Hjem
Aktuelt
Havforsking

UiB i verdstoppen på hav

Universitetet i Bergen er nok ein gong rangert mellom dei ti beste universiteta i verda på oseanografi, vitskapen om havet.

Midnattsol på forskningstokt i Norskehavet, august 2016. Foto: Emil Jeansson
BEST PÅ HAV: UiB er eitt av dei ti beste universitets på oseanografi, i følgje ei universitetsrangering.
Foto/ill.:
Emil Jeansson, NORCE

Hovedinnhold

70 prosent av jorda er dekka av vatn. For å forstå planeten vår må me forstå hava våre. 

Oseanografi, eller havforskinga ved Universitetet i Bergen (UiB) er i verdsklassen, og dei siste fire åra har Shanghai Ranking’s Global Ranking of Academic Subjects stadfesta dette ved å rangere universitetet som mellom dei ti beste i verda. 

Også i 2021 er UiB inne på topp ti-lista, der University of Washington, University of California, San Diego og Universitetet i Sorbonne er klassifisert som dei tre aller beste, alle etablerte samarbeidspartnarar med UiB. UiB er eit av tre europeiske universitet på topp ti-lista.

Tor Eldevik er instituttleiar på Geofysisk institutt, som forskar og tilbyd utdanning i oseanografi. 

Han er glad for rangeringa, men aldeles ikkje overraska. 

– Vi veit at UiB er ein aktør i verdsklasse på det marine. Og det uavhengig av slike rangeringer og kva dei faktisk målar. Eg håpar likevel rangeringa bidreg til å forsterka den posisjonen vi har globalt, innan forsking, utdanning og rådgjeving knytt til havet.

Det inkluderer forvaltinga av FN sine berekraftsmål. Det gjeld både spisskompetanse og meir samfunnsretta kunnskap, meiner instituttleiaren.  

FN-organisasjonen UNAI har tildelt universitetet ei leiande rolle i arbeidet med berekraftsmål 14: Livet i havet.

I august 2021 startar verdsomseglinga One Ocean Expedition, der Statsraad Lehmkuhl legg ut på sin lengste tur nokonsinne. UiB tar med seg studentar på tokt i Karibia og Stillehavet.

Bergen er Havbyen

Margareth Hagen, rektor på UiB, er heller ikkje overraska over rangeringa. 

– Det er svært gledeleg å sjå at UiB for fjerde år på rad rangerer med topp 10-plassering i oseanografi i denne rangeringa. Det viser at det ikkje er utan grunn at vi omtalar havmiljøa våre som verdsleiande, seier rektor. 

Bergen er havbyen, og UiB har det marine som eit av sine tre satsingsområde. Det inneber mellom anna at forskarar arbeider på tvers av fakultet og disiplinar for å få meir kunnskap om havet. 

– Havet er ein betydeleg del av vår historie og identitet. Vi er plassert i havbyen Bergen og universitetet sine fagmiljø har naturleg utvikla ein solid spisskompetanse retta mot hav. Denne kompetansen er unik, og sett i samanheng med den avgjerande rolla havet vil spele for verdas utvikling så er det ingen tvil om at vår strategiske satsing på havmiljøa er viktig, seier Hagen.

FN har utpeikt åra mellom 2021 og 2030 til havtiåret, der ny og vitskapleg forsking skal gjere oss betre skikka til å ta oss av verdshava på ein meir berekraftig måte. Med støtte frå EU skal UiB rekruttere nær førti nye havforskarar gjennom prosjektet SEAS.

Eldevik er samd med rektor i at Bergen og universitetet er tett knytt til havet. 

– Bergen og Norge lever av og ved havet. Det betyr at sjølv i ein liten by og i ein liten nasjon vart det tidlig bygd opp naudsynt havforsking i verdsklasse, for meir enn 100 år sidan. Det gjorde ein for å forvalte desse ressursane. 

Klimaet gjer havkunnskap stadig meir viktig

Satsinga for hundre år sidan sådde frøa til både Geofysisk institutt og Havforskingsinstituttet, påpeiker Eldevik. Seinare kom moderne vêrvarsling til via Vilhelm Bjerknes og Bergensskolen i meteorologi. 

 – Etter dette har UiB røkta oseanografien vel. Ein har hatt god tilgang på forskningsfartøy, observasjonsdata og modellverktøy, som vert stadig meir brukt, og sjølvsagt har vi ein dyktig stab og ditto studentar, seier han.

Klimaendringane gjer at det vert stadig meir viktig med kunnskap om havet. Ikkje minst er det viktig med ein meir berekraftig forvalting av naturressursane i havet, meiner instituttleiaren.

– Det gjer samfunnsrelevansen og -interessa større enn nokon sinne. 

På tysdag 8.juni, verdas havdag, kjem ein ny rapport om Atlanterhavet si rolle for Europa. Eldevik har leidd det internasjonale ekspertutvalet bak rapporten. 

Samarbeid er nøkkelen til suksess

Han ser på samarbeidet med Havforskingsinstituttet, Nansensenteret og NORCE gjennom Bjerknessenteret som ein av nøklane til UiB sin suksess på havfeltet i dag.

– Samstundes er oseanografien grunnleggjande internasjonal, og samarbeid med utenlandske kolleger og studentar har vore og er omfattande. Og så er det jo eit blomstrande kunnskapsbasert næringsliv her på Vestlandet, som vi i enda større grad kan samarbeide aktivt med, ikkje minst for å synliggjøre studentane våre, avsluttar Eldevik.