Hjem
Globale samfunnsutfordringer
Arrangement

Byrommet i Bergen – korleis riggar vi oss for framtida?

Bergen skal vere ein god by å bu i, men korleis får vi plass til alt vi treng på vårt avgrensa areal?

Kontainerhavna i Bergen
Foto/ill.:
Bergen Havn

Hovedinnhold

Kampen om plassen i vårt tronge byrom tilspissar seg. Byen har eit avgrensa areal som skal romme meir enn bustadar, grøntområde og kulturarv.

Den offentlege debatten fokuserer mykje på passasjertransport, og mindre på dei som jobbar i kulissene. Foodora, BIR, ASKO, postlevering - korleis skal vi få plass til alt?

Subina Shrestha (Senter for klima og energiomstilling (CET)) forskar på berekraftig byplanlegging. I samtale med Simon Øverland (UiB) vil ho diskutere korleis vi best brukar byrommet i Bergen.

Arrangementet finn stad på Litteraturhuset i Bergen og er gratis og ope for alle. Samtalen vert på engelsk.