Spansk språk og latinamerikastudium, bachelor, 3 år
- Lengde3 År
- OrdinærAlle
- PrimærAlle
- OpptakskravGENS
- Studiepoeng180
- StartHaust
Hovedinnhold
Spansk er morsmål for nærare 500 millionar menneske. Det er det andre mest brukte talespråket i verda, og det tredje mest brukte språket på internett. Noreg har sterke band til Latin-Amerika og mange interesser i området gjennom investeringar, menneskerettsarbeid og arbeid for demokratiseringsprosessar.
Viktige spørsmål vi drøftar er:
- Kva særtrekk kan vi sjå ved språkutviklinga i Latin-Amerika?
- Kva var grunnlaget for det latinamerikanske gjennombrotet i verdslitteraturen?
- Korleis fungerer Latin-Amerika som samfunn, før og no, med omsyn til dømes konfliktar, kolonialisme og revolusjon?
Kva kan eg bli
Med ein bachelorgrad i spansk språk og latinamerikastudium kan du arbeide i det private og det offentlege. Du vil gjennom studiet utvikle god kjennskap til språk, kultur og samfunn som kan vera av stor verdi, enten du arbeider i næringsliv eller mediebransje, i undervisning eller i kultursektoren. Du kan til dømes arbeide som:
- Lærar
- Omsetjar
- Konsulent i reiselivsbransjen
- Konsulent i offentlige etatar
Som humanist kan du òg arbeide i sektorar som til dømes olje- og gass, kommunikasjonsbransjen, forlagsbransjen og mykje anna.
Etter bachelorgraden kan du halde fram med masterprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium. Med ein mastergrad aukar du moglegheitene for ein relevant jobb og du får spesialisere deg innanfor interesseområda dine.
Sjå kva jobbar du kan få med humanistisk utdanning
Meir informasjon under
Oppbygging
Programmet omfattar tre akademiske år (seks semester) og startar i august. Ei vanleg oppbygging av studieløpet ser slik ut:
1. semester (haust)
- EXPHIL Examen philosophicum (10 studiepoeng)
- EXFAC00SK Språk og kommunikasjon (10 studiepoeng)
- SPLA100 Introduksjon til spansk og latinamerikastudium (10 studiepoeng)
2. semester (vår)
- SPLA107 Spansk grammatikk I (10 studiepoeng)
- SPLA108 Latinamerikansk litteratur I (10 studiepoeng)
- SPLA109 Latinamerikansk historie (10 studiepoeng)
3. semester (haust)
- SPLA117 Spansk grammatikk II (10 studiepoeng)
- SPLA118 Latinamerikansk litteratur II (10 studiepoeng)
- SPLA119 Kultur og samfunn i Latin-Amerika (10 studiepoeng)
4. semester (vår)
-
Bacheloroppgåve i grammatikk, litteratur eller kultur (10 studiepoeng)
Vel to av desse emna:
- SPLA207 Fordjuping i spansk grammatikk med latinamerikanske variantar (10 studiepoeng)
- SPLA208 Fordjuping i latinamerikansk litteratur (10 studiepoeng)
- SPLA209 Fordjuping i latinamerikansk kulturkunnskap (10 studiepoeng)
5. semester (haust)
-
Frie studiepoeng eller utveksling (30 studiepoeng)
6. semester (vår)
-
Frie studiepoeng eller utveksling (30 studiepoeng)
Det finst fleire moglegheiter når det gjeld oppbygging av studieløpet ditt. Ta kontakt med studierettleiar for å få hjelp til å setje opp ein plan tilpassa deg og dine ønske.
Fullstendig liste over emne i dette studieprogrammet
Meir informasjon under
Velg Språk!
Studiekvardag
Institutt for framandspråk finn du i HF-bygget på universitetsområdet i sentrum av Bergen. Her jobbar du side om side med andre studentar innan fleire ulike språkfag.
Det er eigne lesesalar for bachelorstudentar på Sydneshaugen skole og du vil fritt kunne nytte desse. Vi har også eit datarom i HF-bygget.
Bachelorprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium er eit fulltidsstudium. Ei ordinær studieveke inneheld om lag 12-14 timar undervisning, med noko variasjon frå semester til semester. Undervisninga kan vere i form av førelesningar eller seminargrupper og går stort sett på spansk. Studiet er basert på stor grad av sjølvstendig arbeid. Mange vel å danne kollokviegrupper der dei arbeider og løyser oppgåver saman.
Programmet inneheld 60 frie studiepoeng. Det vil seie at du kan velje blant alle emne UiB tilbyr, til dømes innanfor skolefag, språkfag, lingvistikk, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag du interesserer deg for.
Dersom du vil ha praksis i løpet av studiet, kan du ta emnet SAP100-Språkstudentar i arbeidspraksis med praksis i utlandet som en del av frie studiepoeng.Du kan også velge emnet PRAKTINF – Praktisk informasjonsarbeid. Dette emnet tar sikte på å trene studentane i å arbeide med praktiske kommunikasjons- og informasjonsoppgåver med praksis i løpet av semesteret du tar emnet.
Dei frie studiepoenga kan du òg bruke om du vil reise på utveksling. Slik kan du bygge din eigen unike kompetanse.
Kva lærer eg?
Bachelorprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium tek opp ulike samfunnsaktuelle tema frå Latin-Amerika, i tillegg til at det er eit studieprogram med vekt på språk og språkkunnskapar.
- Du får brei kunnskap om sentrale tema og problemstillingar innan spansk språk og latinamerikansk kultur, med særleg vekt på historie og litteratur.
- Du utviklar evne til å arbeida sjølvstendig med faglege problemstillingar.
- Du utviklar kompetanse til å forstå og bruka moderne spansk språk både munnleg og skriftleg.
Fullstendig liste over læringsutbyte
Utveksling
På dette studiet kan du reise til spansktalande land som Cuba, Mexico, Costa Rica, Peru, Chile og Argentina.
Dei fleste vel å dra på utveksling når dei skal ta frie studiepoeng, altså i 5. og 6. semester. Du kan også reise på utveksling tidlegare. Studierettleiar kan hjelpe med å setje opp ein plan for utveksling som passar deg utifrå din situasjon og dine preferansar.
Korleis søke om å reise på utveksling
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.
Søknadsfristen er 20. april.