Hjem
Det humanistiske fakultet
studentliv

Studiekvardag

Som student ved Det humanistiske fakultet har du kort vei til alt – både lesasalar og næraste kaffebar. Her finn du info om studiekvardagen til HF-studentar.

Sydneshaugen skole
Mesteparten av undervisinga for HF-studentar på lavare grad føregår på Sydneshaugen skole.
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Fagleg aktivitet og studiefasilitetar er samla i ei klynge midt på Nygårdshøyden. Det er korte avstandar mellom studiestad, studentsenteret, universitetsmuseet, universitetsbiblioteket og studenthuset Det akademiske kvarter.

Mesteparten av undervisinga for HF-studentar på lavare grad føregår på Sydneshaugen skole. Bygget inneheld ei kantine, lesesalar, undervisingsrom, informasjonssenter og lokale for studentorganisasjonar ved fakultetet.