram kan kandidaten

  • bruke analytiske omgrep, teoriar og metodar i vitskaplege studium av språk, litterære tekstar og kulturelle kontekstar
  • skildre sentrale aspekt ved lingvistiske og litterære system med eit presist omgrepsapparat
  • skildre, forklare og analysere spesialiserte tema innan engelsk lingvistikk, t.d. fonetikk og fonologi, morfologi, syntaks, semantikk, pragmatikk, sosiolingvistikk og språkhistorie
  • skildre, forklare og analysere spesialiserte tema innan britisk, amerikansk og verdslitteratur, litterær kritikk og kritisk teori
  • skildre, analysere og tolke ulike litterære tekstar
  • diskutere og utforske historiske og kulturelle kontekstar i tolkinga av tekstar


Ferdigheiter

Ved avslutta program kan studentane

  • bruke vitskaplege omgrep og metodar på ein kritisk måte
  • analysere autentiske språklege data og ulike litterære og ikkje-litterære tekstar.
  • utforske samanhengen mellom språkstruktur og språkbruk.
  • utforske samanhengen mellom litterære tekstar og historiske og kulturelle kontekstar
  • vise ferdigheiter i forsking på sentrale område:
    • vurdere forskingsmateriale frå ulike primær- og sekundærkjelder
    • vurdere ulike kjelder og dra ut essensen i eit datamateriale
    • finne og sitere open tilgang- og andre faglege databasar, inkludert litterære og lingvistiske tidsskrift, ordlister, språkkorpus og andre anerkjente faglege ressursar
    • kritisk finlese ulike tekstar
    • analysere problem, samanlikne og vurdere ulike synspunkt
    • formulere sjølvstendige og velgrunna hypotesar
    • gjennomføre eit sjølvstendig og originalt forskingsarbeid (bacheloroppgåva)
    • reflektere rundt eigne forskingsferdigheiter

Generell kompetanse

Ved avslutta program kan kandidaten

  • tenke og argumentere analytisk, kritisk og sjølvstendig rundt tema innan sine akademiske felt
  • finne, vurdere og bruke informasjon innan sine akademiske felt
  • arbeide sjølvstending, motivere seg sjølv, planleggje eige arbeid, nå mål og halde tidsfristar
  • vise samarbeidsevner ¿ kunne diskutere kritisk og konstruktivt som del av ei gruppe
  • vise ferdigheiter i skriftleg kommunikasjon ¿ kunne skrive klårt og effektivt på engelsk og tilpasse skrivestilen til innhald, kontekst, tema og formål
  • vise ferdigheiter i munnleg kommunikasjon ¿ kunne kommunisere klårt og effektivt på munnleg engelsk, forklare idear til andre og argumentere for eige synspunkt

Kunnskapane, ferdigheitene og kompetansen nemnd over vert oppnådd ved

  • sjølvstendig arbeid
  • førebuing til og aktiv deltaking i forelesingar og seminar
  • skriftlege oppgåver
  • vurdering og tilbakemelding i mindre grupper og samarbeidsprosjekt
  • individuell rettleiing og tilbakemelding på skriftleg arbeid
  • å gi og få tilbakemelding på munnlege presentasjonar
  • å planleggje og gjennomføre eit sjølvstendig og originalt forskingsarbeid

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Studiet i engelsk er teoretisk krevjande og føreset gode kunnskapar i engelsk. Ein vil sterkt rå til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole med gode resultat. For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 eller høgre i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.

Innføringsemne

Det er sterkt tilrådd å ta desse emna første semester:

- EXPHIL Examen philosophicum (10 stp.)

- EXFAC00SK Språkkunnskap (10 stp.)

- ENG100 (10 stp.)

For nokre studentar, til dømes studentar som allereie har tatt eitt eller fleire av desse emna, kan det vere ønskjeleg å byte det ut med eit anna emne. I slike høve er det viktig å ta kontakt med studierettleiar.

Obligatoriske emne

EX.PHIL. Examen philosophicum (10 stp) (H)
EX.FAC. Examen facultatum (10 stp) (H)
ENG100 Introduksjon til engelskstudiet (10 stp) (H)
ENG110 Lydar og strukturar (15 stp) V
ENG125 Britisk litteratur og kultur (15 stp) (V)
ENG107 Engelsk grammatikk II (5 stp) (H) - siste gang H22
ENG118 Utvalt emne i engelsk språkstruktur og/eller bruk (5 stp) (H) - siste gang H22
ENG119 Utvalt emne i engelsk språkvariasjon (5 stp) (H) - siste gang H22
ENG120 System og variasjon - første gang H23
ENG122 Amerikansk litteratur og kultur (15 stp) (H)

Vel éin spesialisering
Spesialisering i lingvistikk alternativ 1 (30 stp) (V)
Spesialisering i lingvistikk alternativ 2 (30 stp) (V)
Spesialisering i litteratur/kultur alternativ 1 (30 stp) (V)
Spesialisering i litteratur/kultur alternativ 2 (30 stp) (V)

Spesialisering

Spesialiseringa i engelsk omfattar sju emne på 100-nivå og tre emne på 200-nivå, der studentane vel to emne i spesialiseringsdisiplinen (lingvistikk eller litteratur/kultur) og eitt emne i den andre disiplinen.

ENG110 Lydar og strukturar (15 stp)
ENG125 Britisk litteratur og kultur (15 stp)
ENG107 Engelsk grammatikk II (5 stp) - siste gang H22
ENG118 Utvalt emne i engelsk språkstruktur og/eller bruk (5 stp) - siste gang H22
ENG119 Utvalt emne i engelsk språkvariasjon (5 stp) - siste gang H22
ENG120 Språk og variasjon (15 stp) - første gang H23
ENG122 Amerikansk litteratur og kultur (15 stp)

Spesialisering i lingvistikk alternativ 1:
ENG221 Engelsk lingvistikk: språkhistorie (10stp)
ENG263 Semesteroppgåve i engelsk lingvistikk: moderne lingvistikk (10 stp)
Vel eitt av emna
ENG222 Engelskspråkleg litteratur og kultur (10 stp)
ENG224 Engelskspråkleg litteratur og kultur (10 stp)

Spesialisering i lingvistikk alternativ 2:
ENG223 Engelsk lingvistikk: moderne lingvistikk (10stp)
ENG261 Semesteroppgåve i engelsk lingvistikk: språkhistorie (10stp)
Vel eitt av emna
ENG222 Engelskspråkleg litteratur og kultur (10 stp)
ENG224 Engelskspråkleg litteratur og kultur (10stp)

Spesialisering i litteratur/kultur alternativ 1:
ENG222 Engelskspråkleg litteratur og kultur (10 stp)
ENG264 Semesteroppgåve i engelskspråkleg litteratur og kultur (10 stp)
Vel eitt av emna
ENG221 Engelsk lingvistikk: språkhistorie (10stp)
ENG223 Engelsk lingvistikk: moderne lingvistikk (10stp)

Spesialisering i litteratur/kultur alternativ 2:
ENG224 Engelskspråkleg litteratur og kultur (10 stp)
ENG262 Semesteroppgåve i engelskspråkleg litteratur og kultur (10 stp)
Vel eitt av emna
ENG221 Engelsk lingvistikk: språkhistorie (10stp)
ENG223 Engelsk lingvistikk: moderne lingvistikk (10stp)

For å oppnå spesialisering i engelsk på bachelornivå, kan førehandsgodkjente heiltidsstudium i utlandet kome i staden for obligatoriske spesialiseringsemne i engelsk.

Tilrådde valemne

I tillegg til ex.phil., ex.fac. ENG100 og spesialiseringa inneheld programmet 60 frie studiepoeng.

I dei frie studiepoenga kan studenten velje emne som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar. Ta gjerne kontakt med studierettleiar om tilrådde valemne.

Rekkefølgje for emne i studiet

Døme på rekkjefølgje for emne i studiet:

1. semester (H):

Ex.phil., ex.fac. og ENG100 (30 stp)

2. semester (V):

ENG110 Lydar og strukturar (15 stp) V

ENG125 Britisk litteratur og kultur (15 stp)

3. semester (H): 
(siste gang hausten 2022)

ENG107 Engelsk grammatikk II (5 stp) 

ENG118 Utvalt emne i engelsk språkstruktur og/eller bruk (5 stp) 

ENG119 Utvalt emne i engelsk språkvariasjon (5 stp) 

ENG122 Amerikansk litteratur og kultur (15 stp)
 

3. semester (H): 
(første gang hausten 2023)

ENG120 System og variasjon (15 stp)

ENG122 Amerikansk litteratur og kultur (15 stp)

4. semester (V):
Spesialisering i lingvistikk alternativ 1:
ENG221 Engelsk lingvistikk: språkhistorie (10stp)
ENG263 Semesteroppgåve i engelsk lingvistikk: moderne lingvistikk (10 stp)
Vel eitt av emna
ENG222 Engelskspråkleg litteratur og kultur (10 stp)
ENG224 Engelskspråkleg litteratur og kultur (10 stp)

Spesialisering i lingvistikk alternativ 2:
ENG223 Engelsk lingvistikk: moderne lingvistikk (10stp)
ENG261 Semesteroppgåve i engelsk lingvistikk: språkhistorie (10stp) 
Vel eitt av emna
ENG222 Engelskspråkleg litteratur og kultur (10 stp)
ENG224 Engelskspråkleg litteratur og kultur (10stp)

Spesialisering i litteratur/kultur alternativ 1:
ENG222 Engelskspråkleg litteratur og kultur (10 stp)
ENG264 Semesteroppgåve i engelskspråkleg litteratur og kultur (10 stp)
Vel eitt av emna
ENG221 Engelsk lingvistikk: språkhistorie (10stp)
ENG223 Engelsk lingvistikk: moderne lingvistikk (10stp)

Spesialisering i litteratur/kultur alternativ 2:
ENG224 Engelskspråkleg litteratur og kultur (10 stp)
ENG262 Semesteroppgåve i engelskspråkleg litteratur og kultur (10 stp)
Vel eitt av emna
ENG221 Engelsk lingvistikk: språkhistorie (10stp)
ENG223 Engelsk lingvistikk: moderne lingvistikk (10stp)

5. semester (H):

Frie studiepoeng/utveksling (30 stp)

6. semester (V):

Frie studiepoeng/utveksling (30 stp)

Delstudium i utlandet

Eit utvekslingsopphald ved eit engelskspråkleg universitet er ein forventa og fagleg tilrådd del av studiet. Utvekslinga går normalt føre seg i det femte eller sjette semesteret. Ein kan òg velje å vere på utveksling eit heilt år. 
Det er mogleg å skifte ut emna på 200-nivået med kurs ved ein utanlandsk lærestad. Nærare opplysningar om dette kan ein få ved å vende seg til studierettleiar.

For studentar på 100-nivået arrangerer instituttet kvart år studieopphald ved Det norske studiesenteret i Storbritannia (University of York). Studiesenteret tilbyr óg YorkCourse på 200-nivå, særskilt for norske engelskstudentar.

Tilrådde utvekslingsstader finn ein på nettsida til studieprogrammet: https://www.uib.no/studier/BAHF-ENG 
Det blir gitt informasjon om utvekslingsopphaldet gjennom informasjonsmøte og rettleiing i løpet av studietida.

Ein kan òg velje frå Universitetet i Bergen sine avtaler med studiestader i heile verda. All informasjon om utveksling finn ein på www.uib.no/utveksling.

Arbeids- og undervisningsformer

Gjennom ulike undervisingsformer får studentane moglegheit til å studere og nærme seg faget på ulike måtar. Undervisninga er forskingsbasert og føreset aktiv deltaking frå studentane.

Arbeidsmetodar og undervisingsformer kan vere førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy.

For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Vurderingsformer

Gjennom studiet møter studentane ulike vurderingsformer. Til dømes skriftleg skuleeksamen, rettleidd oppgåve, heimeeksamen, munnleg presentasjon, munnleg prøve og mappevurdering.

Vurderingsformene er tilpassa læringsutbytet i dei ulike emna.

For nærare informasjon om vurderingsformer, sjå dei einskilde emneplanane.

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) A-F, der F er stryk

2) Bestått/ikkje bestått

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål -og vitnemålstillegg blir skrive ut etter at graden er fullført

Grunnlag for vidare studium

Med eit karaktersnitt på C i spesialiseringa kvalifiserer programmet for opptak til masterprogram i engelsk ved UiB.

Engelsk kan vere ein del av spesialiseringa i bachelorprogramma Kjønnsstudium og Integrert lektorutdanning.

Studentar som planlegg å ta PPU, må syte for å få dekka opptakskrava i løpet av studiet sitt. Informasjon finn ein på www.uib.no/studieprogram/PRAPED

Relevans for arbeidsliv

I kombinasjon med mastergrad og PPU kvalifiserer ei utdanning i engelsk for undervisning i ungdom- og vidaregåande skule. Kompetanse i engelsk er òg relevant i mange andre yrke der kommunikasjon står sentralt, t.d. omsetjing, journalistikk, media og forlagsverksemd, kulturformidling, reiseliv, økonomi og marknadsføring, og offentleg administrasjon. Kompetanse i engelsk gir òg tilgjenge til internasjonalt arbeid.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Skikkavurdering og autorisasjon

Programmet har ikkje krav om skikkavurdering eller autorisasjon.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet .

Administrativt ansvarleg

Humanistisk fakultet v/Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@if.uib.no

Tlf 55 58 22 98