Proporsjonalitetsvurderingar - korleis og kvifor?
Dette arbeidsseminaret samlar juristar, samfunnsvitarar og politiske filosofar for å diskutere proporsjonalitetsvurderingar ut frå juridiske og normative perspektiv.
Hovedinnhold
Målet med seminaret er å få i stand meir offentleg debatt og tverrfagleg akademisk debatt om denne typen vurderingar.
I løpet av dei siste par åra har fleire av koronatiltaka blitt kritisert for å ikkje å vere proporsjonale («forholdsmessige»), og i andre tilfelle for at regjeringa si grunngjeving for tiltaket ikkje har inkludert proporsjonalitetsvurderingar. Fokus på proporsjonalitet er ikkje så overraskande sett i lys av at det har blitt stadig vanlegare at domstolar i vestlege land nyttar proporsjonalitetsvurderingar («forholdsmessighetsvurderingar») når dei skal avgjere om det er lovleg å innskrenke menneskerettar og konstitusjonelle rettar. Proporsjonalitetsprøving vert også nytta av overnasjonale domstolar som den Europeiske menneskerettsdomstolen og av EU/EØS-domstolen, men har fram til pandemien vore lite framme i offentlege diskusjonar i Norge. Dette fokuset på proporsjonalitet reiser fleire viktige spørsmål: Korleis går ein eigentleg fram når ein vurderer om inngripande tiltak og lover er naudsynte og proporsjonale? Kven er det som bør ha ansvar for å gjere proporsjonalitetsvurderingar av inngripande tiltak, forskrifter og lover i første omgang? Og kva er konsekvensane av at både nasjonale og internasjonale domstolar kan overprøve politiske vedtak basert på det mange meiner er ei skjønnsprega vurdering der utfallet er vanskeleg å predikere? Er dette nok eit steg i retning av juridifisering av politikken, eller er det naudsynt for å sikre borgarane sin rettstryggleiken? Og kan strukturerte proporsjonalitetsvurderingar vere ein reiskap som hjelper lovgjevarar og forvaltning til å fatte betre avgjersler i første omgang?
Av omsyn til plass er arrangementet ikkje ope for alle. Interesserte bes ta kontakt på førehand.
Program
9.00-10.00 Kaffe og prat
10.00-10.10 Silje Langvatn (Senter for vitskapsteori, UiB) og Eirik Holmøyvik (Juridisk fakultet, UiB): Velkommen - Introduksjon
10.10-10.45 Silje Langvatn: Kva snakkar vi om når vi snakkar om at inngripande tiltak må vere proporsjonale?
10.45-12.30 Panel 1: Proporsjonalitetsvurderingar i norsk rett: korleis fungerer det og korleis bør det vere?
10.45-11.00 Hans Fredrik Marthinussen (Juridisk fakultet, UiB)
Proporsjonalitetsvurderinger i nyere norsk rettspraksis om koronatiltak.
11.00-11.15 Jan Frithjof Bernt (Juridisk fakultet, UiB)
Proporsjonalitetskrav – spørsmål om maktfordeling, funksjonalitet eller rettslig legitimitet?
11.15-11.30 Kaffepause
Anine Kierulf (Institutt for offentlig rett, UiO)
Bør proporsjonalitetsprinsippet grunnlovsfestes?
Diskusjon
12.30- 13.30 Lunsj - Terminus
13.30–15.00 Panel 2: Domstolsprøving av proporsjonalitetsprinsippet: korleis påverkar dette synet på rettar og vurderingane til politiske aktørar?
13.30-13.45 Cathrine Holst (Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi, Universitetet i Oslo)
Normative vurderinger i offentlig forvaltning
13.45-14.00 Anders Molander (Senter for profesjonsstudier, OsloMet)
Tilbakeblikk på debatten mellom Alexy og Habermas om prinsipper
14.00-14.15 Christoffer Eriksen (Institutt for offentlig rett, UiO)
Proporsjonalitetsprinsippets skyggeside - utilsiktede virkninger av domstolsprøving av proporsjonalitetsprinsippet.
Diskusjon
15.00-15.15 Kaffepause
15.15-16.30 Panel 3: Proporsjonalitetsvurderingar i overnasjonale domstolar
15.15-15.30 Jørgen Aall (Juridisk fakultet, UiB) Proporsjonalitet i EMDs praksis
15.30-15.45 Henrik Jorem (Juridisk fakultet, UiB)
Kravet til «fair balance» ved inngrep i eiendomsretten etter EMKs 1. tilleggsprotokoll artikkel 1
15.45-16.00 Andreas Føllesdal (PluriCourts, UiO)
Menneskerettighetsdomstolens og EU-domstolens proporsjonalitetstest i konflikt - en kamp om Europas sjel? - hva skal nasjonale domstoler gjøre?
Diskusjon
16.30-17.00 Avsluttande kommentarar og diskusjon
18.00 – Middag for deltakarane – Moon restaurant, Marken 33
Workshopen vert arrangert av Silje Langvatn og Eirik Holmøyvik med støtte frå PluriCourts (UiO), Senter for vitskapsteori (UiB) og Juridisk fakultet (UiB).