Erasmus+ undervisningsmobilitet
Undervisningsmobilitet er eit tiltak innan Erasmusprogrammet som alle som underviser ved norske høgre utdanningsinstitusjonar kan nytte seg av.
Hovedinnhold
Denne ordninga gjeld for alle vitskapeleg tilsette ved UiB, også stipendiatar, postdoktorar og midlertidig tilsette.
Undervisningsmobilitet gjev gode moglegheiter til å knyte og oppretthalde kontakt med utanlandske kollegaer og lærestader i EU-landa i tillegg til Island, Lichtenstein, Nord-Makdedonia, Serbia og Tyrkia.
Tilsette kan søke om støtte til opplæringsmobilitet på grunnlag av ei avtale om BIP (lenke til informasjon om BIP). Grunna stor konkurranse om midlane har vi sett eit krav for støtte at det også er UiB-studentar som skal reise på same BIP.
Vanlegvis gir vi støtte til berre ein tilsett for kvart slikt BIP-opphald.
Formelle krav
Det er eit krav at all undervisning skjer på staden (og altså ikkje på e-post eller liknande). Undervisninga kan vere av ulik form, anten som førelesingar, seminar eller ein-til-ein-undervisning/rettleiing.
Mobiliteten skal vere basert på ein Erasmus+ avtale mellom UiB og partneruniversitetet i det aktuelle fagfeltet. Partneruniversitetet må på førehand ha gjort klart kva undervisingsprogram læraren er ansvarleg for, men det er sendeinsitusjonen som vel ut lærarane som skal delta. Dersom du er i tvil om det er ein avtale om undervisningsutveksling med eit aktuelt universitet, kan du ta kontakt med internasjonal koordinator /studiekonsulent ved instituttet eller fakultetet.
Opphaldet må vare i minimum to dagar utanom reise, og det må undervisast i minimum åtte timar. Dersom ein er ute i fleire veker, må det undervisast i minimum åtte timar kvar veke. Det er óg mogeleg å reise på kombinert undervisnings- og opplæringsopphald, og då er kravet til undervisning 4 timar i tillegg til at ein opplæringskomponent må leggast inn i mobilitetsavtalen. Opplæringskomponenten kan vere observasjon, workshop eller jobbskygging.
Maks lengde på opphaldet er to månader, men normalt vil ein ikkje få Erasmus-støtte for meir enn ei arbeidsveke (5 dagar).
Før utreise må den tilsette ha ei avtale med hovudmål og venta resultat av opphaldet, samt eit program for mobilitetsperioden (Mobility Agreement, mal lenger nede på sida). Denne mobilitetsavtala skal signerast av både sender- og mottakarinstitusjon, i tillegg til deltakar, før opphaldet startar. Ein kan gjerne bruke mobilitetsavtala som søknad, men hugs 3 underskrifter.
Søknaden skal kome frå/vera godkjent av leiar ved instituttet/fakultetet og blir å sende til Studieadministrativ avdeling, i Elements, saksnummer 2025/7516 (for studieåret 25/26). Slik er leiar informert om planen for undervisningsopphaldet.
Søknadsfristar
Det er to søknadsfristar i året ved Universitetet i Bergen: 15. september og 1. februar, og inga søknadshandsaming utover fristane.
Erasmusstipendet
Stipendet vert tildelt etter satsar for opphald og reise etter kva land i Europa du reiser til.
Vertsland og sats for opphald:
- Danmark, Finland, Island, Irland, Liechtenstein, Luxemburg, Sverige: 130 € per dag
- Austerrike, Belgia, Frankrike, Hellas, Italia, Kypros, Malta, Nederland, Portugal, Spania og Tyskland: 115 € per dag
- Bulgaria, Kroatia, Estland, Latvia, Litauen, Nord-Makedonia, Polen, Romania, Serbia, Slovakia, Slovenia, Tyrkia, Tsjekkia og Ungarn: 100 € per dag
Reisesatsar:
Reiseavstand mellom 100 og 499 km: 211 € per deltakar
Reiseavstand mellom 500 og 1999 km: 309 € per deltakar
Reiseavstand mellom 2000 og 2999 km: 395 € per deltakar
Reiseavstand mellom 3000 og 3999 km: 580 € per deltakar
Reiseavstand mellom 4000 og 7999 km: 1188 € per deltakar
8000 km eller lenger: 1735 € per deltakar
Europakommisjonen sin reisekalkulator skal nyttast for å finne reiseavstand:
http://ec.europa.eu/programmes/erasmus-plus/tools/distance_en.htm
Grøn reise Erasmus
Erasmusprogrammet har ønskje om å gjere mobiliteten innan programmet så klimanøytral som mogleg. Dette er også i tråd med UiB sin reise policy. Derfor er det eigne reisesatsar for dei som vil reise meir klimanøytralt (tog, buss eller elbil). Dette må ein opplyse om i søknad. Ein kan og få ekstra reisedagar.
Reiseavstand mellom 100 og 499 km: 285 € per deltakar
Reiseavstand mellom 500 og 1999 km: 417 € per deltakar
Reiseavstand mellom 2000 og 2999 km: 535 € per deltakar
Reiseavstand mellom 3000 og 3999 km: 785 € per deltakar
Stadfesting og rapport etter opphaldet
For at det skal kunne betalast ut Erasmus-midlar til eininga etter undervisningsmobiliteten, må følgande dokumentasjon ligge føre:
- Signert utvekslingsavtale (Mobility agreement)
- Stadfesting på undervisningsmobilitet
- Signert stipendavtale (Grant agreement) Denne får du tilsendt dersom søknaden din får støtte.
- Rapport
Rapporten skal leverast via ei lenke som blir sendt frå EU-kommisjonen til e-postadressa di, etter endt utveksling.
Reiserekning skal leverast på vanleg måte til ditt institutt/fakultet.
