Nordisk språk og litteratur, master, 2 år
- Lengde2 År
- Plassar15
- KarakterkravMinimum C
- SpråkNorsk
- Studiepoeng120
- StartHaust og Vår
Hovedinnhold
Nordisk språk og litteratur er eit stort og samansett fagfelt som femner om litteratur og språk frå både eldre og yngre tid. Til fagområdet høyrer òg nordisk fagdidaktikk og norsk som andrespråk.
På nordiskfaget prøver vi å finne svar på spørsmål som:
- Held dei norske dialektane på å forsvinne?
- Korleis verkar språket – i dagleg bruk og i tekstar av ulike slag?
- Kva kan litteraturen seie oss om kjønn, klasse og smak?
Språkstudiet handlar mest om moderne norsk, men òg litt om dei språka norsk er nærast i slekt med: dansk, svensk, færøysk og islandsk – og norrønt, språket til vikingane. Vi arbeider med grammatikk, dialektar, språkhistorie og tekstsamanheng. Vi utforskar språket si rolle i tenking, samtale og samfunn.
Litteraturstudiet er for deg som er glad i å lese og som lurer på korleis ulike teksttypar verkar. Korleis kan vi forstå litterære verk og andre tekstar ut frå samfunnsmessige, psykologiske, historiske og sosiale forhold?
Meir informasjon under.
Meir informasjon under
Jobb
Det finst knapt dyktigare lesarar og skrivarar enn nordistar. Arbeidsgivarar treng språk- og litteraturkompetanse og evne til sjølvstendig arbeid og vidareutvikling. Dei har og behov for deg som kan sjå samanhengar, strukturelt og historisk.
Dei ferdig utdanna studentane våre er attraktive på arbeidsmarknaden – dei fleste går rett ut i relevante stillingar.
Du kan bli lærar i ungdomsskulen og vidaregåande skule om du tek eitt år med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).
Studiet er òg direkte relevant for arbeid i kultursektoren (både offentleg og privat) og særleg i forlagsliv, litteraturformidling og andre yrke der språkkompetanse og forståing for samspelet mellom språk og kultur er viktig.
Våre tidlegare studentar arbeider som:
- kulturformidlarar
- festivalprodusentar og -sjefar
- bokmeldarar
- museumsdirektørar
- bibliotekarar
- professorar
- forlagsredaktørar og -sjefar
- journalistar
Du kan ta doktorgrad ved å søke opptak til ph.d.-programmet.
Meir informasjon under.
Meir informasjon under
Oppbygging
Masterprogrammet i nordisk er eit toårig fulltidsstudium som startar i august, med suppleringsopptak i januar.
1. semester:
- Valemne (15 studiepoeng)
- Valemne (15 studiepoeng)
2. semester:
- NOLISP300 Prosjektførebuande emne—obligatorisk (15 studiepoeng)
- Valemne (15 studiepoeng)
- Eventuell utveksling
3. og 4. semester:
- NOLISP350 Masteroppgåve i nordisk—obligatorisk (60 studiepoeng)
Valemna i 1. og 2. semester er litterære og språklege og kan kombinerast fritt.
Masteroppgåva handlar om eit sjølvvalt tema innanfor nordisk språk og litteratur (inkl. norsk som andrespråk, norskdidaktikk og norrøn filologi), og det prosjektførebuande emnet fungerer som teoretisk og metodisk grunnlag for masteroppgåveprosjektet.
Studiekvardag
Som masterstudent i nordisk blir du del av eit godt læringsmiljø som består av engasjerte forskarar og formidlarar som bruker si eiga forsking aktivt i undervisninga på alle kursa. Som student her deltek du som medforskar, og studerer det du interesserer deg spesielt for. Både studentar og forskarar er altså drivne av fagleg nysgjerrigheit.
Masterprogrammet i nordisk har undervisning i form av forelesingar og seminargrupper, om lag 4 timar kvar veke. Undervisninga er på norsk, og av og til svensk eller dansk. I tillegg krev studiet mykje sjølvstudium og skriving av ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. Litteraturen er på norsk, dansk, svensk og engelsk.
Som masterstudent kan du knyte deg til ei forskargruppe, og du får eigen pult på lesesalen.
Masteroppgåva
Du har to semester til å skrive masteroppgåva, som er på 60 studiepoeng. Temaet for oppgåva kjem frå dine eigne faglege og personlege interesser. Gjennom første semester siktar du deg inn mot eit prosjekt i diskusjon med faglærarar, og i løpet av semesteret får du tildelt ein fagleg passande rettleiar. Så planlegg du prosjektet i andre semester saman med rettleiaren og andre faglærarar. Student og rettleiar bruker å møtast med jamne mellomrom for å diskutere tekstutkast og utfordringar du står overfor.
Les om korleis Razika-vokalisten Marie Amdam opplever masterstudiet i nordisk.
Kva lærer du?
Med denne utdanninga:
- har du god innsikt i korleis ein gjennomfører forskingsprosjekt
- har du god forståing av relevante forskingsetiske spørsmål
- kan du kommunisere om faglege problemstillingar på avansert nivå
Utveksling
Du kan reise på utveksling til Danmark (inkludert Grønland og Færøyane), Sverige, Finland, Island, Tyskland, Nederland, Polen eller Frankrike. Det er lagt opp til at du kan reise ut i andre semester.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle
Søknadsfristen er 20. april.