Hjem

Lektor samfunnsfag (sosiologi), master, 5 år

Det er viktigare enn nokon gong med gode samfunnsfaglærarar i skulen. Med lektorutdanning i sosiologi vil du kunne hjelpe elevane å forstå samfunnet rundt dei i ein tid med store omskiftingar.
  • Lengde5 År
  • Ordinær45,9
  • Primær47,4
  • Plassar17
  • OpptakskravLÆRALT
  • Studiepoeng300
  • StartHaust

Hovedinnhold

Dette programmet er for deg som vil bli lærar og undervise på ungdomstrinnet eller i den vidaregåande skulen. Du får undervisningskompetanse i to fag. Sosiologi gir deg undervisningskompetanse i samfunnsfag, og i tillegg vel du eit av følgande fag: nordisk, eit språkfag, historie, eller religion. Du får undervisningskompetanse også i dette faget. Du fordjupar deg og skriv masteroppgåve i sosiologi.

I sosiologifaget lærer du om alle slags relasjonar mellom menneske, både på det lokale, nasjonale og globale nivå. På lektorprogrammet vil vi diskutere spørsmål som: Kva er bakgrunnen for og konsekvensane av…

  • aukande sosiale forskjellar
  • internasjonal migrasjon
  • globaliseringsprosessar
  • klimakrise
  • digitalisering av arbeids- og kvardagsliv

I tillegg til fagleg kompetanse får du kunnskap og erfaring om kva som skaper god læring og undervisning. Kva gir den beste læringa i dei faga du skal undervise i og for den aldersgruppa det gjeld? Dette får du svar på i faga pedagogikk og didaktikk og - ikkje minst - gjennom alle praksisperiodane. 

Les meir om korleis du blir lektor

Meir informasjon under

Hvilken lærer har inspirert deg?

Produsent:
Sølvrev

Jobb

Studiet er retta inn for å undervise som lektor i ungdomsskulen eller i vidaregåande skule. Lektorjobbar er sikre og familievenlege, og det er mogleg å få jobb over heile landet.

Som lærar gjer du ein svært viktig innsats ved å bidra til å utdanne kunnskapsrike, kritisk tenkjande medlemer av samfunnet i generasjonane som kjem. 

Sosiologi gir deg undervisningskompetanse i føljande fag:

  • Samfunnsfag (Ungdomstrinnet)
  • Samfunnskunnskap (Fellesfag, VGS)
  • Sosiologi og sosialantropologi (Programfag, VGS)
  • Sosialkunnskap (Programfag, VGS) 
  • Politikk og menneskerettigheiter(Programfag, VGS)

I tillegg får du undervisningskompetanse i det faget du veljar som fag 2.

En del lektorar tar seg og jobb i anna offentleg eller privat verksemd der kombinasjonen av formidlingskompetanse og fagleg kompetanse er attraktiv. Utdanninga kan også gje grunnlag for anna arbeid som informasjonsarbeid, kommunikasjonsrådgjeving, vaksenopplæring, skulerådgjeving, skuleleiing og forsking.

Ønskjer du å utdanne deg vidare, kan du ta ein phd-grad i fagdidaktikk eller i sosiologi.

Oppbygging

Lektorutdanning med master i sosiologi har eit omfang på 300 studiepoeng og er normert til 5 år. 

Studiet er bygd opp med ein bestemt progresjon frå første til tiande semester. 

  • Første semester gir generell introduksjon til faglege og pedagogiske perspektiv og problemområde, ved sidan av ex.phil. 
  • Så kjem ei brei innføring i sosiologisk teori og metode i andre semester, før spesifikke sosiologiemne og fagdidaktikk og pedagogikk. 
  • Eit første møte med praksis i første semester blir følgt opp med ny praksisrunde i tredje.
  • Etter første halvanna år med vekt på fag 1, pedagogikk og didaktikk, kjem fjerde semester med fag 2 og moglegheit for utveksling.
  • Dei to siste semestera på bachelornivå opnar for fagleg og pedagogisk sjølstende og fordjuping gjennom fokus på sosiologisk analyse, arbeid med bacheloroppgåve og fagdidaktiske emne. 
  • Studiet på masternivå i 7 og 8 semester vektar likt fagleg fordjuping (teoretisk og metodisk) og pedagogisk teori og praksis. Dette gir eit grunnlag for arbeid med masteroppgåva og utvikling av fagleg modning og sjølvstende mot slutten av studiet. 

1. semester  

  • EXPHIL Examen philosophicum (10 studiepoeng)
  • SOS100B Invitasjon til sosiologi (10 studiepoeng)
  • PEDA120 Skulen og lærarrolla (10 studiepoeng)
  • KOPRA101 Skulen og lærarrolla i praksis (12 dagar) 

2. semester 

  • SOS101 Klassisk og moderne sosiologisk teori (15 studiepoeng)
  • MET102 Samfunnsvitskapleg metode (15 studiepoeng)

3. semester 

  • SOS103-L Samfunnsstrukturer i endring (10 studiepoeng) 
  • SOS105-L Arbeid under kapitalismen eller SOS113-L Velferd og ulikhet (10 studiepoeng) (tilbod av valemne varierer frå semester til semester) 
  • PEDA121 Ulike vegar til læring (5 studiepoeng) 
  • SAKDI101 Samfunnskunnskapsdidaktikk 1 (5 studiepoeng)  
  • KOPRA102 Læringsprosessar (8 dagar)

4. semester 

  • Emne i fag 2 (30 studiepoeng)
  • Mogleg å reise på utveksling

5. semester 

  • Emne i fag 2 (20 studiepoeng)  
  • PEDA122 Lærarprofesjonen, skolen og samfunnet (5 studiepoeng)
  • Fagdidaktikk fag 2 (5 studiepoeng) 
  • KOPRA103 Planlegging og evaluering av undervising (12 dagar)

6. semester  

  • SOS201 Sosiologisk forsking: Teori og metode (15 studiepoeng)
  • Bacheloroppgave fag 2 (10 studiepoeng)
  • SAKDI111 Samfunnskunnskapsdidaktikk 2 (5 studiepoeng)

7. semester 

  • SOS340-L Prosjektutvikling (5 studiepoeng)
  • SOS304 Metode - kvalitative tilnærmingar (10 studiepoeng) 
  • SOS302 Sosiologiske teoritradisjonar (10 studiepoeng)  
  • Fagdidaktikk fag 2 (5 studiepoeng)
  • LAPRA101 Første praksisperiode (28 dagar)

8. Semester  

  • SOS303 Metode - statistisk analyse (10 studiepoeng)
  • PEDA123 Aksjonsforsking og læraren si profesjonelle utvikling (10 studiepoeng)  
  • SAKDI301 Samfunnskunnskapsdidaktikk 3 (10 studiepoeng)  
  • LAPRA102 Andre praksisperiode (40 dagar) 

9. og 10. semester  

  • SOS360 Masteroppgåva (60 studiepoeng) 

Sjå oversikt over alle emne

Studiekvardag

Lektorprogrammet er bygd opp med fagspesifikke emne i sosiologi og for faget du veljer som fag 2. I tillegg tar du emne i didaktikk, pedagogikk og – ikkje minst – praksis i skulen. Du får fleire praksisperiodar gjennom studieløpet. 

Den fagspesifikke undervisninga går for det meste saman med studentar i bachelorprogrammet eller masterprogrammet i sosiologi og i faget du vel som nummer to.  Pedagogikkundervisninga går saman med studentar frå andre lektorprogram, medan didaktikken for det meste er særeigen for lektorprogrammet i sosiologi. 

Vi stiller krav om at du er sjølvstendig og tek ansvar for di eiga læring. Du vil ta del i ei rekke ulike læringsaktivitetar, slik som førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, prosjektarbeid, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy.

Praktisk erfaring er ein sentral del av lektorutdanninga. Til saman skal du ha 100 dagar praksis i løpet av fem år, inkludert forarbeid og etterarbeid. Du vil planlegge og gjennomføre undervisning åleine og i samarbeid med medstudentar. Dette arbeidet blir tett følgt av rettleiar. 

Praksisarbeidet vil vere både på ungdomsskulen og i vidaregåande skule. I dei første åra vil det vere korte periodar, medan det er lengre periodar dei siste åra. All praksis er obligatorisk.

For å sikre samanheng i studiet og legge til rette for et godt fagleg og sosialt miljø, har lektorprogrammet ein fagleg ansvarleg som følgjer opp kvart studentkull og kvar student i studieløpet. Du kan også ta del i studentane sine eigne fellesaktivitetar, og dette vil gi deg fem lærerike og minnerike studieår.

Det er eit aktivt fagutval på sosiologisk institutt som studentane på lektorprogrammet vil kunne nominere representantar til på lik linje med studentane på bachelor- og masterprogrammet  i sosiologi. 

Les meir om studiekvardagen som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet

Kva lærer eg?

Etter fullført lektorutdanning med mastergrad i sosiologi har du    

  • god forståing av dei perspektiva, omgrepa og metodane som sosiologar brukar til å analysere samfunnstilhøve med
  • inngåande kunnskap om utvikling av skulen som organisasjon og brei forståing for skulen sitt mandat, verdigrunnlaget i opplæringa og i opplæringsløpet 
  • inngåande kunnskap om teoriar og problemstillingar knytte til fagdidaktiske og pedagogiske spørsmål
  • evne til å tilpasse opplæring i samsvar med gjeldande læreplanverk
  • evne til å skape motiverande og inkluderande læringsmiljø 
  • evne til å byggje gode relasjonar til elevar og føresette, og samarbeide med aktørar som er relevante for skoleverket 

Full liste med læringsutbyte

Korleis søke

Det er to alternative måter å dekke opptakskravet på.Du må enten dokumentere:

  • generell studiekompetanse
  • gjennomsnittskarakter 3 eller bedre i norsk (393 timer) og
  • gjennomsnittskarakter 4 eller bedre i matematikk (224 timer) og
  • minst 35 skolepoeng

eller

  • generell studiekompetanse
  • gjennomsnittskarakter 3 eller bedre i norsk (393 timer) og
  • gjennomsnittskarakter 3 eller bedre i matematikk (224 timer) og
  • minst 40 skolepoeng

Du dekker også karakterkravet i matematikk hvis du har bestått ett av følgende programfag: S1, S2, R1 eller R2.

Ved opptak til studiet må du òg legge fram politiattest.

Søknadsfristen er 15. april.

Søk her