Hjem
Forskningsgruppe i samfunnsfarmasi

Tverrfagleg samarbeid for rett legemiddelbruk i sjukeheimar

Rett legemiddelbruk i sjukeheimar, mellom anna gjennom tettare tverrfagleg samarbeid, er eit av innsatsområda til Pasienttryggleikskampanjen "I trygge hender". Postdoktor Reidun Kjome fortalde om gode erfaringar frå Hordaland på Vestlandsrevyen 10. oktober 2013.

Pasienttryggleikskampanjen "I trygge hender" gjennomførast i perioden 2011-2013. Eit av satsningsområda er å optimalisere medisinering og redusere pasientskadar i sjukeheimar. I samband med dette er det blitt oppretta regionale læringsnettverk for rett legemiddelbruk i sjukeheimar, kor dei blant anna har utvikla ei felles prosedyre for tiltak som skal gjennomførast ved sjukeheimane i regionen.

Postdoktor Reidun Kjome frå Forskningsgruppe i samfunnsfarmasi, som også er aktiv i Senter for alders- og sjukeheimsmedisin (SEFAS), har deltatt på nettverksmøtene for Hordaland. Torsdag 10. oktober fortalde ho om bakgrunnen for tiltaka, samt erfaringane med dei, på Vestlandsrevyen si nyheitssending kl. 18.45.

- Sjukeheimane har fått eit verktøy for å kunne gjennomføre legemiddelgjennomgangar med tverrfaglege team av legar, sjukepleiarar og hjelpepleiarar, fortel Reidun Kjome i studio. Dette har ført til til betre nattesøvn, betre smertelindring og mindre pleiebehov for pasientane.

Sjå heile innslaget her.