Integrert masterprogram i aktuarfag og dataanalyse, 5 år.
- Lengde5 År
- OrdinærAlle
- PrimærAlle
- Plassar10
- OpptakskravREALR2
- Studiepoeng300
- StartHaust
Hovedinnhold
Framtida er uviss og full av risiko, men verda er òg full av data vi kan nytte for å svare på kompliserte problemstillingar innanfor forsikring og finans.
Som aktuar analyserer du risiko og lagar modellar for å rekne ut kva sannsynet er for at hendingar finn stad i framtida. Aktuarar har god forståing av matematikk, statistikk og finans, og nyttar dette i ein økonomisk samanheng. Det gjer at du som aktuar kan gi gode råd om kva avgjerder ein bør ta, i tillegg til at du lærer å handtere risiko på ein god måte.
Kompetansen er svært ettertrakta i næringslivet, noko som gjer at du stiller sterkt i arbeidsmarknaden.
Meir informasjon under
Aktuarutdanningen
Jobb
Det er berre UiB i Noreg som i dag tilbyr eit 5-årig integrert studium i aktuarfag og dataanalyse. Programmet er utfordrande, men gir deg enormt gode jobbmoglegheiter. Det er sterk etterspørsel etter aktuarar, ettersom alle forsikringsselskap har en aktuarfunksjon som skal beregne kapitalkrav. I tillegg arbeider selskapene med analyser av data fra bl.a. forsikringsskader, så det er et stort behov for kandidater med sterk kvantitativ bakgrunn.
Som aktuar kan du få jobb innan:
- livsforsikring og skadeforsikring
- pensjon
- reassuranse
- konsulentbransjen
- risikostyring
- kapitalforvaltning
- bank/finans
- offentleg forvaltning
- undervisning og forsking
Våre studentar har mellom anna fått jobb i Tryg Forsikring, Gjensidige, DNB, Frende Forsikring, Statens Pensjonfond Utland (Oljefondet), Sparebank1 gruppa, Nordea Liv, PWC, EY, DNB Markets og Norwegian Hull Club.
Du får i tillegg ein mastergrad i statistikk, og kan velje å jobbe som meir tradisjonell statistikar som til dømes i medisinsk statistikk.
Les meir om kva du kan jobbe med
Oppbygging
Integrert masterprogram i aktuarfag og dataanalyse er eit femårig integrert masterprogram. Det vil seie at du slepp å søke vidare på master etter ferdig bachelorgrad. Studiet går over ti semester og startar i august.
Studieløpet ditt kan sjå slik ut:
Semester 1
- STAT100 Introduksjon til Datascience med R
- MAT111 Grunnkurs i matematikk I (10 studiepoeng)
- INF100 Innføring i programmering (10 studiepoeng)
Semester 2
- MAT112 Grunnkurs i matematikk II (10 studiepoeng)
- MAT121 Lineær algebra (10 studiepoeng)
- ECON130 Makroøkonomi (10 studiepoeng) eller MAT131 Differensiallikningar (10 studiepoeng)
Semester 3
- MAT160 Innføring i numeriske metodar (10 studiepoeng)
- Valfritt emne (10 studiepoeng)
- STAT110 Grunnkurs i statistikk (10 studiepoeng)
Semester 4
- STAT111 Statistiske metodar (10 studiepoeng)
- ECON130 Makroøkonomi eller MAT131 Differensiallikningar
- EXPHIL Examen philosophicum: seminarmodell eller skulemodell (10 studiepoeng)
Semester 5
- STAT220 Stokastiske prosessar (10 studiepoeng)
- STAT201 Generaliserte lineære modellar (10 studiepoeng) eller STAT231 (10 studiepoeng)
- Valfritt emne (10 studiepoeng)
Semester 6
- STAT292 Prosjektarbeid i statistikk (10 studiepoeng)
- STAT230 Livsforsikringsmatematikk eller STAT240 Finansteori (10 studiepoeng)
- STAT210 Statistisk inferensteori (10 studiepoeng)
Semester 7
- STAT260* Statistisk læring (10 studiepoeng)
- STAT201 Generaliserte lineære modellar eller STAT231 (10 studiepoeng)
- Valfritt emne (10 studiepoeng)
Semester 8
- AKTUA399 Masteroppgave, oppstart (10 studiepoeng)
- STAT250* Monte Carlo metodar og Bayesiansk statistikk (10 studiepoeng)
- STAT230 eller STAT240 (10 studiepoeng)
Semester 9
- AKTUA399 Masteroppgåve (20 studiepoeng)
- Valfritt emne (10 studiepoeng)
Semester 10
-
AKTUA399 Masteroppgåve (30 studiepoeng)
* Du må ta ett av disse emnene
Studiekvardag
Som student i aktuarfag og dataanalyse høyrer du til Matematisk institutt ved Det matematisk-naturvitskaplige fakultet på Nygårdshøyden i Bergen sentrum. Det er her det meste av undervisninga går føre seg. På Realfagbygget er det lesesalar og sofagrupper (kollokvieøyer) du kan bruke.
Du skal trivast som student hos oss. Vi har mellom anna eit felles fagutval, som er studentane sin organisasjon. Dei arrangerer minst ei sosial samling kvar veke, i tillegg til spillkveldar, hytteturar, pub-lectures, eksamensfestar, feiring av Pi-dagen, juleverkstad, idrettsarrangement og meir til.
I tillegg blir det kvar torsdag arrangert “vaffelorakel” for alle studentar på Matematisk institutt, noko som er både sosialt og god leksehjelp.
For at profesjonsstudiet i aktuarfag og dataanalyse skal oppfylle dei formelle krava for aktuarkompetanse er mange av elementa i studieplanen obligatoriske. Studiet er godkjent av International Actuarial Association (www.actuaries.org) og The Actuarial Association of Europe (www.actuary.eu).
Integrert masterprogram i aktuarfag og dataanalyse er eit fulltidsstudium og har tre kurs per semester. Kvart av desse kursa har som hovudregel fire timar forelesing og to til fire timar regnegruppe/seminar. Du må difor rekne med 18-24 timar undervising i veka. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.
I dei to siste semestera skriv du ei masteroppgåve om eit aktuelt emne frå fagfeltet. Tema for masteroppgåve vel du i samråd med rettleiar. Det er i tillegg 60 studiepoeng valfrie emne som du kan bruke til å fordjupe deg i eigne faginteresser eller til utveksling.
Mentor
Som ny realfagsstudent blir du med i ei gruppe, der du får to mentorar. Mentorane er meir erfarne studentar som studerer det same som deg. Du møter gruppa og mentorane gjennom heile det første året på universitetet.
På mentormøta blir du kjend med medstudentane dine. Du lærer kva det vil seie å studere på eit universitet og om korleis det er å vere student. Møta handlar om studieteknikk, eksamen- og stressmestring og life hacks for studentar. Les meir om mentorordninga ved det matematisk-naturvitenskapelige fakultet!
Meir informasjon under
Mentorordning for førsteårsstudenter
Studiestart
Som ny realfagsstudent blir du tatt imot av mentorane dine. Dei første tre dagane i studiestarten er obligatoriske, og du vil bruke tida på å bli kjend med medstudentane dine.
Kva lærer eg?
I aktuarfaget lærer du å analysere, bruke statistikk og lage modellar for å kunne rekne ut kva risikoen er for at noko kjem til å skje i framtida, og kva som i så fall kjem til å bli den finansielle ringverknaden om dette finn stad. Denne kunnskapen gjer at firma kan kontrollere risiko og unngå å ta for store økonomiske sjansar.
Du lærer å:
- analysere praktiske problemstillingar i finans og forsikring på basis av eit solid grunnlag i matematikk og statistikk.
- gjennomføre berekningar som vert kravd i arbeid som aktuar ved verksemd i livsforsikring og skadeforsikring, inkludert fastsetting av forsikringspremiar og kapitalreservar.
- beherske grunnleggjande økonomiske modellar.
Full liste med læringsutbyte.
Utveksling
Du har høve til å reise på utveksling i eitt semester, gjerne i tredje eller fjerde studieår. Vi tilrår å reise til eit universitet som har aktuarutdanning, ettersom det då vart lettare å finne relevante fag.
Slik søker du om å reise på utveksling.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse og REALR2: Matematikk R1 (eller S1+S2) + R2 og i tillegg anten:
- Fysikk 1 + 2 eller
- Kjemi 1 + 2 eller
- Biologi 1 + 2 eller
- Informasjonsteknologi 1 + 2 eller
- Geofag 1 + 2 eller
- Teknologi og forskningslære 1 + 2
Søknadsfristen er 15. april.