Nordisk samarbeid i mellomalderen
Kulturelle impulsar gjekk ikkje berre frå sør til nord; det var også ei betydeleg utveksling av idear, kunnskap og bøker innanfor Norden. Blant dei norske handskriftsfragmenta finst vitnesbyrd om skrivarar og bøker som vandra mellom nordiske senter.
Hovedinnhold
Dei siste ti åra har forskinga gitt betre retningslinjer for å skilje mellom produkt frå forskjellige nordiske regionar eller senter basert på skriftanalyse. Dette er til god hjelp når emnet er latinske handskrift der ein ikkje kan ta språket til hjelp. To felt har peika seg ut som særs interessante med omsyn til norske fragmentsamlingar i eit nordisk perspektiv: Latinske handskrift av islandske skrivarar, og fragment frå bøker som kan knytast til Lund, som i mellomalderen var Danmarks erkebispesete.
Så langt har forskingsopphald i Reykjavík og København ført til både publiserte forskingsresultat og pågåande forsking. Gisela Attinger (Universitetet i Oslo) har arbeidd spesielt med islandske skrivarar i liturgiske handskrift i lenger tid. At ho i fleire år har samarbeidd med Åslaug Ommundsen om dette emnet, er til stor nytte for fragmentprosjektet.
Når det gjeld fragmenta frå danske handskrift på latin som no er i Noreg, arbeider me for tida med å avgjere om bøkene fanst her allereie i mellomalderen, eller om dei blei innførte som gjenbrukspergament etter Reformasjonen.