Journalistikk, bachelor, 3 år
- Lengde3 År
- Ordinær57,5
- Primær53,4
- Plassar27
- OpptakskravGENS
- Studiepoeng180
- StartHaust
Hovedinnhold
Journalistikk handlar om å formidla historier frå det verkelege livet for eit større publikum. I eit komplisert samfunn med særs mykje informasjon er det viktig at nokon formidlar det vesentlege på ein klar måte. Vi vil vere nært det som skjer i det praktiske livet til ei kvar tid.
Studiet tar utgangspunkt i grunnleggande journalistiske prinsipp der kjeldekritikk og etisk refleksjon går hand i hand med utforsking av digitale verktøy. Du vil bli utfordra og inspirert gjennom variert undervisning og eigen produksjon av journalistisk stoff.
Trening i visuell og verbal storytelling står sentralt gjennom heile studiet. Studiet har eigen nettbasert publiseringsplattform: www.bymag.no
Å vera journalist kan både gi kreativ fridom i kvardagen og handle om klare strukturar i produksjonen av innhald. Studiet avspeglar heile denne breidda.
Undervisninga finn stad i Media City Bergen (MCB), ei kunnskapsklynge der universitetet held til saman med medieselskap som TV 2, NRK, Bergens Tidende og Bergensavisen, samt ei rekkje medieteknologiselskap. Dette gir studentane ein unik nærleik til mediebransjen.
Vi har gjester frå alle desse redaksjonane og mediehusa, samt andre, og har og eit tett samarbeid med UiB sitt Senter for undersøkande journalistikk, som og held til i Media City Bergen.
Les meir om korleis kvardagen er på Media City Bergen
Meir informasjon under
Bachelor i journalistikk
Jobb
Studentar med denne utdanninga blir i stor grad journalistar, informasjonsarbeidarar og hamnar elles i medierelevant arbeid.
Både journalistiske verksemder og andre verksemder treng menneske som kan gripe kva som er viktig og vesentleg i ei sak eller på eit saksfelt og klare å formidle dette på ein klar og konsis måte, på så kort tid som mogleg.
Med denne utdanninga er du attraktiv for arbeidsgivarar fordi du er drilla i det journalistiske handverket, samtidig som du har viktig analytisk kunnskap med deg. Dessutan er den gradvise tilvenninga til det praktiske livet gjennom besøk og praksisperiodar i løpet av studiet av stor verdi både for kandidatane og arbeidsgivarane.
UiB tilbyr masterprogram i undersøkande journalistikk som byggjer på bachelorgraden.
Frå praksis til jobb for journalistikkstudentar
Meir informasjon under
Oppbygging
Bachelorprogrammet i journalistikk er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august.
Heile bachelorgraden er på til saman 180 studiepoeng. Du startar med innføringsemne og ex.phil. (filosofiemne som inngår i alle bachelorprogramma ved UiB) i fyrste semester. I femte semester har du 30 frie studiepoeng, der du kan velje opne UiB-emne, eller ta emne på utveksling i utlandet. Slik er studiet bygd opp:
1. Semester, haust:
- JOU100 Introduksjon til journalistikk og akademisk skriving (20 studiepoeng)
- EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum - seminarmodell eller EXPHIL-SVEKS Examen philosophicum - skuleeksamen (10 studiepoeng)
2. semester, vår:
- JOU102 Journalistikkens metodar og verktøy (30 studiepoeng)
3. semester, haust:
- JOU103 Journalistikken sine former (30 studiepoeng)
4. semester, vår:
5. semester, haust:
- Frie studiepoeng/utveksling (30 studiepoeng)
6. semester, vår:.
- JOU251 Bacheloroppgåve i journalistikk (30 studiepoeng)
Studiekvardag
Som journalistikkstudent blir du del av eit unikt studentmiljø, sentralt plassert midt i det pulserande livet i Media City Bergen. Her går medieproduksjon for store lokale og nasjonale medium føre seg rett ved sida av studiet og studentane. Her er det undervisningslokale, opne lesesalar og lesekrokar.
På studiet blir du følgd tett opp av undervisarane heile vegen. Studentane og fagmiljøet er i kontinuerleg dialog i løpet av studiet, og innanfor fagplanane blir det gjort tilpassingar i pakt med tilbakemeldingar frå studentane.
Bachelorprogrammet i journalistikk er eit studium på fulltid. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupper, kan ei typisk veke ha om lag 16 timar undervising i form av forelesningar og workshops. Oppgåveskriving og praksis er òg ein del av studiet. I tillegg skal du skrive ei bacheloroppgåve over eit sjølvvald tema.
Undervisninga er stort sett på norsk, men innslag av engelsk i blant. Litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste på emnesidene.
Les meir om studiekvardagen som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet
Meir informasjon under

Kva lærer du
På bachelorstudiet i journalistikk lærer du:
- journalistikkens sjangrar, former og format
- viktige lover og etiske rammer
- relevante teknologiar for journalistikken
Utveksling
Du kan reise på utveksling i femte semester. Vi har avtalar med blant anna universitet i Storbritannia, Spania, Irland, Australia og Frankrike.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.