Hjem
Utdanning

Studieplan for MAMN-INFAG Algoritmer, vår 2024

Namn på grad

Mastergrad i informatikk - algoritmar.

Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i informatikk har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til 2 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Mål og innhald

Ein mastergrad i informatikk med studieretning algoritmar tar for seg utvikling av framgangsmåtar (algoritmar) for å løyse problem raskast mogleg på ei datamaskin. Målsettinga er å finne ein mest mogleg effektiv løysingsmetode, anten gjennom analyse eller gjennom praktiske testar. Studiet omfattar også ulike grunnleggjande aspekt ved algoritmar, som å identifisere problem som vanskeleg lar seg løyse effektivt på ei datamaskin. For desse vil ein stor del av arbeidet dreie seg om utvikling av alternative løysingsmetodar. Dette kan vere algoritmar som fungerer raskt på spesielle typar inndata eller som finn ei tilnærma løysing framfor ei eksakt.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskaper:

Kandidaten

  • kan analysere koder og algoritmar
  • kan implementere algoritmar
  • kan vurdere nytteverdien til ein gitt algoritme
  • kan utvikle algoritmar for polynomisk løysbare problem
  • kan nytte teknikkar for å handtere vanskelege problem

Ferdigheter:

Kandidaten

  • kan analysere kodar og algoritmar for å finne flaskehalsar og utbetre desse
  • kan implementere algoritmar raskt og effektivt
  • kan avgjere om ei gitt algoritme er føremålsteneleg
  • kan skilje mellom problem som lar seg løyse i polynomisk tid, samt dei som sannsynlegvis ikkje kan løysast i polynomisk tid
  • kan utvikle effektive algoritmar for problem som lar seg løyse i polynomisk tid
  • kan anvende dei vanlegaste teknikkane for å handtere vanskelege problem

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan arbeide sjølvstendig og i gruppe
  • har eit kritisk og analytisk blikk på eige og andre sitt arbeid
  • kan evaluere etiske aspektar ved eigne prosjekt

Opptakskrav

Masterprogrammet byggjer på ein bachelorgrad frå Institutt for informatikk, eller fagleg fordjuping på minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad frå Institutt for informatikk, UiB (BAMN-BINF, BAMN-DSIK, BAMN-DTEK, BAMN-DVIT, BATF-IMØ, BAMN-INF)
  • Bachelorgrad i Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) med minst 15 STP (minst to emne på minst 7,5 studiepoeng kvar) matematikk valgemner
  • Bachelorgrad i Kognitiv vitskap med spesialisering informatikk
  • Bachelorgrad i kunstig intelligens (BASV-AIKI) kvalifiserer dersom du har minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk (opptaksgrunnlaget). Minst 40 av disse 80 studiepoenga må være i informatikk og minst 15 av desse 80 studiepoenga må være matematikk. Eit statistikkemne kan inngå som eit av matematikkemna (ikkje STAT100). MNF130 / INFO104 tel som informatikkemne. INF-emne og INFO-emne som er ekvivalente med INF-emne tel som informatikk-emne.

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

  • Bachelor Dataingeniør fra HVL
  • Bachelor Informasjonsteknologi fra HVL
  • Bachelor kommunikasjonsingeniør fra HVL

Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk (opptaksgrunnlaget) og minst 40 av disse 80 studiepoenga må være i informatikk og minst 15 (minst to emne på minst 7,5 studiepoeng kvar) av disse 80 studiepoenga må være matematikk. Viss både INF100 og INF109 er del av opptaksgrunnlaget, vil søkaren berre få utteljing for INF100. Eit statistikkemne kan inngå som eit av matematikkemna (ikkje STAT100). MNF130 (og tilsvarande emne) tel som informatikkemne.

Du må også ha:

Tilrådde forkunnskapar

MNF130 Diskrete strukturar

INF234 Algoritmar

INF235 Kompleksitetsteori

MAT121 Lineær algebra

MAT221 Diskret matematikk.

INF234 Algoritmar og INF235 Kompleksitetsteori kan takast i bachelorgraden eller som ein del av masterstudiet.

Obligatoriske emne

Studiet har to komponentar: Emnedel og mastergradsoppgåve. Den samla arbeidsmengda skal vere 120 studiepoeng, der masteroppgåva er på 60 studiepoeng. Det er mogleg å skrive masteroppgåve på 30 studiepoeng.

Emnedelen

Tre emne er obligatoriske i masterstudiet:

INF234 Algoritmar

INF235 Kompleksitetsteori

INF334 Vidaregåande algoritmeteknikkar

Dei andre emna skal vere på 200- eller 300-talsnivå. Etter avtale med rettleiar, kan ein ha inntil 10 studiepoeng på 100-nivå. Emne og eventuelt spesialpensum skal veljast i samarbeid med rettleiar for å gi eit godt grunnlag for å arbeide med masteroppgåva.

1. sem - Haust: INF234, INF210/valemne, MAT221/valemne

2. sem - Vår: INF334, INF236/INF237, Oppgåve/valemne

3. sem - Haust: INF235, Oppgåve/valemne

4. sem - Vår: Oppgåve

Masteroppgåva: INF399 Masteroppgåve i informatikk er på 60 studiepoeng. (Studenten kan i samrå med rettleiar velje å skrive ei oppgåve på 30 studiepoeng og utvide emnedelen tilsvarande). Masteroppgåva skal leverast innan ein fast frist i slutten av fjerde semester, 20. november eller 1. juni.

Tilrådde valemne

MAT221 Diskret matematikk

INF210 Datamaskinteori

INF236 Parallell programmering

INF237 Algoritme-engineering

INF339 Utvalde emne i algoritmar og kompleksitet

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkjefølgje for emna finn du under overskrifta «Obligatoriske emne».

Delstudium i utlandet

Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.

Arbeids- og undervisningsformer

I arbeidet med masteroppgåva skal du på sjølvstendig vis ta i bruk metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar frå faget i undersøkinga av aktuelle problemstillingar og implementering av nye løysingar.

I løpet av 1. semester skal studenten ha funne seg ein rettleiar. Saman med denne skal han/ho bestemme eit tema for oppgåva og lage ei framdriftsplan med oversikt over kurs og milepålar i arbeidet med oppgåva.

Studiet vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar. Rettleiar skal gi råd om formulering og avgrensing av emne og problemstilling for oppgåva, litteratur, fagleg innhald, arbeidsopplegg og framdriftsplan.

Undervisningsforma for emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av førelesningar og grupper. Detaljar om emna finn du i emnebeskrivinga.

Vurderingsformer

Studiet avsluttast med ein munnleg mastergradseksamen etter at masteroppgåva er levert inn, vurdert og blitt godkjent.

Vurderinga på emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av skriftleg og munnleg eksamen. Vurderingsform for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer: «bestått/ikkje bestått» og bokstavkarakterar på skalaen A¿F.

For masteroppgåva blir ein bokstavkarakter nytta.

Karakterskala for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.

Grunnlag for vidare studium

Masterstudiet gjev grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad).

For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva vere C eller betre.

Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.

Relevans for arbeidsliv

IKT-teknologi blir i stadig aukande grad ein basisteknologi i all næringsverksemd og forvalting, og våre kandidatar er svært etterspurde til å vedlikehalde og utvikle IT-system. Mange får seg også jobb innan IT-industrien eller innan forsking og høgare utdanning.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Adminstrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved institutt for informatikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studieveileder@ii.uib.no

Tlf 55 58 42 00