Hjem
Institutt for økonomi
Horisont 2020

Vil bruke SELFIE til å forbetre helsetilbodet

I EU-prosjektet SELFIE er UiB og Uni Research med på å utgreie gode modellar for behandling av samansette lidingar, som er venta å bli ei av dei største folkehelseproblema i Europa.

Seniorforskar Kamrul Islam, professor Jan Erik Askildsen og professor Sabine Ruths
Foto/ill.:
SELFIE

SELFIE er kortversjonen av namnet på det omfattande EU-finansierte prosjektet. Målet er å kartlegge og analysere ulike behandlingsopplegg i Europa for personar med fleire kroniske sjukdomar, også omtalt som samansette lidingar. Dette er ifølgje professor Jan Erik Askildsen ved Institutt for økonomi ei banebrytande satsing.

 

– Det er ein mangel på systematiske metodar for å analysere behandlingsmodellar for samansette lidingar. Vårt mål er både å finne gode behandlingsmodellar som kan nyttast i fleire europeiske land, og samtidig utvikle eit brukarvennleg overvakingsverkty som kan hjelpe myndigheitene å analysere desse og nye behandlingsmodellar.

 

Vanleg med 6-7 diagnosar

Ifølgje EU er det over 50 millionar menneske i Europa som har meir enn ein kronisk sjukdom. Eit tal som dei forventar vil auke sterkt i åra framover. Samansette lidingar står i fare for å bli ein av dei fremste truslane mot folkehelsa og den økonomiske bærekrafta i dei eksisterande helsesystem. Askildsen peiker på at det ikkje er uvanleg at pasientar på sjukeheimar har 6-7 ulike diagnosar.

– Det er ei utfordring at vi har gode behandlingsformar for ein sjukdom, men ikkje like mykje fokus på å ivareta samansette lidingar. Pasientar med samansette lidingar kan lettare få komplikasjonar ved at dei går på ulike typar medisinar eller får ulik behandlingsopplegg der den eine behandlinga kan gjere vondt verre for den andre.

 

Må vere nøysam med pengebruken

I prosjektet skal 16 behandlingsmodellar analyserast. UIB og Uni Research har fått nærare 6.5 millionar kroner for å gjennomføre datainnsamling og evaluering av dei 16 utvalte modellane. I tillegg til Askildsen deltar førsteamanuensis Astrid Grasdal ved Institutt for økonomi, UiB,  professor Sabine Ruths IGS, UiB og Uni Research Helse og seniorforskar Kamrul Islam ved Uni Research Rokkansenteret.

Askildsen meiner det er viktigare enn nokon gong å vere nøysam med korleis ein forvaltar helsebudsjettet.

– Har man først brukt ei krone på ein behandlingsmodell kan den ikkje nyttast fleire gonger. Difor er det viktig at vi kan kartlegge alle gode hensikter som ligg i dagens behandlingsopplegg og sjå om det er nokre modellar som fungerer betre enn andre, slik at vi bruker helsebudsjettet på ein god måte.