Hjem

Klassiske fag

Studer klassisk filologi i Bergen

Kontakt

Studieveileder: studieveileder@lle.uib.no
Fagkoordinator: matti.wiik@lle.uib.no

Klassiske studium er ei samansetjing av forskjellige fagområde som latin, gresk, retorikk og antikke studium.

Klassiske fag

Klassisk filologi er studiet av dei historiske språka gresk og latin. Desse var dei viktigaste språka i antikken og mellomalderen i Europa og kom i bruk i andre delar av verda i den tidleg-moderne perioden. Dei som studerer klassisk filologi, får ein kompetanse som er etterspurd i institusjonar og marknader over heile verda der eldre historie er ein del av området for verksemda. I tillegg blir det undervist i latin ved fleire skular i Noreg.

Korleis blei Athen til eit sentrum for filosofi, kunst og litteratur? På kva måte har arven frå den greske bystaten påverka dei moderne demokratia? Kvifor er gresk mytologi framleis ei viktig inspirasjonskjelde for kunstnarar og forfattarar?

Korleis kunne bystaten Roma erobre alle landa rundt Middelhavet? Kvifor blir romerske talar framleis rekna som eksempel på effektiv kommunikasjon? Og kvifor var latin så viktig i skolen heilt fram til vår tid?

Er dette spørsmål som interesserer deg? Då er kanskje ein grad i gresk eller latin noko for deg.

Bachelor i Klassisk filologi   Master i latin   Master i gresk

Visste du at ...

...det nye testamentet blei skrive på gresk? Det blei også det meste av den tidlege kristne litteraturen frå 100- og 200-talet. Derfor er gresk også viktig for teologar og religionsvitarar.

...den første noregshistoria vart skriven på latin på slutten av 1100-talet? Forfattaren kalla seg Theodoricus, på norsk heitte han truleg Tore eller Tjodrek.