Hjem
Senter for vitenskapsteori
Føre-var-prinsippet

Cautiously precautious - pollinators, pesticides and the precautionary principle in European environmental policy

I denne workshopen inviterer vi ei tverrfagleg gruppe forskarar og andre fagfolk for ein diskusjon om korleis europeiske juridiske og regulerande rammeverk kan tilpassast til å fremje smidige løysingar på alvorlege miljøtrugsmål.

RECIPES-prosjektets logo for neonicotionid-studien
Workshopen blir arrangert av BeeCaution, eit nasjonalt spin-off-prosjekt av H2020 RECIPES-prosjektet (REconciling sCience, Innovation and Precaution through the Engagement of Stakeholders).
Foto/ill.:
BeeCaution/RECIPES

Hovedinnhold

Som den første i ein serie av workshops skal vi i dette møtet utforske korleis og kvifor europeiske beslutningstakarar i stor grad har mislukkast i å handle raskt og bestemt for å motverke nedgang i insektpollinering.

Workshopen er kun for inviterte deltakarar, men spesielt interesserte kan kontakte Johannes Oldervoll med førespurnad om å delta.