Hjem
Forskergruppe for klima-, energi- og miljørett
Boklansering

Ingunn Elise Myklebust med viktige bidrag til boka "Integrert kystsoneforvaltning - Planfaglege, samfunnsvitskaplege og juridiske perspektiv."

Professor Ingunn Elise Myklebust, medlem av Forskargruppa for naturressurs-, miljø- og utviklingsrett ved UiB og medleiar av Forskargruppa for forvaltningsrett, er ein viktig bidragsytar til den nye boka "Integrert kystsoneforvaltning - Planfaglege, samfunnsvitskaplege og juridiske perspektiv." Fredag 1. oktober vert det seminar i samanheng med boklanseringa, med påmelding innan fredag 24. september klokka 12.

Bokomslag "Integrert kystsoneforvaltning"
Foto/ill.:
Bokomslag "Integrert kystsoneforvaltning", Universitetsforlaget

Hovedinnhold

Informasjon om boka

(henta frå forlaget sine sider)

"Denne boka er eit resultat av eit fireårig tverrfagleg forskingsprosjekt, PlanCoast, finansiert av Norges Forskningsråd. Ein raud tråd i prosjektet har vore konseptet om ei integrert kystsoneforvaltning gjennom kommunal og regional planlegging etter plan- og bygningslova og forvaltning etter sektorlovverket. Forventninga om å sjå sjø- og landområde i samanheng på tvers av kommune- og sektorgrenser er også sentral i boka.

Felles for alle artiklane i boka er at dei tek opp og diskuterer dagsaktuelle fenomen i den norske kystsona. Boka inneheld både planfaglege, samfunnsfaglege og juridiske fagartiklar. Enkelte artiklar er skrivne i samarbeid mellom forfattarar med ståstad i ulike fag for å sikre tverrfaglege tilnærmingar. Boka inneheld også artiklar frå fagpersonar i forvaltninga som dagleg handterer problemstillingar om bruk og vern av sjø.

Eit gjennomgåande trekk i boka er korleis planlegging etter plan- og bygningslova fungerer som integrerande reiskap i kystsona, i samspel med sektorlovverket, og kva forfattarane meiner er dei viktigaste utfordringane for å oppnå ei slik meir integrert forvaltning av kystsona i åra som kjem.

Boka er redigert av Knut Bjørn Stokke, førsteamanuensis ved Fakultet for landskap og samfunn, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) og prosjektleiar i PLANCOAST Katrine Broch Hauge, førsteamanuensis ved Nordisk institutt for sjørett, Universitetet i Oslo."