Hjem

Gresk, master, 2 år

På masterprogrammet i gresk lærer du eit språk svært få kan og får eit unikt perspektiv på dagens kulturelle liv.
  • Lengde2 år
  • Plassar2
  • SpråkNorsk
  • Studiepoeng120

På masterprogrammet i gresk lærer du eit språk svært få kan og får eit unikt perspektiv på dagens kulturelle liv.  

  • Korleis tolkar vi greske drama og lyrikk frå antikken?  
  • Kva betyr tekstar frå antikken for Norden sin litteratur i dag?  
  • På kva måte er klassisk talekunst framleis relevant? 

Sidan renessansen har studiet av gresk litteratur hatt ein sentral plass i vestleg kultur. Greskkunnskapar er viktige på ei rekke områder der grunnleggande tekstar er skrivne på gresk, samtidig som dei opnar for ei djupare forståing av ein annan kultur.  

Gresk har i stor grad påverka andre språk i verda. Masterstudiet i gresk gir praktisk øving i å tolke framande kulturuttrykk i deira eigen kontekst. Det øver opp evna til å skaffe seg oversyn over eit materiale, til å analysere det og å uttrykke seg nøyaktig. Du vil bli kjend med ei verd som andre berre kan førestille seg.  

Gammalgresk gir deg kunnskap til å tolke drama, lyrikk, epikk og filosofi frå antikken. I tillegg har tekstar frå Hellas vært utroleg viktig for verdslitteraturen i dag.  

Gammalgresk er relevant for jobbar i museum og andre antikvariske institusjonar, kyrkja, universitet, bibliotek og skuleverk. Gammalgresk språk og litteratur er òg relevant i ein veksande spel- og underhaldningsbransje.

Meir informasjon under

Meir informasjon under

Studer klassisk filologi

Studer master i gresk

Jobb

Samfunnet og næringslivet har eit stort behov for folk som kan jobbe sjølvstendig og har eit kritisk perspektiv på til dømes samfunnsutviklinga.  

Med ein mastergrad i gresk har du eit godt grunnlag i alle yrke der det er behov for 

  • praktisk erfaring med tolking av framande kulturuttrykk i deira kontekst 
  • evne til å skaffe seg oversyn over eit materiale og analysere det 
  • evne til å uttrykke seg nøyaktig 

Eksempel på relevante yrke er omsetjar eller undervisar på vidaregåande skule og innan høgare utdanning. 

72 prosent av tidlegare studentar med ein grad frå Det humanistiske fakultet, seier at dei har relevant jobb to år etter at dei tok avsluttande eksamen.   

Du kan bli lærar om du tar eit år med PPU .  

Du kan ta doktorgrad ved å søke opptak til ph.d.-programmet

Oppbygging

Masterprogrammet i gresk er eit toårig fulltidsstudium, som startar i august og januar.    

Studieløpet kan sjå slik ut:  

Første semester:  

GRE301- Gresk tekstpensum I (obligatorisk) 15 sp  

Enten GRE303- Gresk valemne 15 sp eller LAT100 Innføring i latin(lenke) (elementærkurs, 10 sp), RET102 klassisk retorikk(lenke), 15 sp,  ANT202 Antikkens litteratur, 15 sp, eller relevante emne frå arkeologi, kunsthistorie, historie, filosofi eller lingvistikk. 

Andre semester:  

GRE307 - Særpensum (obligatorisk) 15 sp 

GRE308 - Teori og metode med prosjektførebuing (obligatorisk) 15 sp 

Tredje og fjerde semester: 

GRE350 - Masteroppgåve (obligatorisk) 60 sp 

Sjå oversikt over alle kurs

Studiekvardagen

Som masterstudent i gresk blir du del av eit godt læringsmiljø med støtte frå ei rekke studentar på instituttet. Du får god tid til å gå i djupna på eit tema, enten metode eller tematikk.  

Masterprogrammet i gresk har undervisning i form av forelesingar og  seminargrupper, cirka 6 timar kvar veke. I tillegg  blir det mykje sjølvstudium og skriving av ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. Litteraturen er på engelsk og norsk. 

Som masterstudent kan du knytte deg til ei forskargruppe, og du får eigen pult på lesesalen. 

Masteroppgåve 

Du har to semester til å skrive masteroppgåva, som er på 60 studiepoeng. Fagmiljøet jobbar tett med deg som student for å finne eit tema som passar og ein rettleiar som har kunnskap om det valte temaet.  

Du kan søkje instituttet ditt om økonomisk støtte til arbeidet med masteroppgåva, som utgifter i samband med datainnsamling, feltarbeid, reise, utgifter til kjeldekopiering, spørjeskjema, kjøp av IT-tenester, porto og liknande.  

Kva lærer eg

Ein som har tatt masterprogrammet i gresk: 

  • har inngåande kunnskap innanfor gresk språk og romersk litteratur, historie og kultur, og utdjupa kunnskapar innanfor eit avgrensa område.  
  • kan ta del i den offentlege debatten der denne rører ved fagområdet.  
  • kan bruke IKT-verktøy som er naudsynte for å gjennomføra eit sjølvstendig arbeid innanfor fagområdet 

Fullstendig liste over læringsutbytte.

Utveksling

Du kan reise på utveksling til Hellas, Tyskland, Sverige, Danmark, Polen, Spania eller Italia. Det er lagt opp til at du kan reise ut i eitt til to semester. 

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle 

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her.