Hjem
Kvartærgeologi & Paleoklima
URO - Klima

Breane smeltar og flaumane herjar - er det grunn til uro?

Vi held på med eit gigantisk eksperiment. Endringane vi ser no, er så raske at vi aldri før har sett noko liknande.

Folgefonna krymper
Vi treng ikkje sjå lenger enn til Folgefonna. Buarbreen er ein av brearamane på Folgefonna som har smelta mykje attende dei siste tiåra. Om få år vil ikkje nedre del av breen henge saman med platået over, og heile breen vil forsvinne,
Foto/ill.:
Jostein Bakke

Det regnar, det bles, det er stormflo og det går ras! Nordmenn har alltid vore og er svært opptekne av vêr og vind, ei naudsynt interesse i farne tider då ein sjølv måtte bestemme om turen over fjorden skulle gå, eller om vêret kom til å halde til dyra vart jaga ned frå sommarbeitet. I dag vert vi fora med informasjon om vêret i alle kanalar. Vi får til og med sesongvarsel som går månader fram i tid. Vi snakkar med vener og kollegaer om at klimaet har vorte meir ekstremt, at vintrane har vorte mildare, at våren kjem tidlegare. Vinteren lèt vente på seg og vi uroar oss for at det kan ha samanheng med dei auka mengdene av karbondioksid i atmosfæren. Samstundes har vi eit politisk styre i Noreg som lar oljepumpene gå og som tilsynelatande ynskjer at Noreg skal køyre «business as usual». Er det rart det er vanskeleg å ta klimaendringane på alvor? Kvifor skal eg kutte sydenturen samstundes som vi slepp ut karbondioksid som aldri før frå norsk olje- og gassproduksjon? Kva hjelper det med mitt vesle bidrag når vi som nasjon slepp ut meir drivhusgassar enn nokon gong?

Eg er uroa, alvorleg uroa. I jobben min som geolog studerer eg fortidsklima for betre å kunne forstå klimasystemet og naturlege klimavariasjonar på jorda. Vi arbeider med å lage  detaljerte tidsseriar av til dømes temperatur og nedbør, der innsjøar, brear og havsediment vert nytta til å fortelje om fortida tusenvis av år attende. Vi forstår no kvifor breane var vekke i fleire tusen år, kvifor det var skog på Hardangervidda og kvifor innlandsisen brått forsvann frå Skandinavia for 11 700 år sidan. Men det som gjer meg alvorleg uroa for samtida vår, er at dei endringar vi no ser, er så raske at vi aldri før har sett noko liknande. Brear over heile verda smeltar i rekordfart. Vi treng ikkje gå lenger enn til Folgefonna. Det er ein bre som i alle år har respondert på skiftande vintrar, der storleiken har endra seg frå tiår til tiår ettersom snømengda har variert. No er Folgefonna i ferd med å endre seg. Det er ikkje lenger vinteren som styrer storleiken, men dei raskt stigande sommartemperaturane.  Det er ikkje mogleg å forstå desse endringane utan å ta omsyn til klimagassar som drivkraft. Ein kan meine kva ein vil om korleis drivhusgassar påverkar klimaet, men saka er likevel klar: Vi held på med eit gigantisk eksperiment som vi ikkje veit utfallet av. Ser ein på samanhengen mellom temperaturstiginga dei siste femti åra og korleis innhaldet av drivhusgassar har auka, er likskapane vanskelege å bortforklara – vi lever i eit tid der drivhusgassane styrer klimaet på kloden. 

Så kva skal vi gjere? Hjelper det å samle plast, slutte å ete kjøt og slutte å drikke mjølk? Er det betre å ete økologisk mat enn konvensjonell mat? Spørsmåla er mange og kompliserte og svara endar ofte opp i venstrevridd polemikk. Det enkle, men ubehagelege svaret er at vi må endre levesettet vårt og vi må gje slepp på alle godane våre dersom vi skal redde klimaet på jorda og hindre det i å gå over i ein ny fase. Treng det å vere så dramatisk? Ja, fordi vi i heile vårt levesett må tenke energi – alt du et, alt du har på deg av klede, alle måtar du transporterer deg sjølv på, krev energi. Dersom du kan redusere dette energiforbruket, og aller helst berre nytte fornybare energikjelder i kvardagen, er du på rett veg. Det er det vi må få inn i ryggmergen og som vi må formidle til dei unge som skal ta verda vidare. Då vil vi kollektivt kunne snu klimautsleppa og vi har ei rettesnor for kva som er rett og kva som er feil val ut frå eit klimaperspektiv. Samstundes må vi ha politikarar som tek ansvar og som går framføre med eit godt eksempel. Kvifor kan ikkje vi òg seie som Frankrike at vi vil slutte med olje og gassproduksjon innan 2040? Det vil mest truleg vere motiverande for einskildmennesket i kampen for kloden vår. 

I haust blei eg intervjua av Leo Ajkic til NRK-programmet Uro. Han lurte på om det var noko stad vi kunne reise og sjå klimaendringane med eigne augo. Eg tok han med til heimbygda mi, Jondal, og opp på Folgefonna. Her ser ein kor raskt klimaendringane skjer. Sjølv om programmet handla om uro, var det viktigaste spørsmålet han stilte meg: «Finst det håp?» Og heldigvis kunne eg svara «Ja, det er håp, men berre dersom vi gjer noko no». 

Vi har aldri hatt meir kunnskap om klimasystemet enn det vi har i dag og vi forstår naturen betre slik at vi kan tilpasse oss framtidas klima. Vi ser den oppveksande generasjonen begynner å røre på seg, slik den svenske klimastreikande femtenåringen Greta Thunberg har inspirert tusenvis av ungdommar verda over
(https://www.theguardian.com/environment/2018/nov/30/climate-change-strike-thousands-of-students-to-join-national-protest).
 
Vi har vore vitne til ei rivande teknologisk utvikling som òg kan hjelpe oss med tiltak for å få ned utsleppa. Men teknologi aleine kan ikkje redde kloden – vi må saman redusere karbonavtrykket vårt og hjelpe nye generasjonar med å gjere betre val enn det vi sjølv har gjort. Vi må vere solidariske med dei som ikkje har dei same ressursane som oss. Og vi må vere førebudde på å ta i mot dei fyrste klimaflyktningane om ikkje alt for mange år etter kvart som ekstrem tørke, flaum og stigande havnivå råkar stadig nye område.  

Artikkelen er første gang publisert i BT