Hjem
Utdanning
Studieretning

Havbruksbiologi

  • Lengde2 år
  • SpråkNorsk/Engelsk
  • StudiestartHaust/Vår
  • Studiepoeng120

Introduksjon

Mål og innhald

Studieretningen havbruksbiologi har som mål å gje ein teoretisk basis og praktisk erfaring for å forstå dei biologiske prinsippa i akvatisk matproduksjon. Havbruksbiologi er ein mangfoldig disiplin, og famnar om tema som molekylærbiologi, kjemi, ernæring, og biologi, fysiologi og åtferd hos fisk. Det praktiske arbeidet i havbruksbiologi føregår i laboratoriet, klekkeriet, eller på oppdrettsanlegget. Emna i denne studieretningen gjer innsikt i rolla til akvakultur i global matproduksjon, og kunnskap og ferdigheiter nødvendig for vidare utvikling. Studenten sitt forskingsprosjekt kan gjennomførast i ein kommersiell setting eller ved en forskningsinstitusjon. Problemstillinga kan fokusere på grunnleggande biologiske prosessar, eller vere utformet for å teste og raffinere produksjonsteknikkar eller instrumentering. Studieretningen skal gje ein solid bakgrunn for studentar som ønskjer å jobbe innan havbruk og relaterte næringer, eller innan forsking.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Etter fullført studium skal studenten vere i stand til:

Kunnskapar

  • Forstå havbruksbiologien si rolle i global handel, helse og mattryggleik
  • Forstå biologien til aktuelle oppdrettsartar, og forklare dei ulike livshistoriestrategiane og deira krav i akvakultur
  • Forstå det biologiske grunnlaget (molekylært, endokrinologisk, cellulært, ernæringsmessing) for kontroll av vekst og utvikling hos oppdrettsartar
  • Kunne diskutere balansen mellom krav til miljøkvalitet, etikk, lovregulering, og behov for kommersiell produksjon i akvakultur.

Ferdigheiter

  • Kjenne til relevante spørsmål i havbruksbiologi
  • Analysere vekstmønsker og forklare dei viktigaste aspekta ved utvikling i marine artar.
  • Benytte vanlege havbruksbiologiske forskingsmetodar for å undersøke vekst, reproduksjon og utvikling
  • Bestemme årskaene til variasjonar i utvikling og vekstrate
  • Utføre ei sjølvstendig forskingsoppgåve, i samsvar med korrekt forskings- og HMS-praksis, inkludert analyse av biologisk materiale, datainnsamling, dataanalyse og tolking av resultat
  • Vise kyndigheit innan dei viktigaste analytiske metodane nytta i studenten si eiga forskingsoppgåve, og vere i stand til å forklare, diskutere og tolke andre metodar som kan vere inkludert i forskingsoppgåva.
  • Hente inn, analysere og anvende ny kunnskap innenfor fagområdet

Generelle ferdigheiter

  • Kunne arbeide i tråd med vitenskaplige prinsipper og ha forståelse for åpenhet, presisjon, etterrettlighet og betydningen av å skille mellom kunnskap og meninger
  • Diskutere biologiske teoriar i forhold til biologien til akvatiske organismar under kultivering.
  • Presentere ein vitenskaplig konklusjon basert på analyse av eigne data, og sette denne i samanheng med eksisterende forskningsresultat.
  • Demonstrere kunnskap og oversikt over litteratur- og referansedatabasar relevante for eige arbeid
  • Arbeide sjølvstendig og som del av eit team med omfattande og kravande oppgåver, og kunne overhalde tidsfrister.
  • Lage ein formell munnleg og skriftleg presentasjon av eigne forskingsresultat.
  • Kunne diskutere faget i samfunnsdebatten

Utveksling

Delstudium i utlandet

Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.

Korleis søke

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak), vår (suppleringsopptak dersom ikkje alle plassar er fylte)

Opptakskrav

Masterprogrammet i biologi byggjer på ein bachelorgrad i biologi eller beslekta fagområde. Søkar må vise til emne innan følgjande fagområde:

  • 80 studiepoeng i biologi, som må dekke følgjande fagområder: zoologi, botanikk, mikrobiologi, cellebiologi, genetikk, molekylærbiologi, fysiologi, evolusjon og økologi
  • 20 studiepoeng i kjemi, der 10 studiepoeng/ECTS må inkludere labarbeid
  • 10 studiepoeng i statistikk
  • 10 studiepoeng i matematikk (inngår ikkje i utrekning av gjennomsnittskarakter)

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad i biologi
  • Bachelorgrad i berekraftig havbruk
  • Bachelorgrad i miljø og ressursfag, naturvitskapleg retning, studieveg biologi

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du oppfyller opptakskravet som beskrive over.

Du må også ha:

  • Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av, ekskludert 10 studiepoeng i matematikk.
  • OBS! Ta kontakt med Studieseksjonen på studie@bio.uib.no dersom du har Bachelor i berekraftig havbruk eller Bachelor i miljø- og ressursfag frå UiB, då desse har andre emne i opptaksgrunnlaget.
  • Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse , anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
  • Språkkrav for tospråklege program
Foto/ill.:
BIO

Meir informasjon

Om programmet

Les heile studieplanen