Hjem
Middelalderklyngen
landslovsjubileum

Fleirfaglege perspektiv på Magnus Lagabøtes landslov

I 2024 vert 750-årsjubileet for Magnus Lagabøtes landslov feira. Ved Universitetet i Bergen vil forskarar frå inn- og utland gje perspektiv på lova som endra Noreg.

Utsnitt av ei side frå Codex 15 i Lund
Codex Reenhielmianus er skrevet for hand og illuminert med flotte teikningar. Boka er oppbevart ved Universitetsbiblioteket i Lund, og vert også kalla Codex Lund 15, eller berre Lundarbok.
Foto/ill.:
alvin-portal.org

Hovedinnhold

I mellomalderen var Bergen Norges viktigaste by, og fleire sentrale hendingar fann stad i byen. Blant anna var det her Magnus Lagabøte utarbeidde det som skulle bli den første landsdekkande lova i landet, ei lov som tredde i kraft i 1274. I år skal vi feire at ho er 750 år.

Men kva var det som var nytt med denne lovsamlinga, korleis styrte ein etter ho, og kva fekk ho å seie for folk? 

I september skal forskarar frå ulike europeiske land setje lova under lupa, nettopp her i Bergen, på ein firedagars, tverrfagleg konferanse, i regi av Universitetet i Bergen. Og konferansen er open for alle som er interesserte i å lære meir om lova som endra Noreg, og som var med å forme korleis menneska levde her i mellomalderen. 

Viktig kjelde for forsking på mellomalderen

– Magnus Lagabøtes Landslov har stor betydning for alle som forskar på mellomalderen i Noreg, fortel Irene Baug. Ho er forskar i arkeologi og koordinator for UiBs mellomalderklynge, og med ansvar for å koordinere konferansen. 

–  Når ein forskar på mellomalderen er Landslova ei viktig kjelde til kunnskap om samfunnet den gongen, uansett kva fagfelt ein jobbar med. I Bergen har vi et stort miljø innan mellomalderforsking, der nokre forskarar jobbar med den konkrete lovteksten, medan andre nyttar lova meir indirekte i arbeidet sitt.  

Rettshistorie og fokus på rettslege og kulturelle praksisar i Nord-Europa i mellomalderen er viktige forskingsfelt ved universitetet, og som vil bli løfta og aktualisert under konferansen. I tillegg vil vi belyse skriftkulturens og lovgjevinga sin betydning og verdi. 

Landslova fortel oss mykje om samfunnet i mellomalderen

Magnus Lagabøtes Landslov var noko heilt nytt, det var første gongen vi fekk ei felles lov for heile riket. Med denne lova fekk heile befolkninga rettigheiter, ikkje berre dei velståande, og ikkje berre menn. Dette var ein ny måte å tenke på i mellomalderen. 

– Lova var ein måte å regulere samfunnet på, og gjennom lova kan vi sjå og forstå korleis kongen ønska at samfunnet skulle vere, fortel Baug. 

Lova som kong Magnus utarbeidde på slutten av 1200-talet vart gjeldande i over 400 år.

Forskarar som studerer Landslova fokuserer blant anna på korleis samfunnet var organisert, på reglar knytt til eigedom og arv, og kva lova seier om forsvar av landet. Korleis blei lova handheva, og er det mogleg å finne spor etter dei som brukte lovmanuskripta? Kva seier lova om kyrkjeleg og kongeleg makt? 

Lova gjaldt både fattige og rike, men kva rettar hadde dei ulike sosiale gruppene, som kvinner, born og dei fattige? Og samsvarer dei skriftlege kjeldene med dei arkeologiske funna ein har grave fram? 

Internasjonale og tverrfaglege perspektiv på Landslova

På konferansen vil historikarar, rettshistorikarar, arkeologar, filologar og andre fagfolk kome saman og diskutere Landslova ut frå eit tverrfagleg perspektiv. 

Konferansen tek mellom anna opp spørsmål rundt bakgrunnen for Landslova og vil sjå nærare på samfunnet som lova skulle regulere, både kongemakt og lokalsamfunn.

– Konferansen legg vekt på å få fram forskingsstatus på Landslova innafor ulike fagfelt, å sjå nye samanhengar og å diskutere framtidig forsking, forel Baug.

Landslova står markant fram i europeisk samanheng, som eitt av totalt berre fire riksdekkande lovverk fra mellomalderen. Irene Baug fortel at konferansen også vil sjå lova frå eit komparativt perspektiv, både geografisk, men også over tid. 

– Vi vil mellom anna få eit internasjonalt perspektiv, der Landslova blir studert i forhold til lover frå andre land og kulturar. Korleis heng vår lovskaping saman med til dømes islamsk lovgiving i mellomalderen?

Lovskriving og bryllup i Håkonshallen

Konferansen vil i hovudsak gå av stabelen i Universitetsaulen, men første dagen finn stad i historiske Håkonshallen, ein bygning som har hatt stor betydning for kongesetet i mellomalderen, men også for Magnus Lagabøte personleg. 

– Det var her Magnus Håkonsson Lagabøte feira bryllup med danske Prinsesse Ingeborg i 1261, og Landslova blei sannsynlegvis skriven her, fortel Baug. 

– Konferansedeltakarane vil også få ein guida tur i Rosenkrantztårnet – der Magnus Lagabøte sitt kastell frå 1270-åra befinn seg – og til Bryggens Museum si jubileumsutstilling. Her vil vi blant anna sjå mellomalderske landslovmanuskript og fragment av eldre lover, og viktig gjenstandsmateriale som kastar lys over perioden.

– Vi kan love både tilreisande og lokale deltakarar, innhaldsrike og spanande dagar. Ikkje berre får vi lære om Magnus Lagabøte og den betydinga Landslova hadde for Noreg i mellomalderen, men vi får gjere det i byen og i dei bygningane som var heilt sentrale for kongen då lova vart til, seier Irene Baug.