Hjem
Kvartærgeologi & Paleoklima
Nyheter

Masterekskursjon GEOV322 gikk i 2016 til Sagaøya Island

Bilde fra Thingvellir, Island GEOV323
Glade studentar og guidar frå GEOV323 ved Thingvellir, Island, i juni 2016
Foto/ill.:
Julie Zweidorff

Masterekskursjonen i kvartærgeologi gjekk i år til Island, og me fekk endeleg utforske geologien på sagaøya som vår eigen Haflidi fortel så varmt om. Me vart tatt hand om av kyndige guidar, Prof. Thor Thorvaldson og Prof. Aslaug Geirsdottir frå Universitetet på Island, som losa oss gjennom ulike lokalitetar i den sør-vestlege delen av Island. I løpet av ekskursjonen fekk me studert og diskutert lokalitetar med avsetningar frå tidleg kvartær i Hreppardalen til siste istids deglasiasjon i sør-vest Island. Me avslutta ekskursjonen med å besøke lokalitetar i regionen kring Eyjafjallajökull for å kartlegge spor etter dei enorme jøkullaupa og tappinga av ein bresjø i forbindelse med utbrotet i 2010. Som ein bonus fekk me også innsyn i Islands produksjon av fornybar energi, då ein av verdas største geotermiske kraftverk ligg i regionen. Her fekk me innsyn i produksjonen på anlegget, samt det spennande prosjektet CarbFix. Prosjektet tek mål av seg å utvikle metodar og teknologi for permanent CO2 mineral lagring i vulkanske bergartar. Resultata deira er så langt særs lovande då graden av mineraliseringa var høg (95%), og forskarane var overraska over den korte tida det tok (mindre enn to år) (Matter et al., 2016).


Torgeir Røthe og Haflidi Haflidason


Matter, J.M., Stute, M., Snæbjörnsdottir, S.Ó., Oelkers, E.H., Gislason, S.R., Aradottir, E.S., Sigfusson, B., Gunnarsson, I., Sigurdardottir, H., Gunnlaugsson, E., Axelsson, G., Alfredsson, H.A., Wolff-Boenisch, D., Mesfin, K., Taya, D.F.d.l.R., Hall, J., Dideriksen, K., Broecker, W.S., 2016. Rapid carbon mineralization for permanent disposal of anthropogenic carbon dioxide emissions. Science 352, 1312-1314.