Hjem

Engelsk, master 2 år

Engelsk er sannsynlegvis det viktigaste språket i verda i dag. Med mastergrad i engelsk forbetrar du kunnskapane dine i engelskspråkleg lingvistikk, litteratur og kultur, medan du utfører sjølvstendig forsking i form av ei masteroppgåve på 60 studiepoeng.
  • Lengde2 år
  • Plassar20
  • SpråkEngelsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust

Du kan velje å spesialisere deg innan lingvistikk, der vi ser nærare på den historiske utviklinga av det engelske språket og dei ulike variantane som har oppstått når språket har spreidd seg til nye område. Vi lærer også om dei grunnleggande områda i språket, fonologien, grammatikken og ordtilfanget, og nyttar denne kunnskapen til å forstå korleis språket fungerer. 

  • Korleis oppstår nye språkvariantar, korleis utviklar dei seg og på kva måte skjedde dette før i tida?  
  • Korleis og kvifor oppstår språkendring?  
  • Kva type endringar skjer i det engelske språket i dag? 

Alternativt kan du spesialisere deg innan engelskspråkleg litteratur og kultur, både historisk og i samtida. I emne med historisk oversyn utforskar du litterære sjangrar og korleis engelsk litteratur har utvikla seg fram til i dag. Du lærer også om teori og metode innan litteraturvitskap – korleis du kan analysere og tolke litteratur, lese tekstar inngåande, analysere dei i lys av litteraturhistorie og litterær form, og opprette dine eigne tolkingar av teksta.  

  • På kva måte kan litteraturen påverke oss og endre liva våre? 
  • På kva måte kan litteratur gjere verda betre?  
  • Korleis kan vi forstå kultur og historie gjennom litteraturen, og vice versa? 
  • Korleis utviklar litteraturen seg, og kva krefter formar utviklinga? 

Som masterstudent i engelsk blir du inkludert i eit samansveisa fellesskap av både masterstudentar og tilsette. Du følger kurs som er basert på relevant, nyare forsking og skriv oppgåve om eit tema som interesserer deg. 

Jobb

Med mastergrad i engelsk lærer du å lese på ein grundig måte og evaluere kjelder, kommunisere tydeleg og skilje mellom meiningar og fakta. 

Samfunnet treng personar som forstår krafta i litteraturen og dei humanistiske faga, og at bøker har innverknad på samfunn og enkeltmenneske. Mastergrad i engelsk kvalifiserer deg for jobbar i både privat og offentleg sektor.   

  • Våre kandidatar jobbar innan omsetting, eksportindustri, offentleg administrasjon og undervising – både i utlandet og i Noreg.  
  • 72 prosent av tidlegare studentar med ein grad frå Det humanistiske fakultet, seier at dei har relevant jobb to år etter at dei tok avsluttande eksamen.   
  • Du kan halde fram innan akademisk forsking ved å ta ei forskarutdanning (ph.d.)  

Meir informasjon under

Oppbygging 

Programmet omfattar to akademiske år (fire semester) og startar om hausten.  

1. og 2. semester 

3. og 4. semester  

Sjå oversikt over alle kurs

Studiekvardag 

Institutt for framandspråk finn du i HF-bygget på universitetsområdet i sentrum av Bergen. Her jobbar du side om side med andre masterstudentar, innan ni forskjellige språkfag. I lesesalane blir du del av eit hyggeleg miljø der studentar og tilsette kjem frå heile verda.  

Kontakta mellom studentar og tilsette er uformell, og stemninga er god. Fordi studiet ikkje har så mange studentar, er miljøet svært godt. 

Arbeidsmengde 

I dette studieprogrammet er det om lag 8 timar med seminargrupper og diskusjonar per veke. Det betyr at mesteparten av tida går med til å studere/lese (første året) og jobbe med masteroppgåva (andre året). 

Masteroppgåve 

Det andre året av programmet brukar du til å skrive masteroppgåva (60 studiepoeng). Du får individuell rettleiing gjennom heile forskings- og skriveprosessen. 

Masteroppgåva er eit sjølvstendig vitskapleg forskingsprosjekt på eit tema du vel frå eit av hovudemna i programmet:  

  • Lingvistikk 
  • Litteratur og/eller kultur 

Les meir om masterstudentane og prosjekta deira

Kva lærer du?

Med ei mastergrad i engelsk får du

  • evne til å formulere ei problemstilling eller eit forskingsspørsmål som kan føre til ny kunnskap
  • evne til å kritisk evaluere lingvistiske teoriar og funn i empiriske studiar
  • evne til å arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre
  • høgare kompetanse i skriftleg akademisk engelsk 

Utveksling 

Du kan velje å ta andre semesteret som utvekslingsstudent ved eit av partneruniversiteta i Storbritannia, USA, Australia eller New Zealand.  

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke 

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle 

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her