Fysikk, bachelor, 3 år
- Lengde3 År
- OrdinærAlle
- PrimærAlle
- Plassar
50
- OpptakskravREALR2
- Studiepoeng180
- StartHaust
Hovedinnhold
Fysikk er oppteken av å finne svaret på dei fundamentale spørsmåla:
- Kva er universet laga av?
- Klarer vi lage ein teori som sameinar alle kreftene vi kjenner til i naturen?
- Kva er mørk energi og mørk materie?
Meir informasjon under
Studer matte, fysikk eller kjemi ved UiB
I studiet får du teoretisk, teknologisk og analytisk kompetanse som samfunnet treng innanfor medisin, forsking og teknologisk utvikling. Kompetansen er også nyttig i strategi, forvaltning, administrasjon, IT, økonomi og mediebransjen.
Som fysikkstudent får du stor forståing for fysiske prosessar i naturen. Studiet er ein kombinasjon av teori, eksperiment og modellar som er relevante for teknologi og industri. Du lærer det teoretiske grunnlaget i fysikken, eksperimentelle målemetodar og naturvitskapeleg og teknologisk nytte og relevans.
Ein ferdig utdanna fysikar kan løyse komplekse problem, har gode matematiske kunnskapar, kan programmering og bruke moderne teknologi. På toppen av dette får du ei djup forståing av korleis dei fundamentale prosessane og byggesteinane i naturen verkar.
Dermed er du med ei fysikkutdanning veleigna til fleire roller i samfunnet i dag. Dømer er innanfor medisinsk behandling og diagnose, innanfor energisektoren og som viktige bidragsytarar i vegen mot eit grønare samfunn.
Meir informasjon under
Jobb
Med ei fysikkutdanning er du allsidig, og kan få arbeid innanfor fleire sektorar. Vanlege arbeidsplassar er:
- forsking og undervisning
- IT-bedrifter
- helsesektoren
- energiindustrien
- grøne bedrifter
- og teknologibedrifter
UiB og Institutt for fysikk og teknologi byr på masterstudiar i dei fleste relevante spesialiseringar til en som har bachelor i fysikk.
Les meir om kva du kan jobbe med
Oppbygging
Bachelorprogrammet i fysikk er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august. Ex. Phil. (examen philosophicum) er eit filosofiemne som høyrer til i alle bachelorprogramma ved UiB.
Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.
Slik er studiet lagt opp:
1. semester:
- INF100 Innføring i programmering (10 studiepoeng)
- MAT111 Grunnkurs i matematikk I (10 studiepoeng)
- PHYS109 Innføring i astrofysikk (10 studiepoeng)
2. semester:
- MAT121 Lineær algebra (10 studiepoeng)
- PHYS111 Mekanikk (10 studiepoeng)
- MAT112 Grunnkurs i matematikk II (10 studiepoeng)
3. semester:
- MAT212 Funksjonar av fleire variable (10 studiepoeng)
- PHYS112 Elektromagnetisme I (10 studiepoeng)
- PHYS113 Mekanikk 2 og termodynamikk (10 studiepoeng)
4. semester:
- MAT131 Differensiallikningar (10 studiepoeng)
- PHYS114 Grunnleggjande målevitskap og eksperimentalfysikk (10 studiepoeng)
- PHYS118 Moderne fysikk (10 studiepoeng)
5. semester:
Vel minst et emne
6. semester:
- Valfrie emne (10 studiepoeng)/Utveksling
- Valfrie emne (10 studiepoeng)/Utveksling
- Valfrie emne (10 studiepoeng)/Utveksling
Studiekvardagen
Bachelorstudiet i fysikk er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.
I tillegg til sjølvstudium, kan ei typisk veke ha 12-18 timar med
- Forelesingar
- Seminargrupper
- Laboratorium og praktiske øvingar
- Bacheloroppgåve.
Alle emne (fag) har minst ein obligatorisk aktivitet, men undervisninga er sjeldan obligatorisk. Av 180 studiepoeng, er 50 studiepoeng valfrie, altså kan du sjølv velje dei faga som du interesserer deg for. Sjå kva emne du kan velje blant.
Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste under kvart emne i studieløpstabellen.
Som fysikkstudent høyrer du til Institutt for fysikk og teknologi. Vi held til på fysikkbygget, og du finn lesesalar og bibliotek i Realfagbygget.
På instituttet har vi eit levande og godt studentmiljø, med ei særs aktiv studentforeining. Det er ofte arrangement; alltid festlege og fleire gonger også faglege.
Meir informasjon under
Mentor
Som ny realfagsstudent blir du med i ei gruppe, der du får to mentorar. Mentorane er meir erfarne studentar som studerer det same som deg. Du møter gruppa og mentorane gjennom heile det første året på universitetet.
På mentormøta blir du kjend med medstudentane dine. Du lærer kva det vil seie å studere på eit universitet og om korleis det er å vere student. Møta handlar om studieteknikk, eksamen- og stressmestring og life hacks for studentar. Les meir om mentorordninga ved det matematisk-naturvitenskapelige fakultet!
Meir informasjon under
Mentorordning for førsteårsstudenter
Studiestart
Som ny realfagsstudent blir du tatt imot av mentorane dine. Dei første tre dagane i studiestarten er obligatoriske, og du vil bruke tida på å bli kjend med medstudentane dine.
Kva lærer du?
Utover den særs viktige fagkunnskapen du student plukkar opp i løpet av studiet, vil det å formulere og diskutere spørsmål knytt til fysikk være viktig. Evna til samarbeid og til undring vil også verte godt utvikla i løpet av studiet.
Ein ferdig utdanna student på dette programmet:
- kan beskrive matematiske modellar i fysikk
- kan bruke grunnleggjande eksperimentell apparatur for målingar av fysiske størrelsar og gjere usikkerhetsoverslag
- kan analysere fysiske problemstillingar og utføre fysiske berekningar ved bruk av den kunnskapen studenten har tileigna seg innan klassisk mekanikk og relativitetsteori, elektromagnetisme, kvantemekanikk, statistisk fysikk, termodynamikk og kjerne- og partikkelfysikk
Sjå full liste over læringsutbytet på dette studiet.
Utveksling
Du kan reise på utveksling i det sjette semesteret. Du kan reise til våre samarbeidsuniversitet i Canada, USA, Australia, England, Kina, Tyskland eller de nordiske landene.
Korleis søke om å reise på utveksling?
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse og REALR2: Matematikk R1 (eller S1+S2) + R2 og i tillegg anten:
- Fysikk 1 + 2 eller
- Kjemi 1 + 2 eller
- Biologi 1 + 2 eller
- Informasjonsteknologi 1 + 2 eller
- Geofag 1 + 2 eller
- Teknologi og forskningslære 1 + 2
Søknadsfristen er 15. april.