Hjem
Det juridiske fakultet
Opptak til MAJUR 2

Opptak til toårig master ved Det juridiske fakultet

UiB Juridisk fakultet
Foto/ill.:
UiB, Ingvild Festervoll Melien

Hovedinnhold

Universitetet i Bergen har eit toårig masterprogram i rettsvitskap som bachelorkandidatar i juss/rettsvitskap frå Universitetet i Innlandet, Universitetet i Agder,  Universitetet i Stavanger og Høgskolen i Molde kan søke på. Studieprogrammet har 35 studieplassar og oppstart kvar haust. 

Kven kan søke?

Faginnhaldet i bachelorgraden må oppfylle alle faglege krav i dei første tre studieåra i femårig masterprogram i rettsvitskap ved Det juridiske fakultet i Bergen. Søkarar frå andre lærestader enn INN, UiA, UiS og HiM må søke opptak til femårig masterprogram.

Korleis plassane er fordelt mellom dei ulike lærestadene, kan du lese i Studieplanen under Opptakskrav.

Søkarar konkurrerer om studieplassane i opptaksgruppa dei høyrer til.

Opptaket hausten 2025 ga desse poenggrensene (sjå opptaksreglement for forholdet mellom tala her og bokstavkarakterar):

  • INN: 3.32

  • UiA: 3.53

  • UiS: 3.6

  • HiM: ikkje kvote i dette opptaket

For å vere kvalifisert for opptaket må søkar ha eit karaktersnitt på C eller betre i emna som inngår i opptaksgrunnlaget. 

Søkarane vert rangert på grunnlag av gjennomsnittskarakten frå dei juridiske emna med karakter som inngår i bachelorgraden.
Karakteren i ex.phil. og ex.fac. vert ikkje tatt med i utrekninga av gjennomsnittskarakteren. 

På nettsidane om opptak til toårige masterprogram ved UiB finn du  utfyllande informasjon om korleis gjennomsnittskarakteren vert rekna ut.

NB! Søkjarar som har takka ja til studieplass på toårig masterprogram i rettsvitskap ved UiB, og som takkar ja til studieplass gjennom Samordna Opptak til femårig masterprogram i rettsvitskap ved UiB same år, må seie frå seg studieplassen til eit av programma.

Kva er nødvendig dokumentasjon?

Sjå kva som er nødvendig dokumentasjon på desse sidene

Tidlegare poenggrenser

2025:

  • INN: 3.32

  • UiA: 3.53

  • UiS: 3.6

  • HiM: ikkje kvote i dette opptaket

2024:

  • ​​​​​INN: 4,08

  • UiA: 3,30

  • UiS: 4,03

Tilknyttet innhold