Hjem
Studentsider
nordplus

Centria University of Applied Sciences og Griegakademiet ¿ Institutt for musikk (NORDPLUS - Nordtrad)

  • LandFinland
  • ByKokkola
  • AvtaletypeNordplus
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet, Institutt for musikk. For meir informasjon, sjå https://www.uib.no/kmd/111762/reise-p%C3%A5-utveksling#griegakademiet-institutt-for-musikk

Når i studiet kan eg reise

Det passar best å reise på utveksling i 3. studieår av bachelorprogrammet. Vi tilrår at studentane reiser ut for heile studieåret, altså både for haust- og vårsemesteret.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Utøvande emner som erstattar hovedinstrument (25 stp) og utøvande støttedisiplin (5 stp) og 30 frie studiepoeng som inngår i graden som valemne.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Det er ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men studentane skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute. Det er mogleg å søke stipend gjennom nettverket.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Centria University of Applied Sciencies er ein privat høgskule som blei grunnlagt i 1992. Studiemiljøet er innovativt og fleirkulturelt, med studentar frå heile verda. Lærestaden tilbyr bachelor - og mastergradar innan ingeniørfag, næringsliv, sosialt arbeid, helse, musikkpedagogikk, humaniora m.m.. Studiegruppene er små, noko som sikrar at kvar student får den merksemda ein treng for å lære. Undervisninga er praktisk orientert, og workshops og projekter er mykje brukt som læringsmetode.

Karleby (Kokkola) er ein bykommune ved Bottenviken i Finland, om lag 130 kilometer nordaust for Vasa. Karleby har om lag 50 000 innbyggarar. Kommunen er tospråkleg, 84% av befolkninga er finsktalande og 13% er svensktalande. Byen blei grunnlagt i 1620.

Bustad

Lærestaden kan reservere ein hybel når ein leverer søknad om opptak.

Semesterinndeling

august - desember

januar - mai

Informasjon