Hjem
For ansatte

Erasmus+ undervisningsmobilitet

Undervisningsmobilitet er eit tiltak innan Erasmusprogrammet som alle som underviser ved norske høgre utdanningsinstitusjonar kan nytte seg av.

Hovedinnhold

Denne ordninga gjeld for alle vitskapeleg tilsette ved UiB, også stipendiatar, postdoktorar og i liknande midlertidig stillingar.

Undervisningsmobilitet gjev gode moglegheiter til å knyte og oppretthalde kontakt med utanlandske kollegaer og lærestader i EU-landa i tillegg til Island, Lichtenstein, Nord-Makdedonia, Serbia og Tyrkia.

Tilsette kan søke om støtte til opplæringsmobilitet på grunnlag av ei avtale om Blended Intensive Programmes (lenke til informasjon om BIP). Grunna stor konkurranse om midlane har vi sett eit krav for støtte at det også er UiB-studentar som skal reise på same BIP.
Vanlegvis gir vi støtte til berre ein tilsett for kvart slikt BIP-opphald.    

Kva skal opphaldet innehalde?

Eit undervisningsopphald skal bestå av undervisning ved vertsinstitusjonen, som kan vere både førelesingar, seminar og rettleiing.

Det er eit krav om minimum 8 timar undervisning for inntil ei veke, ved opphald over éi veke blir timetalet rekna proporsjonalt. Undervisninga må gjennomførast fysisk på staden, og kan ikkje skje digitalt eller via e-post.

Kombinere undervisning og opplæringsopphald?

Det er mogleg å kombinere undervisning og opplæring i eitt og same opphald.

  • Du må gjennomføre minimum 4 timar undervisning per veke
  • I tillegg skal opphaldet innehalde ein opplæringsdel (t.d. jobbskygging eller workshop)

Ved kombinerte opphald skal du nytte mobilitetsavtalen for undervisning (Mobility Agreement for Teaching).

Kvar kan du reise? 

Opphaldet må gjennomførast ved eit universitet UiB har ein Erasmus+-avtale med innan det aktuelle fagområdet.

Er du usikker på om det finst ein avtale, kan du kontakte internasjonal koordinator eller studiekonsulent ved instituttet eller fakultetet ditt.

Erasmus+ omfattar EU-landa, samt Island, Liechtenstein, Nord-Makedonia, Serbia og Tyrkia. Storbritannia blir med frå 2027, og det vil først vere mogleg å søkje støtte til opphald der frå hausten 2027.

Planlegg du eit opphald utanfor desse landa, bør du ta kontakt med Internasjonalt senter tidleg i prosessen.

Formelle krav

Opphaldet må vare i minst to dagar (utan reisedagar) og kan vare i inntil to månader. UiB gir normalt støtte for opphald på opptil fem arbeidsdagar.

Du må ha godkjenning frå næraste leiar før du søkjer. Før oppstart skal det vere på plass ein mobilitetsavtale med mål og forventa resultat, i tillegg til informasjon om undervisninga du skal gjennomføre. 

Slik søkjer du

Du kan enten sende ein kort søknad med mobilitetsavtale, eller berre den ferdige utfylt avtala - Mobility Agreement.
I søknaden er det relevant å nemne om du planlegg å reise grønt, og korleis reisa då skal gjennomførast.

Søknaden sender du via WebSak til sakshandsamar: Signe Knappskog. I webSak skal søknaden vera eit dokument i di elektroniske personalmappe. 

Søknadsfristar

  •  15. september
    1. februar

Stipend og satsar

Stipendet har satsar for opphald og reise. Det er ikkje alltid tilstrekkeleg for å ta heile kostnaden, og di lokale eining må dekke resten. 

Beløpet varierer etter vertsland og reiseavstand.

Opphaldssatsar

130 € per dag:
Belgia, Danmark, Finland, Frankrike, Irland, Island, Italia, Liechtenstein, Luxembourg, Nederland, Sverige, Tyskland, Austerrike

115 € per dag:
Estland, Hellas, Kypros, Latvia, Malta, Portugal, Slovakia, Slovenia, Spania, Tsjekkia

100 € per dag:
Bulgaria, Kroatia, Litauen, Nord-Makedonia, Polen, Romania, Serbia, Tyrkia, Ungarn

Reisesatsar: 

Reisestøtta blir rekna ut etter avstand.

Reiseavstand mellom  100 og  499 km: 211 € per deltakar     (grøn sats: 285 €)
Reiseavstand mellom  500 og 1999 km: 309 € per deltakar     (grøn sats: 417 €)
Reiseavstand mellom 2000 og 2999 km: 395 € per deltakar     (grøn sats: 535 €)
Reiseavstand mellom 3000 og 3999 km: 580 € per deltakar     (grøn sats: 785 €)
Reiseavstand mellom 4000 og 7999 km: 1188 € per deltakar
8000 km eller lenger: 1735 € per deltakar

👉 Bruk EU sin reisekalkulator: http://ec.europa.eu/programmes/erasmus-plus/tools/distance_en.htm

Grøn reise

Erasmus+ gir ekstra støtte til klimavenleg reise.

Du kan få:

  • høgare reisestøtte
  • støtte til ekstra reisedagar

Døme på grøn reise er tog og felleskjøring. Minst 50 % av reisa må vera grøn for at denne satsen gjeld. 

Etter opphaldet

Stipendet vert utbetalt til di eining etter at opphaldet er gjennomført. 

For at stipendet skal bli utbetalt, må du ha levert:

  • signert mobilitetsavtale - Mobility Agreement for Teaching - ta kontakt for word-versjon.
  • stadfesting på opphald frå vertsinstitusjonen - Confirmation
  • signert stipendavtale - Grant Agreement - vert sendt deg. 
  • rapport

Du får lenkje til rapporten frå EU-kommisjonen på e-post.

Reiserekning leverer du til institutt eller avdeling som vanleg.