Hjem
HMS-portalen

Gass og gassflasker

Gass og gassflasker på laboratoria utgjer ein betydeleg risiko både på menneske og materiell.

Hovedinnhold

For å bruka gassflasker inne i bygg og på laboratoria må ein søkja Bergen brannvesen om dispensasjon før ein tek gass og gassflasker i bruk.

Generelt

  • Det bør førast logg og utpeikast gassansvarlege for dei ulike gassinstallasjonane på laboratoria.
  • Unngå å ta inn flasker på laboratoriet dersom mogeleg.
  • Minst mogeleg mengde dersom ein må nytta gass.
  • Merk laboratorium som det står gassflasker på.
  • Det skal alltid vera eit resttrykk på gassflaskene på 1,5-2 bar for å sikra mot forureiningar.
  • Ved transport skal ein nytta flasketralle, og flaskehetta skal vera påmontert.

Gassflasker

  • Ikkje utsett flaskene for kast, kvelt, slag eller støyt. Handsam dei med varsemd og respekt.
  • Ikkje løft eller slep dei etter ventilhetta.
  • Ikkje koma i kontakt med olje, fett eller kjemikaliar.
  • Flaskene skal alltid flyttast og lagrast med flaskehetta eventuelt blindmutter påmontert.
  • Hvis flaskehetten ikke enkelt kan løsnes, returner flasken til forhandler.
  • Etiketten skal alltid kunne leses, hvis ikke returnes flasken til forhandler.
  • Husk at utenlandsk utstyr gjerne ikke er kompatibelt med norsk utstyr.

 

Sentralgassanlegg

Sentralgassanlegg skal kontrolleres jevnlig.

Einingane skal ha prosedyrar for korleis spesielt risikofylte arbeidsoperasjonar skal utførast.

Oppbevaring

Brannfarleg gass skal oppbevarast i skap med ventilasjon til luft. Hugs òg at slangen frå tilbakeslagsventilen må førast til friluft. Gassflasker med brannfarlig gass og flasker med ikkje-brannfarleg gass skal ikkje lagrast saman (minimum 5 meter avstand). Alle gassflaskene skal sikrast med til dømes kjetting til vegg. For å kunna nytta gassflasker i bygg og på laboratorium må ein søkja Bergen Brannvesen om dispensasjon på førehand. Husk å holde tomme og fulle flasker adskilt.

Gassutstyr

Ventilar

  • Regulatorar, tilbakeslagsventilar og flammesperrer tilkopla gassflaska må vera tenkt for den aktuelle gassen (Det vil seia ein nyttar berre hydrogenutstyr til hydrogengass, osb). Utstyret må òg stå i forhold til reinleik/kvaliteten som instrument og analysen krev.
  • Tryggleiksventilar til brannfarlege eller giftige gassar må utstyrast med slange eller rør som vert leda til friluft. (Ein bør òg nytta slike ventilar til oksygen).
  • Alt utstyret må haldast reint og fritt for forureiningar, og ein bør regelmessig gjera inspeksjonar og vedlikehald. Inspeksjonane bør òg inkludera slangar, fleksible røyrsamband og "endefittings".
  • Industrigassregulator skal til service/ eller skiftes ut kvart 5. år.
  •  

Slangar

  • Høgtrykkslangar med syntetisk innerslange skal skiftes kvart 5. år.
  • Høgtrykkslangar med innarslange av stålbelg kvart 3. år.
  • Husk at en høy renhetsgrad av gass også krever godt utstyr. Ikke bruk billige slanger til høyren gass.

Behaldarar djupkjølt gass

  • Alle behaldarar som vert nytta til kryogene gassar må vera av spesial type, dobbeltvegga med isolerande mellomrom.

 

Djupkjølt gass

  • Grunna stor avdamping frå kryogene gassar må ein lagra dei i godt ventilerte lokale.
  • Ved handtering bør ein nytta verneutstyr som ansiktsskjerm, solide laustsittande hanskar og tett solid fottøy.
  • Frakt av behaldarar med djupkjølt gass i heis utgjer ein fare med omsyn til kveling på grunn av avdamping. Ver 2 personar, og send behaldaren åleine i heisen, gjerne med skilt "Jeg reiser alene"på behaldaren.
  • Flytende nitrogen oppbevares gjerne uten trykk. En slik beholder består ofte av 2 beholdere med vakum i mellom. Beholderne er skjøre og bør derfor ikke løftes for å fylle over i hverandre. Bruk heller spesielle tappehoder. Ved en lekkasje mellom de 2 beholderne vil man typisk få en synlig isdannelse utenpå beholderen.
  • Trykksatte cryobeholdere skal sjekkes hvert 5. år.
  • Husk at flytende nitrogen utvider seg i gassform, 1 l flytende nitrogen blir til 700 l gass. 

Tørris

Tørris er CO2 i fast form. Den er fargeløs, har ingen lukt, og har en temperatur på -78 oC og kan dermed forårsake frostskader ved hudkontakt.
Tørris sublimerer (fordamper) direkte til CO2-gass som fortrenger luft og kan føre til kvelning. I romtemperatur vil 50-60 % av tørrisen sublimere i løpet av 1 døgn. I fryserom (-20 oC) sublimerer 25-30 % av tørrisen i løpet av ett døgn. 

Kjøp derfor aldri inn store mengder tørris som lagres i frysere/fryserom/kjølerom. Kjøp inn små kvanta, og oppbevar tørrisen i godt ventilert rom (avtrekk). 

Enhver transport av tørris med bil skal foregå i bil med adskilt lasterom. 

Fare

Gass og gassflasker på laboratoria utgjer en betydelig risiko både på menneske og materiell. Alle gassflasker inne i bygg og på laboratoria må ein søkja Bergen brannvesen om dispensasjon før bruk.

Trykk, trykkstigning (eksplosjon)

  • Felles for alle gassar er at ei ukontrollert oppvarming kan føra til stor trykkstigning og dermed til at flaska, behaldaren eller tanken eksploderar.
  • Det kan òg skje direkte og ukontrollert avlasting av trykket frå ein behaldar av komprimert gass utan direkte oppvarming.
  • Ved ei ukontrollert trykkavlasting kan ei flaske verta sendt av garde som ein rakett.
  • Gassflasker må ikkje oppbevarast ved høgare temperatur enn 45 °C.
  • Trykkstigning kan ein få på alle gassar under trykk: Hydrogen, Argon, Luft, Nitrogen, Karbonmonooksyd, blandingar av blant anna Metan i argon for å nemna nokre få.

Brann, brannfarlige gassar

  • Brannfarlege gassar vil ved tenning forbrenna i luft og er klassifisert som "brannfarleg vare".
  • For at gassen skal tenna og forbrenna eksplosivt må blandingsforholdet/volumprosenten mellom gassen og lufta ligga mellom LEL (=Lower Explosive Limit) og UEL (=Upper Explosive Limit). LEL og UEL vil variera for dei ulike brennbare gassane. Sjå døme i tabell
  • Dei mest vanleg nytta brannfarlege gassane og brennbare blandingar er: Hydrogen, Metan, Propan, Karbonmonoksyd, Hydrogensulfid, 10 % Metan i Argon, Formier (10% Hydrogen i Nitrogen) og Acetylen, som har nokre spesielle faremoment i tillegg (dette er ikkje ei total liste brannfarlege gassar).
  • Acetylen:
    • Fargelaus gass med lukt av kvitløk.
    • Acetylen må handsamast spesielt då gassen kan spaltast eksplosivt med stor varmeutvikling utan kontakt med oksygen.
    • Unngå slag og støt mot flaskekroppen.
    • Risikoen for spalting aukar med aukande temperatur og trykk og vidare aukande diameter på rør og leidningar.
    • Acetylen vert levert på spesielle flasker fylt med ein porøs masse og eit løysingsmiddel (aceton) for å redusera faren for spalting.
    • Ved antatt acetylenspalting; hold en sikkerhetsavstand på 300m!

Kveling

  • Vert luft fortynna med ein kva som helst annan gass enn oksygen, vert oksygeninnhaldet redusert. Reduksjon ned til ca.:
    • Halvparten, ca. 11 vol% - inntreff medvitsløyse etter kort tid.
    • Ved ca. 6 vol% - inntreff medvitsløyse straks med kveling.
  • Nedre grense for oksygeninnhaldet utan å nytta friskluftapparat vert rekna for 17 vol% ved atmosfærisk trykk.
  • Fare for luftfortynning og oksygenmangel er alltid til stades der enten:
    • Inert gass (nitrogen, argon, helium) nytta som verneatmosfære.
    • Lekkasje frå emballasje.
    • Avdamping frå djupkjølt gass (kryogen gass) Djupkjølt gass gjev stor volumauke ved fordamping ved atmosfærisk trykk og fører til ei betydeleg kvelingsfare (tyngre enn luft, vanskeleg å ventilera).
  • Nokre gassar som kan føra til kvelingsfare er: Nitrogen, Argon, Helium, Karbondioksyd, Dinitrogenoksyd, Ammoniakk, Hydrogen, Metan og Propan.

Oksygenoppriking

 Fett/olje er inkompatibel med oksygen, og medfører auka eksplosjonsfare!

  • Oksygen er i ei særstilling når det gjeld BRANNFARE.
    • Fargelaus gass utan lukt og smak.
    • Er i seg sjølv ikkje brennbar eller eksplosiv.
  • All forbrenning skjer hurtigare enn i luft.
  • Oksygen er ein nødvendig føresetnad for all forbrenning, og  oksygenopprika luft (O2 kons. > 21 vol%) vil gjera tenning av brennbare materialar lettare og ikkje-brennbare materialar vil kunna ta fyr.
  • Oksygenanriking har inga vesentleg effekt på LEL, men vil vanlegvis auka UEL, slik at eksplosjonsfarleg område vert utvida.
  • Avdamping frå djupkjølt oksygen gjev ei betydeleg auke i brannfaren. Flytande O2 gjev stor volumauke ved fordamping.

Frostskade

  • Flytande, djupkjølte gassar har svært låge temperaturar. Hudkontakt med slike gassar eller med nedkjølte leidningar og armatur kan føra til forfrysningsskadar som er like alvorlege som brannskadar.
  • Låge temperaturar kan òg føra til kuldeskjørleik og set spesielle krav til kva materialar som kan nyttast.
  • Dei mest vanlege flytander, djupkjølte gassar er: nitrogen, helium og oksygen.

Giftig

  • Nokre gassar verkar kvelande sjølv i små konsentrasjonar i luft, sjølv om oksygeninnhaldet er normalt. Dette skuldast at gassane gjennom sin kjemiske giftverknad øydelegg eller lammar sjølve andedrettsorgana, slik at kroppen ikkje kan nyttiggjera seg oksygenet i lufta.
  • Alle vondtluktende/irriterende gasser er giftige, men det finnes også giftige gasser som ikke lukter.
  • Nokre gassar som er giftige er: Ammoniakk, Klor, Karbonmonoksyd og Hydrogenoksyd. (Denne lista er ikkje fullendt).

Avhending

Avhending av gassflasker må planleggast ved innkjøp.

  • For vanleg bruk skal ein nytta leigeflasker frå gassleverandør. Gassleverandør tar leigeflasker i retur.
  • Dette gjeld flaskestorleikar frå 10 til 50 l (Medisinsk oksygen frå 1l)
    • Fordi gassflaskene må trykktestast og sertifiserast med jamne, bestemte tidsintervall.
    • (Ved eigeflasker er UiB ved brukarstad ansvarleg for at gassflaskene vert trykktesta og sertifisert. Brukarstad må òg ta kostnadane for dette vedlikehaldet. Dette kan gassleverandør hjelpa til med.)
  • UiB har rammeavtale for innkjøp av gass, sjå innkjøpsguiden.
  • For gassflasker med storleik frå ml opp til 10 l må brukar før innkjøp:
    • Avklara på mogeleg avhending og kostnadar med avhending.
    • Kostnadane for avhending må dekkast av brukarstad. Kontakt gassleverandør
  • Gassflasker skal ikkje avhendast (uansett storleik) på farleg avfallsromma ved UiB.