Hochschule für Musik 'Franz Liszt' Weimar og Griegakademiet ¿ Institutt for musikk (ERASMUS+)
- LandTyskland
- ByWeimar
- Studieplassar1
- StudienivåBachelor og Master
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1-2 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Studentar på bachelor- og masterprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet, Institutt for musikk. For meir informasjon, sjå https://www.uib.no/kmd/111762/reise-p%C3%A5-utveksling#griegakademiet-institutt-for-musikk
Når i studiet kan eg reise
Det passar best å reise på utveksling i 3. studieår av bachelorprogrammet. Vi tilrår at studentane reiser ut for heile studieåret, altså både for haust- og vårsemesteret.
Språk
Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.
Kva emne kan eg ta
Utøvande emner som erstattar hovedinstrument (25 stp) og utøvande støttedisiplin (5 stp) og 30 frie studiepoeng som inngår i graden som valemne.
Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.
Studieavgift
Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Hochschule für Musik Franz Liszt er kalla opp etter komponisten som først tok initiativ til å etablere eit musikkakademi i Weimar. Initiativet blei fulgt opp og skulen grunnlagt i 1872. Musikkhøgskulen tilbyr studieløp innan både utøvande greiner, komposisjon, musikkteater, pedagogikk og tilgrensande disiplinar. Det blir undervist i eit breitt spekter musikalske sjangrar og instrument. Skulen har om lag 1000 studentar og fleire bygningar rundt om i Weimar.
Weimar er ein by med rundt 65 000 innbyggarar. Han ligg sentralt i Tyskland, i delstaten Thüringen, sørvest for Leipzig. Weimar er ein vakker og sjarmerande småby, kjend som heimbyen til Goethe og som forhandlingstad for Weimargrunnlova frå 1919. Han har mange festivalar og kulturtilbod sett i forhold til folketalet.
Bustad
Studentsamskipnaden Studentenwerk har fleire bustadhus i byen, skjønt dei fleste studentane her vel å leige privat. Det er relativt lett å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Weimar.
Semesterinndeling
Oktober - mars og april - august.
Informasjon
- Hjemmesidehttps://www.hfm-weimar.de/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb7796
- FagnavnMusikk