Molekylærbiologi, master, 2 år
- Lengde2 År
- Plassar25
- KarakterkravMinimum C
- SpråkEngelsk, Norsk
- Studiepoeng120
- StartHaust og Vår (Vår: kun suppleringsopptak)
Hovedinnhold
Molekylærbiologi forskar frå eit molekylært perspektiv – korleis sjukdommen starta og korleis han utviklar seg. Vi kan berre forstå molekyl fullt ut ved å vurdere informasjonsinnhaldet og eigenskapane i forhold til ein levande organisme.
I molekylærbiologi spør vi:
- Korleis kan gen skape funksjon og kjenneteikn i organismar?
- Korleis dukkar sjukdommar opp, og korleis utviklar vi nye behandlingsformer?
- Korleis kan vi betre tilførselen av mat, og korleis betrar vi næringsverdi og mattryggleik?
Kjennskap til teoretisk og praktisk molekylærbiologi er nødvendig for å kunne forstå og utforme ny kunnskap innan bioteknologi og biologisk og medisinsk vitskap. Det finst mange teknikkar som er spesifikke for vårt fagfelt, og som er under stadig utvikling. Molekylærbiologi er også viktig for utvikling av dataverktøy til biologisk dataanalyse.
Masterprosjektet i molekylærbiologi dekker mange fagområde og blir jobba med i ulike forskingsgrupper og institutt ved universitetet, og på Haukeland universitetssjukehus og Havforskingsinstituttet.
Du kan velje eit forskingsprosjekt innan område som
- relasjon proteinstruktur og -funksjon
- signalering og regulering i biologiske system
- berekningsorientert biologi og bioinformatikk
Meir informasjon under
Jobb
Med mastergrad i molekylærbiologi kan du jobbe innan forsking og undervising, ved universitet, høgskular, universitetssjukehus og andre større sjukehus.
Du kan óg jobbe innan område som
- matforsking
- oljeindustri
- marin forsking
- rettsvitskap/-medisin
- miljø- og klimaforsking
Molekylærbiologar kan i tillegg få jobb innan medisinsk, farmasøytisk og bioteknologisk industri og forsking.
Du kan halde fram innan akademisk forsking ved å ta ei forskarutdanning (ph.d.).
Les meir om kva du kan jobbe med
Oppbygging
Første året som masterstudent i molekylærbiologi brukar du til å jobbe med fagemne (60 studiepoeng) og det andre året jobbar du i lab og skriv på masteroppgåva (60 studiepoeng).
Nokre emne er obligatoriske, men dei fleste kan du velje utfrå faginteresser.
Første semester (haust):
- MOL300 Praktisk biokjemi og molekylærbiologi (20 studiepoeng), obligatorisk
- Valfritt emne på 200- eller 300-nivå (10 studiepoeng)
Andre semester (vår):
- MOL310 Strukturell molekylær biologi (10 studiepoeng), obligatorisk
- Valfritt emne på 200- eller 300-nivå (20 studiepoeng)
Tredje og fjerde semester:
Les meir om emnekombinasjonar og innhald.
Studiekvardag
Molekylærbiologi er del av Institutt for biovitskap (BIO), som du finn på Marineholmen campus nær Bergen sentrum. Dette er eit internasjonalt miljø, med studentar og forskarar frå heile verda. Arbeidsspråket er engelsk.
Masterstudentar har eigen lesesal og område for sosiale aktivitetar i nærleiken av forskingslaboratoria, og det er tett samarbeid mellom tilsette og studentar.
Helix – studentorganisasjonen for molekylærbiologistudentar, er svært aktiv og inviterer master- og bachelorstudentar til å delta på ulike sosiale arrangement.
Arbeidsmengde
I ei vanleg veke som masterstudent brukar du mykje tid i laboratoriet. Du har også førelesingar, seminar, studiegrupper, prosjektarbeid, presentasjonar og innleveringar/arbeidskrav. Det er eit travelt fulltidsstudium, med mange aktivitetar kvar dag.
Masterprosjektet er ofte del av eit større forskingsprosjekt, der du jobbar saman med forskarar i grupper. Du arbeider både sjølvstendig og i samarbeid med andre.
Masteroppgåve
Studierettleiarane kan vise til ei rekke masterprosjekt du kan velje frå. Du kan også velje eige prosjekt og eigen rettleiar, og søke om å få dette godkjent som masterprosjekt.
Du kan gjennomføre forskingsprosjektet i ei av forskingsgruppene, og velje å ha ekstern oppfølging frå rettleiar ved Havforskingsinstituttet eller Haukeland universitetssjukehus.
Kva emne skriv studentane om i masteroppgåvene? Sjå nærare på Arkiv over masteroppgåver for molekylærbiologi .
Bli kjent med studentane og dei tilsette.
Kva lærer eg?
Med mastergrad i molekylærbiologi får du avansert kunnskap innan fagfeltet molekylærbiologi, inkludert proteinstruktur og -funksjon, og spesialisert kunnskap innan det avgrensa området du vel som tema for masteroppgåva.
- kan planlegge og gjennomføre biokjemiske og molekylærbiologiske eksperiment og kritisk vurdere resultata i forhold til hypotesen du testar.
- har god kompetanse til å presentere kunnskap om vitskaplege tema og forsking både munnleg og skriftleg, og både for spesialistar og folket i det heile.
- lærer gjennom prosjektarbeid korleis ein kan arbeide både sjølvstendig og samarbeidsorientert i eit laboratorium.
- lærer å evaluere dine eigne resultat i forhold til hypotesen du testar.
- lærer å lese og vurdere relevant litteratur.
Fullstendig liste over læringsutbyte.
Utveksling
Du kan utføre ein del av masteroppgåva i eit samarbeidslaboratorium i utlandet, om det passar inn i masterprosjektet og studierettleiaren godkjenner det.
Korleis søke om å reise på utveksling?
Opptakskrav
Masterprogrammet i molekylærbiologi byggjer på ein bachelorgrad med 70 studiepoeng fagleg fordjuping i molekylærbiologiske og biokjemiske emne, 20 studiepoeng kjemi der 10 studiepoeng er organisk kjemi og 10 studiepoeng i matematikk eller statistikk.
Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:
- Bachelorgrad i molekylærbiologi
- Karaktersnitt reknast frå snittet på den faglege fordjupinga i graden.
Eksterne bachelorgradar kan kvalifisere dersom dei har følgande fordjuping, og karaktersnittet reknast ut frå denne:
- minimum 20 studiepoeng kjemi, der 10 studiepoeng må være organisk kjemi
- 10 studiepoeng matematikk utover et innføringsemne i matematikk, det kan gjerne være et statistikk-emne.
70 studiepoeng i molekylærbiologiske- og biokjemiske-emne der:
- Minst 10 studiepoeng må være praktisk molekylærbiologisk laboratoriearbeid.
Minst 40 studiepoeng må omhandle noen av følgende tema:
- Innføring i molekylærbiologi
- Molekylær cellebiologi
- Regulering av metabolske vegar i celle og organ
- Gen-struktur og funksjon
- Bioinformatikk
Du må også ha:
- Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.
- Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
- Språkkrav for tospråklege program
Korleis søke
På opptakssidene finn du meir informasjon om korleis du går fram for å søke opptak til studiet.
Programmet har opptak på hausten.