Hjem

Erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i engelsk

Det erfaringsbaserte studiet i engelsk koplar erfaringskunnskapen din frå skulen med forskingsbasert disiplinkunnskap i engelsk og fagdidaktisk kunnskap.
  • Lengde4 År
  • Plassar10
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkEngelsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust

Hovedinnhold

Masterstudiet i undervisning med fordjuping i engelsk er ei vidareutdanning for lærarar som ønsker å bygge på til master og oppnå lektorkompetanse.  

Studiet hjelper deg som er engelsklærar til å sjå di eiga undervisning på eit metanivå, og til å ha ei undersøkjande haldning til både det å vere lærar og til elevane si læring. 

Studiet koplar erfaringskunnskapen din frå skulen med forskingsbasert disiplinkunnskap i engelsk og fagdidaktisk kunnskap. Du får kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling, slik at du kan bidra til å vidareutvikle engelsk som fag. Studiet fremjar kritisk refleksjon og samtalekulturar kring fag, undervisning og læring.  

På dette faget stiller vi spørsmål som: 

  • Korleis kan du bruke fagkunnskap og didaktisk teori til å undersøke læring i klasserommet? 
  • Korleis skal du som lærar vurdere læremiddel og arbeidsformer i dei ulike skolefaga? 
  • Korleis kan du bruke teoriar om språk, tekst og kultur til å rettleie elevane i læringsprosessane deira? 

Du får ei innføring i vitskapelege teoriar, arbeidsmåtar og forskingsmetodar, og trening i sjølvstendig arbeid med faglege oppgåver. Gjennom studiet utviklar du ei kritisk haldning til kjeldematerialet og til vitskaplege framstillingar. Studiet gir dessutan ei grunnleggjande forståing av masterfaget og skulen i ein samfunnsmessig og kulturell samanheng.

Meir informasjon under

Velg Språk!

Produsent:
Flimmer Film

Jobb

Med denne utdanninga får du lektorkompetanse med fagleg fordjuping i engelsk og ei fagdidaktisk masteroppgåve i engelskfaget.   

Samfunnet treng gode og kvalifiserte lærarar. Engelsklærarar som har teke denne utdanninga er særleg attraktive i skuleverket, sidan både faget, skolefaget og fagdidaktikk har ein sentral plass i studiet. 

Etter studiet kan du søke deg vidare til ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet.

Oppbygging

Dette masterstudiet startar i august og er eit fireårig deltidsstudium, som motsvarar eit toårig fulltidsstudium.  

Foreslått rekkefølge for kurs og masteroppgåve: 

1. semester (haust): ENGMAU642: Engelskspråkleg litteratur

2. semester (vår): ENGMAU641: Engelsk språk

3. semester (haust): ENGMAU643: Engelsk fagdidaktikk

4. semester (vår): METMAU660: Vitskapeleg metode og erfaringsdeling.

5. semester: ENGMAU644: Fellesemne Profesjon, refleksjon og erfaringsdeling

6. - 8. semester: ENGMAU655: Erfaringsbasert masteroppgåve i undervisning (engelsk)

Sjå oversikt over alle emne

Studiekvardag

Dette er eit samlingsbasert deltidsstudium. Studiet baserer seg på forelesingar, seminar, sjølvstudium og skriving av masteroppgåve. Du tar eit emne på 15 studiepoeng kvart semester. All undervisninga er obligatorisk. 

  • Semester 1-4: Tre samlingar i semesteret. Kvar samling går over to dagar. 
  • Semester 5: Ei samling.
  • Semester 6: Minst eit halvdagsseminar.

Undervisninga og litteraturen er hovudsakeleg på engelsk.  

Masteroppgåva 

Du har fire semester til å skrive masteroppgåva. Fordjupingsfaget engelsk er kjenneteikna av breidde i aktuelle forskingsemne og er ope i høve til metodar og tilnærmingsmåtar. 

I kursa ENGMAU643 Engelsk fagdidaktikk og ENGMAU644 Profesjon, refleksjon og erfaringsdeling får du hjelp til å formulere ei interessant og relevant problemstilling innan engelskdidaktikk. Du får tildelt ein rettleiar som har kompetanse på temaet du vel å skrive om. Rettleiinga er ofte ein kombinasjon av møte på campus og nettbasert rettleiing. 

Kva lærer du

Med denne utdanninga kan du: 

  • tileigne deg fagdidaktisk kompetanse som gir innsikt i engelskfaglege problemstillingar relevante for arbeid som engelsklærar  
  • utforske og evaluere eigen undervisningspraksis og vurdere og rettleie elevar i deira læringsprosessar på grunnlag av teori  

Full liste med læringsutbyte

Utveksling 

Utveksling er ikkje mogleg på dette studieprogrammet.  

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle 

Søknadsfristen er 15. april. 

Studiet må ha minst 5 studentar for å bli sett i gang.

Søk her