Hjem
Studentsider
erasmus+

Det Jyske Musikkonservatorium og Griegakademiet ¿ Institutt for musikk (ERASMUS+ - Det jyske musikkonservatorium)

  • LandDanmark
  • ByÅrhus
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på bachelor- og masterprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet, Institutt for musikk. For meir informasjon, sjå https://www.uib.no/kmd/111762/reise-p%C3%A5-utveksling#griegakademiet-institutt-for-musikk

Når i studiet kan eg reise

Det passar best å reise på utveksling i 3. studieår av bachelorprogrammet. Vi tilrår at studentane reiser ut for heile studieåret, altså både for haust- og vårsemesteret.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Utøvande emner som erstattar hovedinstrument (25 stp) og utøvande støttedisiplin (5 stp) og 30 frie studiepoeng som inngår i graden som valemne.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Det Jyske Musikkonservatorium (DJM) er ein institusjon som tilbyr utdanning i musikk på høgste nivå, og som er med på å fremme musikkulturen i Danmark. Fordelt over avdelingar i Aarhus og Aalborg, tilbyr ein her kurs med stor ei fagleg breidd innan rytmisk, klassisk og elektronisk musikk. Her kan ein utdanne seg for den profesjonelle scenen, eller ein kan også avslutte som musikar, solist, komponist eller musikklærar. Med eit globalt fokus blant studentar og tilsette, har DJM ein sterk internasjonal profil. Det er om lag 300 studentar ved avdelinga i Aarhus, som er delt inn i klassisk, rytmisk og elektronisk musikk. Avdelinga i Aalborg er mindre, med om lag 100 studentar.

Århus ligg midt på Jyllands austkyst og er Danmarks nest største by med 325 000 innbyggarar. Byen er ein utprega studentby med rikt kulturliv, mange uteplassar, kaféar og scener. Namnet kjem av ei gamal genitivform av «å», og det ikkje lengre brukte ordet «os» som samanstilt tyder «elveutløp». Den same forma finst òg i fleire andre bynamn, som Nidaros og Västeros.

Bustad

Studentar må belage seg på å finne bustad sjølve.

Semesterinndeling

august - desember

januar - juni

Informasjon