Kulturvitskap, master, 2 år
- Lengde2 År
- KarakterkravMinimum C
- SpråkNorsk
- Studiepoeng120
- StartHaust
Hovedinnhold
Velkommen til studiestart på masterprogrammet i kulturvitskap, eit studium ved Det humanistiske fakultet.
Studiestart: velkomstmøte for masterprogrammet ditt
Program: program for velkomstveka ved Det humanistiske fakultet
Ta med: Du treng ikkje ta med deg noko spesielt den første dagen, men noko å notere på kan vere greitt.
Bli klar som student: Alt du treng å vite til studiestart og program for velkomstveka finn du i «UiBtreet». I slutten av juli får du ein e-post med lenke og informasjon om korleis du får tilgang.
Har du spesielle behov? Dersom du har funksjonsnedsetting og behov for tilrettelegging, tar du kontakt med oss allereie no. På den måten kan vi finne gode løysingar for deg, dersom du får tilbod om studieplass.
Har du spørsmål? Ta kontakt med informasjonssenteret på 55 58 93 70 eller send oss ein e-post: studieveileder@hf.uib.no
Masterprogrammet i kulturvitskap handlar om den kulturelle dimensjonen ved kvardagslivet i fortid og notid. Korleis er kulturen til stades i alt vi gjer – i for eksempel seksualiteten vår og haldninga vår til kropp, i maten vi et eller i bruken vår av sosiale medium? Og kan kvardagskulturen seiast å vere fundamentet for heile samfunnslivet?
Dette studiet gir deg eit grunnlag for å analysere kulturell kompleksitet, endring og stabilitet.
- Gjennom arbeidet med masteroppgåva spesialiserer du deg òg på å forstå eitt bestemt kulturelt fenomen.
- Du får oversikt over ulike teoretiske rammeverk og omgrep som kan brukast til å forstå og formidle kultur i fortid og notid.
- Du får bruke ulike kvalitative metodar, frå feltarbeid som observasjon og intervju, til analyse av arkivmateriale, museumsutstillingar, mediemateriale, sosiale medium, osv.
- I tillegg får du kjennskap til forskingsetiske utfordringar i faget.
Meir informasjon under
Jobb
Med ein master i kulturvitskap får du svært god øving i analyse og tolking av ulike kjeldemateriale. Du får ei innføring i problemløysing knytt til innsamling, behandling og presentasjon av store mengder materiale. Arbeidssøkjarar med master i kulturvitskap vil derfor være særleg kvalifiserte til yrke der søk, systematisering, analyse og formidling av materiale står sentralt.
Med denne utdanninga kan du til dømes jobbe som
- kommunikasjonsrådgjevar
- museumskonservator
- arkivar
- kulturkonsulent
- rådgjevar i fylkeskommunen
Aktuelle bransjar er innanfor museum, kulturminnevern, kulturinstitusjonar, arkiv, media, samt offentleg og privat forvaltning.
Du kan skreddarsy masteroppgåva slik at du får spesialkompetanse som arbeidsgivarar etterspør. Du kan skrive om eit spesielt tema innanfor museologi som eit museum har etterspurd eller kanskje om eit tema innanfor migrasjon som Røde Kors eller ein anna interesseorganisasjon har etterspurd.
72 prosent av dei med utdanning frå Det humanistiske fakultet seier dei er i relevant jobb to år etter at dei avslutta studia.
Du kan gå vidare etter masterutdanning med doktorgrad (PhD) som kan kvalifisere til stillingar innanfor universitets- og høgskulesektoren.
Meir informasjon under
Oppbygging
Masterprogrammet i kulturvitskap er eit toårig fulltidsstudium, som startar i august. Alle emna er obligatoriske.
Slik er studiet satt opp:
Første semester:
Andre semester:
- KUVI302 - Kulturvitskap: Prosjektskildring (15 sp),
- KUVI306 - Frå innsamling til analyse (15 sp)
- AHKR300 - Forskingsetikk (0 sp)
Tredje og fjerde semester:
- KUVI350 - Mastergradsoppgåve i kulturvitskap (60 sp)
Studiekvardag
Som student på masterprogrammet i kulturvitskap blir du ein del av eit levande fag som i aller høgste grad er under utvikling når det kjem til vitskapleg metodar, teoretiske diskusjonar og nye funn. Her får du eit tett innblikk på forsking som føregår i fagmiljøet, frå til dømes klimaforsking til kjønnsforsking. Du får delta i faglege diskusjonar gjennom masterseminar og får ein tett tilkopling til fagmiljøet.
Det er eit lite og intimt miljø, som gir ein god kullfølelse. Du får òg ein god og tett fagleg oppfølging.
Programmet har undervisning i form av forelesingar, seminar og praktiske øvingar, om lag 8-10 timar kvar veke. Undervisninga er på norsk.
I tillegg må du rekne med mykje sjølvstudium og skriving av ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. Litteraturen er på engelsk, norsk og andre skandinaviske språk.
Masteroppgåva
Du finn tema for oppgåva i dialog med ein rettleiar. Du kan få forslag til tema, eller de kan kartlegge interessante fagområde saman, innanfor rettleiaren sitt kompetanseområde. Du vel til slutt tema sjølv, og får rettleiing så langt det er mogleg. Sjølve skrivinga går over to semester. Vi tilbyr eigen pult på masterlesesalen.
Du kan reise på feltarbeid knytt til datainnsamling på masteroppgåva i tredje og fjerde semester. Instituttet kan finansiere delar av utgiftene knytt til dette. Det er stor variasjon i kor studentane reiser og kor lenge.
Kva lærer eg?
Med denne utdanninga lærer du:
- å arbeide sjølvstendig og reflektert med å formulere, analysere og svare på kulturvitskaplege problemstillingar.
- å bruke ulike kvalitative metodar, frå feltarbeid som observasjon og intervju, til analyse av arkivmateriale, museumsutstillingar, mediemateriale, sosiale medium osv.
- å fortolke og reflektere kritisk over konkrete kulturelle fenomen.
Fullstendig liste over læringsutbytte.
Utveksling
Du kan bruke eit semester som utvekslingsstudent i utlandet. Du kan reise til våre samarbeidsuniversitet i Sverige, Danmark, Tyskland, Kroatia eller Finland.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle
Søknadsfristen er 15. april.