Hjem
Studentsider
bilateral

Universidad Nacional de Colombia og Det samfunnsvitenskapelige fakultet (BILATERAL)

  • LandColombia
  • BySantafé de Bogotá
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen er i prinsippet open for alle UiB-studentar. Så langt har vi berre erfaring med innreisande studentar.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved institutt/fakultet du studerer ved for informasjon om når det passar å reise ut på ditt studieprogram.

Språk

Undervisningsspråket er spansk. Studentar frå UiB må kunne spansk godt når dei søker. Både fordi Universidad Nacional krev eit godt nivå språkleg og fordi tryggingssituasjonen tilseier at alle må forstå godt spansk når dei kjem til byen.

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Universidad Nacional er eitt breddeuniversitet med studietilbod innanfor dei fleste større fagområde fordelt på åtte campusar. For UiB-studentar er det særleg campusane i Bogota og Medellin som er aktuelle. På Medellin campus har dei eit godt fagmiljø i historie. Studentane kan ta emne både på bachelor- og masternivå innanfor alle fagområder.

Studieavgift

Studentar som reiser ut gjennom denne avtalen frå UiB betalar ikke studieavgifter.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universidad Nacional de Colombia vart grunnlagt i 1867 og er det største universitetet i landet med meir enn 44 000 studentar fordelt på 8 campusar. Det er eit offentleg universitet som vert rekna som det beste i Colombia og eitt av dei beste i Latin Amerika, kjent for høge plasseringar på fleire rankinglister innan forsking og utdanning.

Lærestaden tilbyr ei rekke studieprogram innan dei fleste fagfelt som medisin, odontologi, biologi, psykologi, juss-, samfunns- og politikkstudiar, kunst, språk og filosofi, økonomi-, ingeniør-, jordbruk- skogbruk- og veterinærstudiar. Dei er mellom anna kjent for å utdanna gode ingeniørar.

Campusen i Medellin, kalla gruveskolen på folkemunne, vart oppretta i 1936 ved at ingeniørutdanninga vart ein del av universitetet. Institutt for geografi har gjennom mange år mottatt ingeniørstudentar herfrå som har vidareutdanna seg innanfor systemdynamikk/modellbasert samfunnsplanlegging.

Hovudstaden Bogotá som ligg på 2640 moh har rundt 8,8 millionar innbyggarar. Her ligg den største og mest kjente campusen i eit historisk og verneverdig område kalla universitetsbyen. Her kan ein mellom anna ta studiar i samfunnsfag, i politikk og internasjonale relasjonar. Vel verdt å studera i ein by som Bogotá er urbanisering og byplanlegging ettersom byen i løpet av dei siste ti åra vert rekna som ein føregangsmodell for urban innovasjon.

Bustad

Universitetet har tilbod om bustad for studentar. Det finst òg eit nettverk av leigetakarar som formidlar kontakt mellom utleigar og leigetakar.

Semesterinndeling

Semester 1 går frå midten av februar til slutten av juni. Semester 2 går frå slutten av juli til slutten av november.

Informasjon