Hjem

Språkvitskap, bachelor, 3 år

Språkvitskap er studiet av språk, strukturen deira, korleis vi bruker språk og korleis språk varierer i tid og rom. Språk er ei naturlig evne ved menneske som vi ofte tar for gitt, men som har mange overraskande eigenskapar.
  • Lengde3 år
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • Plassar15
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

På studiet ser vi på mange sider av menneskeleg språk. Du får ei innføring i korleis du kan beskrive ulike språk, du lærer eit språk som står fjernt frå norsk, og du får ei innføring i korleis språk kan analyserast automatisk med ei datamaskin. 

Utviklinga av skriftspråk gjer det mogleg å overføre tileigna kunnskap gjennom generasjonar. Språk gjer det mogleg å diskutere ting som finst, men også alt som ikkje finst. Språk gjer det mogleg å gjenfortelle kva som har skjedd, kva som skjer og kva som kan skje. 

Studiet passer for studentar som likar å oppdage strukturar, system og reglar. Lingvistikk kan ofte samanliknast med å knekke ein kode. 

Studiekvardag 

Bachelorprogrammet i språkvitskap er eit studium på fulltid, det vil seie at du bruker om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.  

I tillegg til sjølvstudium, vil ei typisk veke innehalde: 

  • Forelesingar 
  • Seminargrupper 
  • Dataprogrammering, eksperimenter og praktiske øvingar 

Undervisninga og pensum er på både engelsk og norsk. Det vil variere litt frå semester til semester kor mange timar undervisning du har. Det er om lag 12-14 timar undervisning og øvingar i veka. Det er færre undervisningstimar når du skriv bacheloroppgåve, og tida til sjølvstudium aukar.  

På dette studiet kan du få god og personleg kontakt med fagmiljøa, innanfor og utanfor universitetet.  

Det er både tilrådd og lagt godt til rette for utveksling på dette programmet. Eit utvekslingsopphald på eitt eller to semester gjer deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet.  

Du kan bruke lesesalar på Sydneshaugen skole, mens det er blant anna datalab og seminarrom på HF-bygget

Det er òg mogleg å booke undervisningsrom om de ønskjer å jobbe i grupper.   

Meir om studiekvardagen ved HF.  

Karriere 

Språkvitskap gir eit godt grunnlag for å arbeide med språk i ulike samanhengar. Å jobbe systematisk og få innsikt i strukturar og reglar er noko som mange arbeidsgivarar treng. I ei fleirkulturell verd er det stort behov for mellom anna omsetting av dokument og språklæring. Kandidatar som har studert språk har mykje å tilføre i fagfeltet språkteknologi

Du kan arbeide med språk innanfor forsking og undervisning eller andre felt der språk står sentralt, for eksempel innanfor  

  • forlagsverksemd 
  • reklame- og informasjonsarbeid 
  • offentleg forvaltning 
  • ordboksskriving 
  • informasjonsanalyse 
  • terminologi 

Avhengig av kva du spesialiserer deg i, kan du etter bachelorprogrammet ta masterprogram i allmenn lingvistikk eller masterprogram i  logopedi.  

Kva lærer eg? 

  • Du får kunnskap om mellom anna læra om lydsystem (fonologi), orddanning og ordbøying (morfologi), setningsbygning (syntaks) og meiningslære (semantikk). 
  • Du lærer å nytte språkvitskapleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid på praktiske og teoretiske problemstillingar, og treffe grunngjevne val.  
  • Du får òg innsyn i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar innanfor språkvitskap.  

Sjå heile lista over læringsutbyte

Oppbygging 

Bachelorprogrammet i språkvitskap er eit treårig fulltidsstudium, som startar både i august og januar.    

Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.  

Slik er studiet lagt opp:  

1. semester   

2. semester  

3. semester

4. semester 

5. semester 

6. semester 

Sjå oversikt over alle kurs

Utveksling 

Det er lagt til rette for at du skal kunne reise på utvekslingsopphald i utlandet. Dei fleste vel å dra på utveksling når dei skal ta frie studiepoeng, altså i 5. og 6. semester. Det er òg mogleg å reise på utveksling tidlegare. Snakk med studierettleiaren vår og få hjelp med å sette opp ein plan som passar for deg.  

UiB har utvekslingsavtalar over heile verda, og du kan velje mellom eit mangfald av ulike kurs frå høgt anerkjende utdanningsinstitusjonar.  

For deg som tar språkvitskap kan det til dømes vere interessant å reise til Belgia, Estland, Frankrike, Nederland, Romania, Sveits, Tsjekkia, Tyskland. 

Du får finansiering frå Lånekassa

Les meir om utveksling

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke 

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her