Hjem
Utdanning
erasmus+

Kungliga Musikhögskolan i Stockholm og Griegakademiet - Institutt for musikk (ERASMUS+)

  • LandSverige
  • ByStockholm
  • Studieplassar1
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar som går på Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet - Institutt for musikk. For meir informasjon, sjå https://www.uib.no/kmd/111762/reise-p%C3%A5-utveksling#griegakademiet-institutt-for-musikk

Når i studiet kan eg reise

Det passar best å reise på utveksling i 3. studieår av bachelorprogrammet. Vi tilrår at studentane reiser ut for heile studieåret, altså både for haust- og vårsemesteret.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er svensk og engelsk.

Meir informasjon om kva undervisningsspråk som gjeld for dei ulike emna finn du på lærestaden sine heimesider.

Kva emne kan eg ta

Utøvande emner som erstattar hovedinstrument (25 stp) og utøvande støttedisiplin (5 stp) og 30 frie studiepoeng som inngår i graden som valemne.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Bustad

Konservatoriet har somme eigne studentbustader til disposisjon for internasjonale studentar, men kan ikkje garantere at alle får tilbod om rom, grunna stor pågang. Presset på den private bustadmarknaden i Stockholm kan vere stort rundt semesterstart.

Lesesal
Photo:
© Kungliga Musikhögskolan i Stockholm

Informasjon