Avfall frå ioniserande strålekjelder
Ioniserande strålekjelder skal avhendast på ulikt vis avhengig av type strålekjelde.
Hovedinnhold
Brukar er ansvarleg for at avfallet vert handtert og avhenda på ein forsvarleg og riktig måte, og i høve til type ioniserande strålekjelde.
Avhending av radioaktivt avfall krev registrering i det elektroniske deklarasjonsskjemaet ved UiB, samt registrering i det nasjonale "Avfallsdeklarering.no" systemet.
Deklarasjonsskjema ved UiB:
- Bruk korrekt avfallsstoffnummer
- Deklarerer avfallet i elektronisk skjema
- Skriv ut skjemaet og fest det på avfallet
Avfallsdeklareringsskjema hjå avfallsmottak:
- Dersom avfallet skal sendast med renovasjonsselskap, så utfører selskapet den vidare deklareringa for UiB
- Dersom avfallet skal sendas til IFE må UiB deklarere avfallet
- For å kunne deklarere farleg avfall og radioaktivt avfall gjennom «Avfallsdeklarering.no» treng du ein brukarkonto. Ta kontakt med sentral strålevernkoordinator via UiBHjelp - få hjelp.
Det er ikkje lov å tynna ut radioaktivt avfall for å kome under verdiane gitt i forskrift om radioaktiv forurensning og radioaktivt avfall, vedlegg 1.
Avfall som vært rekna som radioaktivt avfall, skal sendast til avfallsmottak minst ein gang kvart år. UiB anbefaler at radioaktivt avfall vært sendt til avfallsmottak tidleg på hausten slik at deklarering og avhending er klart i god tid før årsslutt.