Hjem
Utdanning
erasmus+

Universitat Politècnica de Catalunya og Institutt for informatikk (ERASMUS+)

  • LandSpania
  • ByBarcelona
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Alle studentar ved UiB kan søke, men studentar tilknytt Institutt for informatikk vil ha førsteprioritet dersom det er fleire søkarar enn det er ledige plassar. Det er krav om at du skal ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorprogramma ved Institutt for informatikk legg til rette for at studentar kan dra på utveksling i 6. semester, men det er og mogleg å dra tidlegare i studieløpet.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er spansk, katalansk og engelsk. Det engelskspråklege emnetilbodet er begrensa.

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle kurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universitat Politècnica de Catalunya er eit offentleg teknisk universitet som særskilt spesialiserer seg innan ingeniørfag, arkitektur og vitskap. Universitetet blei grunnlagt ved ei samanslåing av ei rekke mindre institusjonar i 1971, og har i dag rundt 30 000 studentar. I daglegtale blir universitetet helst kalla enten BarcelonaTECH eller UPC. Dette er eit internasjonalt orientert universitet med sterkt samfunnsengasjement og fokus på innovasjon. Det har fleire campusar, ikkje berre i Barcelona, men òg i dei omliggande byane Castelldefels, Igualada, Manresa, Mataró, Sant Cugat del Vallès, Terrassa og Vilanova la Geltrú.

Barcelona er regionshovudstad i den autonome regionen Catalonia og den nest største byen i Spania, med om lag 4,6 millionar innbyggarar, irekna forstadsområda. Verdsbyen er blant anna kjend for storslått arkitektur, eit rikt kulturtilbod og fotballspelarane sine.

Bustad

Universitetet tilbyr internasjonale studentar hjelp med å finne bustad gjennom samarbeid med Resa Housing Barcelona, ei tverrinstitusjonell teneste for bustadformidling i regionen.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juli.

Campus fra luften
Photo:
© Universitat Politècnica de Catalunya

Informasjon