Hjem
Historie
Studieretning

Mellomalderhistorie

Flyfoto av by
Palmanova, Italia
Foto/ill.:
Flyfoto

Hovedinnhold

Mellomalderhistorie har eit breitt tematisk, tidsmessig og geografisk spenn. Det blir rettleia i emne frå norsk, skandinavisk og europeisk mellomalder, men også ikkje-europeisk blir via merksemd. Tidsmessig er hovudfokuset på den tradisjonelle forståinga av mellomalderen, frå kring 500 til 1500, men i mange høve er det naudsynt å gå utover desse periodekonstruksjonane – både bakover i tid til antikken og framover til tidleg moderne tid. Tematisk er det mogeleg å få rettleiing i ei rekkje emne, og studenten blir oppmoda til sjølv å kome med innspel til masteroppgåver. For dei som i utgangspunktet har ei interesse for perioden, vil det vere mogeleg å ta utgangspunkt i fleire problemstillingar som i større eller mindre grad går inn i instituttets mellomalderforsking.

Her finn du moglege tema:

Den eldste norske historieskrivinga

Kontaktperson: (alle)

Dette dreier seg sjølvsagt om dei norrøne sagaene, med Snorres kongesagaer som dei viktigaste, men korpuset er langt meir omfattande og inkluderer blant anna historieskriving på latin og helgenskildringar. Dette materialet legg grunnlaget for ei rekkje masteroppgåver, gjerne komparative, som då vil undersøkje karakteristiske trekk ved den eldste norske historieskrivinga. Kva type forteljingar blir skrive fram? Kva litterære og retoriske verkemiddel tek forfattarane i bruk? Kva historiesyn ligg under framstillingane? Det er også mogeleg å kombinere analysar av historieskrivingas form med gransking av sentrale tematikkar i historieverka – frå kongar og krig til, i samtidas forståing, meir marginale fenomen.

Byhistorieskriving

Kontaktperson: (alle)

Den tidlegaste byhistorieskrivinga i Noreg i tidleg moderne tid hadde sitt opphav i byar, i all hovudsak Bergen. Der mellomalderens sagahistorier var nasjonal – eller kanskje rettare dynastisk – i orientering, hadde historieskrivinga i tidleg moderne tid ei lokal forankring. I Bergen vaks det på 1500-talet fram eit korpus av byhistorier som tematiserte både fortid og samtid – ikkje minst byens utfordringar i møte med Hanseatane. Ei masteroppgåve med utgangspunkt i den bergenske byhistorieskrivinga kan for eksempel krinse kring representasjonen av hanseatane, men den kan også ta opp andre emne slik som forteljingar, retoriske verkemiddel og historiesyn. Det er også mogeleg å utvide perspektivet utover Bergen og inkludere andre delar av den lokalhistorisk forankra norske historieskrivinga i tidleg moderne tid.  

Hanseatisk handelsnettverk

Kontaktperson: Geir Atle Ersland.

I norsk historieskriving har det hanseatiske handelsnettverket til tider fått mykje merksemd. Tradisjonell norsk historieskriving om hanseatane har dreia seg som hanseatane som ei økonomisk- og politisk makt som representerte eit hinder for norske interesser og utvikling. Med bakgrunn i det store kjeldematerialet som finst om norsk-hanseatiske relasjonar, både i trykte samlingar og som originalt arkivmateriale, ligg mykje til rette for å studera fleire av kontaktflatene mellom hanseatanes handelspolitiske organisasjon og samfunna omkring Auster- og Nordsjøen. Aktuelle område for masteroppgåver er hanseatanes rettskultur, organisasjonsnivå og deira kulturelle interaksjon med bysamfunna der dei var aktive. Dei som ønskjer å skriva masteroppgåver innan dette feltet må rekna med å arbeida med trykte og uttrykte kjelder i hovudsak frå perioden ca. 1400 til 1750. Innsyn og sans for eldre språk som nedertysk, dansk-norsk frå perioden og moderne tysk, er ein føresetnad. Kontaktperson: Geir Atle Ersland.

Mellomalderens debattkulturar

Kontaktperson: Leidulf Melve

Medan debatt og diskusjon i ulike fora er nesten sjølvsagt i dag, var stoda ganske annleis i mellomalderen. Dette emnet har som mål å granske føresetnadene for debatt og diskusjon i mellomalderen, men også analysere korleis debattar føregjekk i ulike kontekstar og fora. Ei masteroppgåva kan for eksempel ta for seg kommunikasjon, inkludert nettverksanalyse. Alternativt er det mogeleg å granske tilhøvet mellom (kommunikative) føresetnader for debatt og den faktiske diskusjonen – til dømes på tingforsamlingane. Ei anna vinkling er å analysere ein av dei mange (meir eller mindre) offentlege debattane som føregjekk på det europeiske kontinentet gjennom heile mellomalderen.

Den globale middelalderen

Kontaktperson: Leidulf Melve

Frå midt på 1200-talet byrja reisande frå Europa og ta seg austover, i første rekkje inn i det mongolske riket. Seinare gjekk reisa endå lengre, med Marco Polos reiser langs Silkevegen som det mest kjente eksempelet. I tilknyting til reisene vart det i mange høve forfatta det me  kan kalle reiseskildringar – framstillingar som skildrar reisa og, ikkje minst, møtet med framande kulturar og sivilisasjonar. Dette korpuset med reiseskildringar, frå 1250 og til utpå 1400-talet, legg grunnlaget for masteroppgåver som utforskar kulturmøtet mellom det europeiske og det ikkje-europeiske. Det er også mogeleg å utvide perspektivet til å nytte ikkje-europeiske kjelder, blant anna kinesiske reiseskildringar frå same periode.

Synd og kriminalitet i middelalderen

Kontaktperson: Kirsi Salonen

I middelalderen levde folk under to forskjellige juridiske kulturer. På den ene siden stod kongen og sekulær lov, på den andre paven og den katolske kirkeloven (kanonisk lov). Menn og kvinner syndet og begikk forbrytelser på mange forskjellige måter. Drap, tyveri, svindel og angrep ble straffet av sekulære domstoler, mens personer som rømte fra kloster, hadde sex med andre enn ektemaken eller slo en prest, ble straffet av kirkelige domstoler. Hvis du er interessert i å skrive masteroppgaven din om et tema innenfor juridisk historie, finnes det rikelig med kildemateriale om middelaldersk og tidlig moderne kriminalitet og synd i forskjellige former. Du kan for eksempel undersøke én type kriminalitet eller undersøke hvilken kriminalitet man begikk i en begrenset periode. Du kan også undersøke kriminalitet og lovbrudd fra et kjønnsperspektiv.