Hjem
UiB AI
Konferanse om kunstig intelligens

Intelligente Bergen 2023

Kor går grensene for kva vi kan få til med kunstig intellligens i dag, og kva mulegheiter og farar bringjer det med seg? Kva er lov? Og kva er lurt? Vi samler landets framste forskarar og ekspertar for å finne nokre av svara.

Illustrasjon
Foto/ill.:
UiB AI

Hovedinnhold

3. november 2023 inviterer Universitetet i Bergen til konferansen «Intelligente Bergen – kraftsenter for kunstig intelligens».

Intelligente Bergen skal samle næringsliv, offentleg sektor, forskarar og studentar i Bergensregionen for å få synleggjort forsking på og bruk kunstig intelligens (AI).

Konferansen utforskar nye samarbeidsmoglegheiter og opnar for dialog på tvers av fag og sektorar i regionen. Målet er å koble ulike aktørar og vise korleis kunstig intelligens brukast, studerast og utviklast ved ein bredde av sektorar i regionen, med særleg fokus på kva som er muleg, lovleg og lurt. 

Konferansen er fysisk, og blir arrangert av UiB AI i samarbeid med Norwegian Cognitive CenterHelse Bergen og Bergen kommune.

Konferansen er fullteikna, men du kan registrere deg på venteliste her.

Dersom du likevel ikkje kan delta, gjer vennleg å melde deg av her. Då hjelper du oss å gjere arrangementet meir berekraftig, og gir plass til fleire frå ventelista.

Program:

Opning

0900 - 1000
  • Konferansier Odd Gurvin
  • Velkomen – Pinar Heggernes, prorektor ved Universitetet i Bergen
  • Opningsforedrag: Slik endrar kunstig intelligens norsk offentleg sektor og næringsliv – Klas Pettersen, leiar for Norwegian Artificial Intelligence Research Consortium (NORA)

Del 1: Kva er muleg?

Kor går grensene for kva vi kan få til med KI i dag, og kva moglegheiter og farar ser vi for oss?

1000 -1130
1015 - 1030 Pause
  • Bruk av kunstig intelligens i diagnostikk av brystkreft – Hildegunn Siv Aase, spesialist i radiologi ved Haukeland universitetssjukehus
  • Kontroll av avløpsnettet ved hjelp av kunstig intelligens – Tore Lunde, ingeniør ved Bergen Vann

Del 2: Kva er lov?

Kva vil ny lovgiving på nasjonalt og europeisk nivå ha å seie for norske verksemder? Kva etiske og juridiske retningslinjer må verksemder lage for kunstig intelligens?

1130 1210
  • Temme kunstig intelligens med reglar og lover – «mission impossible»? – Malgorzata Cyndecka, førsteamanuensis ved Det juridiske fakultetet ved UiB
  • Forbrukarutfordringar i generativ kunstig intelligens – Finn Lützow-Holm Myrstad, fagdirektør i Forbrukarrådet
  • Kunstig intelligens for forsvarsformål – trugsmål, moglegheiter og avgrensingar – Ingebjørg Kåsen, forskingsleiar ved Forsvarets forskingsinstitutt

Lønsj

1210 - 1300

Del 3: Kva er lurt?

Er det lurt å utnytte alle moglegheiter innan kunstig intelligens, eller bør vi avgrense oss på nokre område? Korleis kan det brukast på ein ansvarleg og trygg måte?

1310 - 1445
  • Artificial intelligence and cryptography: threat or opportunity? - Nikolay Kaleyski, førsteamanuensis ved Institutt for Informatikk ved Universitetet i Bergen
  • Ikkje vent på europeisk KI-lov, lag køyrereglar for ansvarleg KI no! – Catharina Nes, rådgivar i Capto
  • Difor må media setje truverdet på spel – Chris Ronald Hermansen, redaksjonsleiar for Nyhetene i TV 2
1350 - 1400 Pause

Del 4: Panelsamtale: Optimisme eller bekymring?

1445 - 1530
Med Malgorzata Cyndecka, Chris Ronald Hermansen, Klas Pettersen, Hilde G. Corneliussen, Catharina Nes. Panelleiar: Siri Kleiven Strøm

Mat og mingling

1530 - 1630