Hjem

Utdanning

Studieplan for BAMN-BIO Biologi, bachelor, 3 år, haust 2018

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Bachelorprogrammet i biologi er 3-årig (180 studiepoeng). Eit sentralt mål er å gje studentane brei naturfagleg bakgrunn i kjemi, fysikk og statistikk i tillegg til biologiske kjernefag, som ein god basis for å forstå moderne naturvitenskap og dei grunnleggande spørsmåla om livet og naturen.

Bachelorprogrammet i biologi set dei klassiske biologidisiplinane i et breitt og moderne perspektiv, og skal gje praktiske ferdigheiter gjennom laboratorieundervising, feltarbeid og sjølvstendige oppgåver. Dei biologiske faga spenner om økologi, biodiversitet, fysiologi, molekylærbiologi, cellebiologi og genetikk, med evolusjonsteorien som felles ramme. Undervisinga er knytta til forskinga ved Universitetet i Bergen, med marine fag som eit viktig satsingsområde.

Læringsutbyte

Studiet skal gje grunnleggande innsikt i basale prosessar i naturen skal studenten kunne nyttiggjere seg vitenskapeleg kunnskap og forsking i naturfaglege utfordringar.

Ved fullført studium skal ein kandidat ha tileigna seg

Kunnskapar

  • ha oversikt over fagtermer innanfor fleire ulike naturfag som biologi, kjemi og fysikk
  • kunne greie ut om sentrale teoriar, metodar og forskingsområde innan biologi
  • tileigne seg og ta i bruk ny kunnskap i biologi
  • kunne gjengje sentrale trekk ved biologien sin utvikling og plass i samfunnet
  • ha grunnleggande innsikt i virkemåten til organismar, samfunn og økosystem

Ferdigheiter 

  • kunne bruke evolusjonsteori som nøkkel til å forstå livets tre og organismane sin tilpasning til miljøet
  • kunne analysere faglege problemstillingar og materiale, og bruke faglige omgrep og modellar
  • kunne bruke fagets metodar og utstyr til å undersøke fenomen og løyse praktiske og teoretiske problemstillingar
  • kunne vurdere usikkerheit rundt observasjonar, teoriar og metodar
  • kunne ta i bruk IKT til utrekning, framstilling av datamateriale, innsamling og oppbevaring av data og rapportering
  • kunne innhente og vurdere informasjon og kritisk vurdere primære og sekundære informasjonskjelder

Generell kompetanse

  • ha ei brei forståing av naturfag og biologi frå molekylære til evolusjonære prosessar
  • ha reflekterte haldningar om etiske spørsmål om forsking, praksis og formidling
  • kunne arbeide sjølvstendig og i gruppe
  • kunne kommunisere fagleg på norsk og engelsk
  • utøve fagleg arbeid i samsvar med god HMS-praksis

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må du oppfylle krav om realfag (REALFA).

Tilrådde forkunnskapar

Vi tilrår at du har forkunnskapar tilsvarande Biologi 2 og Kjemi 2.

Innføringsemne

Ex. Phil

Obligatoriske emne

Følgjande emne er obligatoriske i studieprogrammet: Ex.phil., MAT101/MAT111, BIO100, BIO101, BIO102, BIO103, BIO104, STAT101, MOL100, KJEM110, KJEM100/130/202/MAT102 og PHYS101.

Spesialisering

Kravet til bachelorgraden i biologi er ei spesialisering på til saman 100 studiepoeng.

BIO100 Innføring i evolusjon og økologi er obligatorisk i første semester. I første semester inngår óg innføringsemne i matematikk (MAT101/MAT111) og innføringsemne i kjemi (KJEM110/KJEM100). KJEM110 er obligatorisk i bachelorgraden i biologi. Studentar som tek KJEM100 i første semester, bør ta KJEM110 i andre semester. Les meir om tilrådde forkunnskapar for kjemi-emna under emneskildringa for kvart emne.

Obligatoriske emne i andre semester er BIO101 Organismebiologi I og kjemi/MAT102. Dei som har valt KJEM110 i første semester kan velje mellom KJEM202 Miljøkjemi, KJEM130 Organisk kjemi og MAT102. Det tredje emnet i andre semester er Ex.phil. Det er og mogleg for dei som har KJEM110 frå første semester å velje MOL100 Innføring i molekylærbiologi i andre semester. Då må ein ta ex.phil i fjerde semester. Versjonen av ex.phil som vert undervist i vårsemesteret er særskilt tilpasse studieprogramma i biologi, og vi tilrår alle som skal studere biologi å ta denne ex.phil-versjonen. Andre ex.phil-versjonar vert óg godtatt i bachelorgraden.

BIO102 Organismebiologi II er obligatorisk i 3. semester, saman med eit emne i statistikk (STAT101/STAT110) og eit emne i fysikk (PHYS101).

I fjerde semester er obligatoriske emne MOL100 Innføring i molekylærbiologi, BIO103 Cellebiologi og genetikk og BIO104 Komparativ fysiologi.

Femte og sjette semester innheld valfrie emner.

Tilrådd studieplan:

6. sem

Valg

Valg

Valg

5.sem

Valg

Valg

Valg

4. sem

BIO103

BIO104

MOL100/Ex.phil

3. sem

BIO102

STAT101

PHYS101

2. sem

BIO101

KJEM130/202/MAT102(KJEM110)

Ex.phil/MOL100

1. sem

BIO100

KJEM110(KJEM100)

MAT101/111

Tilrådde valemne

Vi tilrår at du vel emne relevant for ønska studieretning på master (sjå tilrådde forkunnskapar for kvar studieretning). Valemne bør fortrinnsvis vere i naturvitskaplege fag, men emne frå andre fakultet kan og vere relevante.

Studentane står fritt til å gjere andre val av emne. Ta gjerne kontakt med studierettleiar for meir informasjon om valemne.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølgje for emna finn du under overskrifta «Spesialisering».

Delstudium i utlandet

Studieprogrammet har lagt til rette for at studentane kan ta delar av studiet ved lærestader i utlandet. Studentar med interesse for arktisk biologi bør sjå nærmare på tilbodet frå UNIS (Universitetssenteret på Svalbard).

Undervisningsmetodar

Undervisninga skjer i hovudsak i form av førelesningar, felt- og laboratoriearbeid, seminar og gruppeundervising. Undervisningsformer for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vurderingsformer

Vurderinga skjer i hovudsak i form av mappeevaluering, ulike skriftleg eksamensformer og munnleg eksamen. Vurderingsformer for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer: Bestått/Ikkje bestått og bokstavkarakterar på skalaen A-F.

Karakterskala for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorstudiet gir grunnlag for masterstudiar innan relevant fagområde. Finn meir informasjon om BIO sine masterstudier her: http://www.uib.no/bio/52862/master-ved-bio 

For å vere kvalifisert for opptak til eit masterprogram må du oppfylle opptakskravet om C eller betre som gjennomsnittskarakter på emna i spesialiseringa i bachelorgraden.

Relevans for arbeidsliv

Mange biologar arbeider innan natur- og miljøforvalting, havbruk, skuleverk, offentleg forvalting, industri, miljøorganisasjonar og i medie- og konsulentbedrifter. I dei fleste tilfella opnar det seg langt fleire moglegheiter for dei som har fullført mastergraden. Universitetet i Bergen tilbyr ei rekkje mastergradsstudier som byggjer på bachelorgraden i biologi. Etter avslutta masterstudium har ein i tillegg til ei tung fagleg fordjuping på et valt felt innan biologien, lært å arbeide sjølvstendig og som ein del av ei forskingsgruppe. I tillegg opparbeider ein seg ei rekkje praktiske og akademiske ferdigheiter som er nyttige i arbeidslivet.

Sjå http://www.uib.no/bio/utdanning/biologer-i-jobb for nokon eksemplar på kva ein kan bli som biolog.

Evaluering

Bachelorprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på http://kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Institutt for biologi ved det matematisk-naturvitskaplege fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studie@bio.uib.no

Tlf 55 58 44 00