Hjem
For ansatte
Tilsettmobilitet

Erasmus+ opplæringsopphald

Erasmus+ opplæringsopphald gir alle tilsette ved UiB moglegheit til å utvikle kompetansen sin gjennom opphald i utlandet. Formålet er å styrkje kvalitet, samarbeid og internasjonalisering i høgare utdanning.

Hovedinnhold

Erasmus+ opplæringsopphald skal bidra til fagleg og profesjonell utvikling for tilsette ved Universitetet i Bergen.

Opphaldet skal vere basert på aktiv deltaking, og gir moglegheit til å utvikle nye ferdigheiter, få faglege impulsar og utveksle erfaringar med kollegaer internasjonalt. Det er forventa at du deler erfaringane dine ved UiB etter endt opphald.

For tilsette i vitskaplege stillingar finst det òg eigne ordningar for undervisningsopphald gjennom Erasmus+ (lenkje til informasjon om undervisningsopphald gjennom Erasmus+.)

Kva skal opphaldet innehalde? 

Eit opplæringsopphald kan til dømes vere jobbskygging, deltaking på kurs eller workshop, eller ein “Staff Training Week”. Du kan også delta på seminar eller konferansar dersom dei har ein tydeleg læringskomponent og du deltek aktivt.

Ordninga er ikkje meint for arrangement der du berre er tilhøyrar, eller for reiser som primært har som mål å etablere eller halde ved lag samarbeid. Du kan heller ikkje søkje om Erasmus+ opplæringsopphald for eit reint forskingsopphald. 

Kvar kan du reise?

Opphaldet kan gjennomførast både ved andre universitet og i verksemder eller organisasjonar som tilbyr relevant opplæring.

Erasmus+ omfattar EU-landa, samt Island, Liechtenstein, Nord-Makedonia, Serbia og Tyrkia. Storbritannia blir med frå 2027, og det vil først vere mogleg å søkje støtte til opphald der frå hausten 2027.

Du kan reise både til institusjonar UiB har avtale med, og til andre institusjonar. Dersom du vel ein stad utan avtale, må du grunngje valet. Opphald ved CHARM-EU-partnarar blir prioriterte.

Oversikt over avtalane finn du her:👉 Finn utvekslingsavtalar

Planlegg du eit opphald utanfor Erasmus+-landa, bør du ta kontakt med Internasjonalt senter tidleg i prosessen.

Formelle krav

Opphaldet må vare i minst to dagar (utan reisedagar) og kan vare i inntil to månader. UiB gir normalt støtte for opphald på opptil fem arbeidsdagar.

Du må ha godkjenning frå næraste leiar før du søkjer. Før oppstart skal det vere på plass ein mobilitetsavtale med mål og forventa resultat, i tillegg til eit program for opphaldet.

Slik søkjer du

Du kan enten sende ein kort søknad med mobilitetsavtale, eller berre den ferdige utfylt avtala - Mobility Agreement.

I søknaden kan du kort forklare kvifor du har valt den aktuelle institusjonen, særleg dersom det ikkje er ein avtaleinstitusjon.
Det er også relevant å nemne om du planlegg å reise grønt, og korleis reisa då skal gjennomførast.

Søknaden sender du via WebSak, legg den i di elektroniske personalmappe. Sakshandsamar: Signe Knappskog

Søknadsfristar

  •  15. september
    1. februar

Stipend og satsar

Stipendet har satsar for opphald og reise. Det er ikkje alltid tilstrekkeleg for å ta heile kostnaden, og di lokale eining må dekke resten. Beløpet varierer etter vertsland og reiseavstand.

Opphaldssatsar

130 € per dag:
Belgia, Danmark, Finland, Frankrike, Irland, Island, Italia, Liechtenstein, Luxembourg, Nederland, Sverige, Tyskland, Austerrike

115 € per dag:
Estland, Hellas, Kypros, Latvia, Malta, Portugal, Slovakia, Slovenia, Spania, Tsjekkia

100 € per dag:
Bulgaria, Kroatia, Litauen, Nord-Makedonia, Polen, Romania, Serbia, Tyrkia, Ungarn

Reisesatsar: 

Reisestøtta blir rekna ut etter avstand.

Reiseavstand mellom  100 og  499 km: 211 € per deltakar     (grøn sats: 285 €)
Reiseavstand mellom  500 og 1999 km: 309 € per deltakar     (grøn sats: 417 €)
Reiseavstand mellom 2000 og 2999 km: 395 € per deltakar     (grøn sats: 535 €)
Reiseavstand mellom 3000 og 3999 km: 580 € per deltakar     (grøn sats: 785 €)
Reiseavstand mellom 4000 og 7999 km: 1188 € per deltakar
8000 km eller lenger: 1735 € per deltakar

👉 Bruk EU sin reisekalkulator: http://ec.europa.eu/programmes/erasmus-plus/tools/distance_en.htm

Grøn reise

Erasmus+ gir ekstra støtte til klimavenleg reise.
Du kan få:

  • høgare reisestøtte
  • støtte til ekstra reisedagar

Døme på grøn reise er tog og felleskjøring. Minst 50 % av reisa må vera grøn for at denne satsen gjeld. 

Etter opphaldet

Stipendet vert utbetalt til di eining etter at opphaldet er gjennomført. 

For at stipendet skal bli utbetalt, må du ha levert:

  • signert mobilitetsavtale - Mobility Agreement - ta kontakt for word-versjon.
  • stadfesting på opphald frå vertsinstitusjonen - Confirmation
  • signert stipendavtale - Grant Agreement - vert sendt deg. 
  • rapport

Du får lenkje til rapporten frå EU-kommisjonen på e-post.

Reiserekning leverer du til institutt eller avdeling som vanleg.