Hjem
HMS-portalen

Problemavfall

Avhending av problemavfall skal skje i høve til UiBs retningslinjer og lokale prosedyrar.

Hovedinnhold

Avfall som kjem inn under problemavfall skal handterast i høve til gitte rutinar. Sjå under emballering, merking og mellombels lagring for utfyllande informasjon om korleis problemavfall skal avhendast.

Kontaktperson for avfall på institutt/avdeling kan svara på spørsmål vedrørande problemavfall.

Problemavfallet går til forbrenning i Rådalen.

Emballering

Til problemavfall skal gule plastbehaldarar med lokk nyttast. Når behaldaren er full skal lokket trykkast godt på og behaldaren skal no vere heilt tett. Behaldaren må ikkje fyllast meir opp enn at den enkelt kan løftast.
Kanyleboksane og/eller plastflaskene med stikkande og skjerande avfall skal plasserast rett i plastbehaldarane.

Kanyleboksar og gule plastbehaldarar til emballering av problemavfall finn ein på romma for mellombels lagring av farleg avfall og problemavfall.

Dersom det er lite eller tomt for emballasje ta kontakt med kontaktperson for avfall ved ditt institutt/enhet.

Merking

De gule avfallsbeholderne trenger ikke merkes. 

 

Mellombels lagring/hentestadar

Brukar set dei lukka og merka plastbehaldarane på tilvist stad for problemavfall på romma for farleg avfall og problemavfall.

Hentestader for farleg avfall og problemavfall ved UiB:

  • Det nye odontologibygget, Årstadveien 19, avfallsrom ved varemottak.
  • BB-bygget: Bossrom i 1.etg.
  • BB-bygget: Dyrestall 7.etg. syd.
  • Fellesbygget, Årstadveien 21: bossrom, innkjøring fra Alrek
  • Thormøhlens gate 55 (HIB): bossrom, inngang fra kaisiden
  • Thormøhlens gate 53 B
  • Realfagbygget: spesialrom i kjelleretasjen
  • Møllendalsveien 61 (KMD)

Dersom bygget ikkje har kjøle-/fryserom for problemavfall, skal avfallet der det er naudsynt lagrast på slike rom på instituttet/avdelinga til hentedagen, for så å settast ned på hentestaden for problemavfall innan kl. 10.00 hentedagen.

Dersom det minkar på kanyleboksar, gule plastbehaldarar og merkelappar til problemavfall skal melding om dette gis til kontaktperson for avfall ved institutt/enhet.

Kva er problemavfall?

Stikkande og skjerande

Kanylar, skalpellar, knivblad, barberblad, knust glas og anna stikkande/skjerande avfall som er av metall eller glas.
Sprøytespissar og skalpellblad skal samlast på kanyleboksar eller andre egna plastflasker. Kanyleboksane finn ein i avfallsromma for mellombels lagring av farleg og problemavfall.

Patologisk/biologisk

Dyr, smittefarlege delar av dyr eller større mengder vev frå dyr. Avfall frå operasjonar og anna patologisk avfall som det av estetiske omsyn ikkje er ønskeleg å kunna identifisera i restavfall. Dyra eller delane av dyra må ikkje vera større enn at dei får plass i plastbehaldaren, i tillegg må plastbehaldaren ikkje verte for tung.

Gelar

Agarosegelar eller polymeriserte acrylamid-gelar.

Cytostatika

Alt avfall frå utblanding av cytostatika. Avfall frå infusjon eller injeksjon, nytta hanskar, papir osb. Det vil seia alt avfall ein får i samband med bruk av cytostatika er problemavfall. NB! Cytostatikaet sjølv er farleg avfall (kjemikalieavfall).

Smitteavfall

Avfall som inneheld sjukdomsframkallande mikroorganismar eller deira toksin:

  • avfall som er direkte forureina med sekret, puss osb frå menneske eller dyr med alvorlege infeksjonar
  • stikkande eller skjerande avfall (sjå over) med blod, puss eller vevsrestar
  • vevsbitar, organ, blod, blodprodukt og blodige bandasjar
  • avfall frå luftsmitteisolat.

Tomme kjemikalieflasker av glass, plast og medisinglass

Tomme kjemikalieflasker av glass og medisinglass må ikke avhendes som forbruksavfall, og tomme kjemikalieflasker av plast må ikke sorteres som plastavfall. De skal sendes til forbrenning. Dersom kjemikalieflasker av glass knuses, kan det være kjemikalierester tilbake som kan gjøre stor skade hvis man skjærer seg. Kjemikalieflasker med rester avhendes som farlig avfall.