Hjem
Utdanning
erasmus+

Jazeps Vitols Latvian Academy of Music og Griegakademiet - Institutt for musikk (ERASMUS+)

  • LandLatvia
  • ByRiga
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar som går på Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet - Institutt for musikk. For meir informasjon, sjå https://www.uib.no/kmd/111762/reise-p%C3%A5-utveksling#griegakademiet-institutt-for-musikk

Når i studiet kan eg reise

Det passar best å reise ut i 3. studieår av bachelorprogrammet. Vi tilrår at studentane reiser ut for heile studieåret, altså for både haust- og vårsemesteret.

Språk

Sjå lærestaden sine nettsider for informasjon om undervisningsspråk for dei ulike emna.

Kva emne kan eg ta

Utøvande emne som kan godkjennast som erstatning for hovedinstrument (25 studiepoeng), utøvande støttedisiplin (5 studiepoeng) og 30 frie studiepoeng som inngår i graden som valemne.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Det tidlegare konservatoriet i Riga blei stifta i 1919 av den latviske komponisten J¿zeps V¿tols, og bygde på tradisjonane frå konservatoriet i St. Petersburg, kor V¿tols hadde undervist i 30 år. Formålet var å utvikle det latvisk musikk og kultur. V¿tols inviterte anerkjende musikarar til å kome og undervise i ulike nasjonale musikkulturar, blant anna latvisk, russisk og tysk. Slik unngjekk den nye latviske nasjonale kulturen å bli provinsiell, og integrerte seg i staden med den europeiske. Akademiet vektlegg vitskapeleg forsking og kunstnarisk kreativitet.

Riga er hovudstad i Latvia, og i likskap med Bergen, ein tidlegare Hansaby. Byen har rundt 700 000 innbyggarar og ligg på ei sandslette mellom ein og ti meter over havet, ved Rigabukta, om lag midt i landet. Etter sovjettida har norske næringslivsaktørar vist iver etter å etablere seg i byen, og franchisekjeder som Narvesen, Rema 1000, Cubus og Dressmann er synlege i bybiletet.

Bustad

Viss ein ynskjer studentbustad, må ein reservere i god tid. Det finst òg fleire firma som driv med privat utleige og det er gode sjansar for å finne rimeleg prisa bustad på den private leigemarknaden.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Informasjon