Hjem
Institutt for økonomi
Nyhet

Enorm interesse for samfunnsøkonomi ved UiB

Søkjartala til samfunnsøkonomi har auka med heile 49% samalikna med fjoråret. Stadig fleire studentar kjempar om studieplassar i økonomifaget ved Universitetet i Bergen.

Institutt for økonomi har hatt ei solid auke i studentar som vil studere samfunnsøkonomi.
Stor pågong: Institutt for økonomi ved Universitetet i Bergen kan skilte med solid oppgang i søkjartal for alle studieprogram i samfunnsøkonomi.
Foto/ill.:
Colourbox

Dei ferske søkjartala frå Samordna opptak viser at samfunnsøkonomi er eit svært populært fag blant studentane. I snitt har primærsøkjarar til alle studieprogramma ved Institutt for økonomi auka med 49%, men størst framgang har årsstudiet i samfunnsøkonomi hatt med ei auke på heile 62% i forhold til fjoråret.

 

Auke på alle nivå

I tillegg har masterprogrammet i samfunnsøkonomi ei auke i primærsøkjarar på 8% samanlikna med 2014. Instituttleiar ved Institutt for økonomi, professor Jan Erik Askildsen, er svært godt nøgd med søkjartala.

- Det er svært gledelig at studentene finner våre studieprogram interessante og nyttige. Studentene gir uttrykk for tilfredshet med vår undervisning, og vi legger stor vekt på å møte studentene med forelesere som tilbyr spennende og ikke minst faglig utviklende undervisning, sier Askildsen og peker på at bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi har fått svært god score i Studiebarometeret 2014.

 

 

Nyttig kompetanse for arbeidslivet

I ein artikkel i Bergens Tidende peikar rektor Dag Rune Olsen ved UiB på at den auka pågangen til økonomi kan ha samanheng med utsiktene på arbeidsmarknaden. Askildsen meiner arbeidsmarknad er eit viktig stikkord.

- Økonomi et fag som gir både spesifikk og generell kompetanse, som kan vise seg svært nyttig i et tøft arbeidsmarked. Våre studenter lærer økonomi, og blir derved i stand til å jobbe med spesifikke økonomiske problemstillinger. Samfunnsøkonomi er i tillegg et fag der studentene får utviklet en analytisk kompetanse, som kan brukes i rekke ulike jobbsituasjoner både i offentlige, private og ideelle virksomheter.

 

 

Studietilbod i samfunnsøkonomi ved UiB

Universitetet i Bergen tilbyr følgjande fag i samfunnsøkonomi:

 

Du kan også ta årsstudium i samfunnsøkonomi.