Hjem

Geofag og informatikk, bachelor, 3 år

Bachelorprogrammet i geofag og informatikk passar for deg som er opptatt av jordkloden og av korleis vi bruker og endrar naturen rundt oss. Hos oss får du bruke moderne teknologi, dataanalyse og kunstig intelligens til å bidra til berekraftig forvaltning av naturressursar, og til å kartlegge risiko for naturfarar som skred og flaum.
  • Lengde3 År
  • OpptakskravREALFA
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Dette er eit unikt studium som gir deg brei kompetanse innan geofag, informatikk og geomatikk.  

Studiet er relevant for deg som er interessert i geofag, dataanalyse og kunstig intelligens. Du lærer om korleis jorda er bygt opp og korleis ho har utvikla seg over tid. I tillegg vil du lære om korleis du samlar inn, analyserer og bruker geodata, og om korleis du bruker informatikk til å løyse geofaglege problem. 

Studiet gir deg moglegheiter til å jobbe med ei rekke ulike problemstillingar, for eksempel: 

  • miljøovervaking og klimaendringar 
  • byutvikling og planlegging 
  • naturressursforvaltning 
  • økonomi og samfunnsplanlegging 
  • programmering og kunstig intelligens  

Bachelorstudiet i geofag og informatikk er eit framtidsretta studium som gir deg kompetanse som er ettertrakta i arbeidslivet. 

Studiekvardag 

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum, med tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kaféar og studentbarar.  

Bachelorprogrammet i geofag og informatikk er eit studium på fulltid, som vil seie at du bruker like mykje tid på studia som du ville gjort i ein fulltidsjobb (35-40 timar/veke).  

På studiet deltar du i ei rekke ulike former for undervisning, som praktiske øvingar, programmering, feltundervisning, gruppeprosjekt og forelesingar. Du vil òg bli introdusert til datainnsamling i felt, der vi bruker moderne teknologiske hjelpemiddel som dronar (UAVar) og Lidar (optisk fjernmåling).  

Studiet har eit årleg studentopptak på 20-25 studentar. Dermed blir du del av eit kull som er lite nok til at alle kjenner alle. Du vil òg bli del av eit større studentmiljø ved Institutt for geovitskap, som er kjent for sosial og fagleg trivsel.   

Meir informasjon under

To geofag-studenter med klatreutstyr, hjelm, solbriller og piggsko står på en isbre og skal gjøre undersøkelser ved hjelp av en isborr.

Studentar samlar inn data med ein drone (UAV) på Austdalsbreen.

Photo:
Thorban Dunse

Kva kan du jobbe som? 

I eit samfunn i rask utvikling er det ikkje lett å føreseie alle moglegheiter og jobbar som vil dukke opp innan geofag og informatikk framover. Studiet gir deg brei kompetanse innan realfag, programmering, problemløysing og bruk av teknologi, noko som gjer deg godt rusta til å møte framtidas skiftande utfordringar. Nokre aktuelle område der behovet for denne typen kompetanse allereie er stort, er:     

  • kartverk 
  • forvaltning av areal (departement, fylke eller kommune) 
  • berekraftig utvinning og bruk av energi- og ressursar (energinæringa) 
  • risikokartlegging og førebygging av geofarar i statlege føretak og i konsulentbransjen  
  • transportbransjen 
  • kartlegging av effekten av klimaendringar 

Sjå kva våre tidlegare studentar jobbar som i dag

Opptakskrav og søknadsfrist 

Generell studiekompetanse og REALFA: Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2) og eitt av følgande krav: 

  • Matematikk R2 eller 
  • Fysikk 1 og 2 eller 
  • Kjemi 1 og 2 eller 
  • Biologi 1 og 2 eller 
  • Informasjonsteknologi 1 og 2 eller 
  • Geofag 1 og 2 eller 
  • Teknologi og forskningslære 1 og 2 

Søknadsfristen er 15. april.  

Studiets oppbygging 

Bachelorprogrammet i geofag og informatikk er eit treårig fulltidsstudium som startar i august. Ex. Phil. (examen philosophicum) er eit introduksjonsemne som høyrer til i alle bachelorprogramma ved UiB.   

Dei tre første semestera på studiet tar du dei same, obligatoriske emna som dine medstudentar. Frå og med fjerde semester har du moglegheit til å velje mellom valfrie emne (fag). Desse valbare emna kan du bruke til å fordjupe deg innan eitt av fleire tema som er sentrale i studiet, som for eksempel geologi, programmering eller geografiske informasjonssystem. Du kan også fullføre emne som førebur deg til eit spesielt masterstudium, eller berre velje fritt ut  frå eigne interesser. 

Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på heimesida til kvart emne. 

Semesterplan 

1. semester

  • Innføring i geologi (GEOV101, 10 studiepoeng)
  • Brukarkurs i matematikk I (MAT101, 10 studiepoeng) eller Grunnkurs i matematikk I (MAT111, 10 studiepoeng)
  • Introduksjon til geofag og informatikk (GEOV181, 10 studiepoeng) 

2.semester 

  • Ekskursjoner og øvingar i geologi (GEOV102, 10 studiepoeng)
  • Innføring i programmering (INF100, 10 studiepoeng)
  • Lineær algebra (MAT121, 10 studiepoeng) 

3. semester

  • Geografiske informasjonssystem: Teori og praksis (GEOV205, 10 studiepoeng)
  • Innføring i data science (INF161, 10 studiepoeng)
  • Ex.phil (EXPHIL-MNEKS, 10 studiepoeng) 

4.semester

  • Praktiske ferdigheiter i fjernmåling og romleg analyse (GEOV316, 10 studiepoeng)
  • Machine Learning (INFO284, 10 studiepoeng)
  • Valemne (10 studiepoeng)

5. semester

  • Feltgeomatikk (GEOV281, 10 studiepoeng)
  • Geofarar (GEOV217, 10 studiepoeng) eller Objektorientert programmering (INF101, 10 studiepoeng) eller Hydrologi, grunnvatn og geofarar (GEO217, 10 studiepoeng)
  • Valemne (10 studiepoeng)

6.semester

  • Valemne eller utveksling (30 studiepoeng)

Dei semestera ein har valemne kan ein velje å fordjupe seg meir i geovitskaplege emne, informatikkemne, eller geografiske emne.   

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Vi anbefaler å reise på utveksling i sjette semester. Du kan blant anna reise til våre samarbeidsuniversitet i Tsjekkia, Tyskland, Spania, Hellas eller Storbritannia, eller velje fritt blant dei andre sentrale utvekslingsavtalane som UiB har.  

Det er òg mogleg å fullføre enkeltemne eller eit heilt semester på Universitetssenteret på Svalbard (UNIS). 

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Etter fullført bachelor kan du gå vidare til ein mastergrad i geovitskap, informatikk, informasjonsvitskap eller geografi, gitt at du har valt å fullføre emna som krevst.

Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Legg inn lenke til studieplan for bachelor i geofag og informatikk

Søk her