Hjem

Utdanning

erasmus+

MUSIKENE - Centro superior de música del Pais Vasco og Griegakademiet - Institutt for musikk (ERASMUS+)

  • LandSpania
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet, Institutt for musikk. For meir informasjon, sjå https://www.uib.no/kmd/111762/reise-p%C3%A5-utveksling#griegakademiet-institutt-for-musikk

Når i studiet kan eg reise

Det passar best å reise på utveksling i 3. studieår av bachelorprogrammet. Vi tilrår at studentane reiser ut for heile studieåret, altså både for haust- og vårsemesteret.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Utøvande emner som erstattar hovedinstrument (25 stp) og utøvande støttedisiplin (5 stp) og 30 frie studiepoeng som inngår i graden som valemne.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Musikkhøgskulen MUSIKENE blei oppretta i 2001, og har i dag rundt 500 studentar. Skulen har fagtilbod både innan utøvande disiplinar, komposisjon, direksjon og pedagogisk, og fokuserer på heilskaplege utdanningar. Størst tilbod finst innan klassisk musikk og jazz. Skulen har campus i sentrum av San Sebastian.

San Sebastian er ein hamneby som ligg heilt inst i Biscayabukta, i Baskerland. Byen har rundt 200 000 innbyggarar, og ber preg av ei maritim kulturarv. Her finst flotte sandstrender heilt inne ved bykjernen, og fiskeri har vore ei viktig næring i området opp gjennom historia. San Sebastian held kvar haust ein stor filmfestival og folkefesten Semada Grande.

Bustad

MUSIKENE har ingen eigne studentbustader, men kan hjelpe Erasmus-studentar med informasjon om moglegheitene for å finne bustad i San Sebastian, enten på studentheimar eller på den private marknaden.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni/juli.

Flott bygning
Foto:
© Centro superior de música del Pais Vasco

Informasjon