Hjem
IT-avdelingen
Organisering av IT-avdelinga

Organisering av IT-avdelinga

IT-avdelinga er delt i tre seksjonar med grupper for produkt eller fagområde. På tvers av organisasjonener det også faglege koordineringsgrupper.

Organisasjonskart IT-avdelinga
Organisasjonskart for IT-avdelinga
Foto/ill.:
Jostein Haugervåg Mork

Hovedinnhold

IT-avdelinga ved UiB tilhøyrer sentraladministrasjonen. IT-direktør er er avdelingsdirektør for omlag hundre fast tilsette, femti deltidstilsette IT-assistentar og fire lærlingar.

Seksjonane ved IT-avdelinga:

  • Seksjon for digitale produkt og verksemdstenester er organisert i tre produktgrupper med ansvar for digitale tenester innan forsking, læringsmiljø og administrasjon/formidling. Seksjonsleiar er også underdirektør ved avdelinga.
  • Seksjon for IT fellestenester inkluderer førsteline IT-brukarstøtte og drift og vedlikehald av UiB sin IT-infrastruktur av nettverk, maskiner, programvare m.m.
  • Seksjon for strategi og verksemdstøtte har formelle styrings- og leiingsfunksjonar. Blant anna er IT-sikkerheit og administrasjonssjef tilknytta denne seksjonen, men desse er også representert i leiargruppa.

Informasjons- og kommunikasjonsteknologi og utdanningssektoren er i stadig utvikling. Dette krev ein dynamisk organisasjon, der strukturen kan bli justert med ujamne mellomrom. Gjeldande organisering gjeld frå mai 2021.